Paradis bru er på plass

Snart skal sko trippe og sykkelhjul trille trygt over bybanesporet og Nesttunveien.

Bilder viser en gangbro fra siden. Broen er blå og grå og blir kjørt på et kjøretøy med et rødt  førarhus. Brua svinger seg utfor vegen.
PÅ VEG: Paradis bru på veg gjennom Statsminister Michelsens veg. Foto: Screen Story for Vestland fylkeskommune

Klokka 03 natt til torsdag blei gang- og sykkelbrua heisa på plass. Brua er 42 meter, 47 tonn og sju meter brei, sånn at det er plass til både gåande og syklande i kvart sitt felt. Seinare i haust får folk på Paradis i Bergen ein tryggare måte å komme seg over vegen og bybanesporet på.

En grå og blå gangbro blir fraktet gjennom gaten på Paradis i Bergen. Den passerer et leilighetskompleks som er grått.
SNART FREMME: Paradis bru skal krysse bybanesporet på Paradis og Nesttunveien. Foto: Screen Story for Vestland fylkeskommune

Brua er ganske unik i verdsamanheng. Ei slik bru har aldri vore laga før. Det er mange grunnar til at valet falt på akkurat denne brua. Ho er laga i kompositt og er eit miljøvenneleg og sterkt materiale. Akkurat det kan du lese meir om i faktaboksen under. 

Bru under bru

Før brua blei løfta på plass på Paradis reiste brua med eit skip til Bergen frå fabrikken i Arendal. Brua seilte vidare frå hamna i Bergen til innerst i Nordåsvatnet ved Fjøsanger på ein enda mindre bilferje. Brua var heldigvis godt stroppa fast, for ho stakk utanfor ripa på bilferja.

Ei grå og blå bru blir frakta på ei bilferje gjennom ei bru som kan opnast. Det er smalt på begge sider. Ferja er oransje.
SMALT: Under Straume bru var det liten klaring. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Byggeleiar Håkon Tryti Nilssen har rekna og simulert. Ferja under Straume bru har liten klaring, men det skal gå. Ferjemannskapet har ikkje mykje å gå på, men dei lirkar seg igjennom. Når ferja og brua er igjennom er det til applaus frå skodelystne.

Ein time

No er brua på plass. Den snirkla seg gjennom Statsminister Michelsens veg og opp til Nesttunveien. Busker har blitt kutta og brua er heva for å komme over ein mur. I løpet av ein time blei brua heist på plass natt til torsdag. Framleis er det litt arbeid igjen før ho er trygg å bruke. Lys og rekkverk skal monterast.

Bildet er tatt på natta og viser Paradis bru bli heisa på plass over bybanespor og Nesttunveien.
PÅ PLASS: Paradis bru blei heisa på plass i løpet av ein time på natta. Foto: Screen Story for Vestland fylkeskommune

Tryggleik viktig

Produksjonen har tatt to månadar lenger enn planlagt. Produsenten CSUB lagar vanlegvis installasjonar til offshoreindustrien, men no har det laga Paradis bru.

— Dei har vore veldig nøye. Ho har aldri vore laga før, så fokuset har vore på kvalitet og kontroll. Ting har tatt tid fordi dei ikkje vil gjere feil. Elementa blei ganske store etter kvart, så tryggleik har vore viktig, seier Tryti Nilssen.

Med seg på laget har Vestland fylkeskommune hatt Multiconsult og nederlandske HaskoningDHV som byggherrestøtte. Totalentrceprenør Costo AS har FiRrCo AS som prosjekterende, produsent CSUB AS og transportør Royal transport.

Brua er ein del av Miljøløftet som er eit samarbeid mellom stat, fylke og kommunar. Det skal bli enklare og tryggare å gå og sykle, vegane skal vere trygge og byrom skal vere trivilige og grønne. 


Fakta

Brua har lang levetid og er enkel å vedlikehalde. Det vil seie at fylkeskommunen brukar mindre pengar på vedlikehald enn på andre bruer.

Mikroplast: Det er ikkje fare for mikroplast frå brua. Glass- og karbonfiber er mykje brukt i båt/skip og i offshorebransjen, og alt viser til at dette har godt holdbarheit. Til dømes er ei samanlikning at det vil komme meir mikroplast av sykkeldekka som syklar på brua, en av sjølve brua.

Miljøavtrykk: Vi har ikkje rekna på miljøavtrykk for brua spesifikt, men erfaring frå tilsvarande prosjekt viser at kompositt-konstruksjonar er det mest miljøvenlege alternativet, samanlikna med betong og stål.  

Design: Da konseptet blei utarbeida, under Statens vegvesen, var fokuset byggbarheit. Utforminga gjer det enklare å bygge brua, og gjer det mogeleg å transportere brua i en hel del frå fabrikk, noko som er arbeidsbesparande.
Alternativet hadde vore å montere brua på Paradis, noko som ville ha ført til lenger stenging av vegen. Fagverksbruer som dette, som ein tradisjonelt ser på jernbane, har generelt lik utforming.