Spektakulære Sognefjellsvegen opnar
Nord-Europas høgste fjellovergang, fv. 55 over Sognefjellet, opnar for trafikk fredag 26. april kl. 12. – Hugs nattestenging og vinterdekk, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør i Vestland.

Vestland fylkeskommune opnar fjellovergangen Sognefjellet ei lita veke før kontraktsfesta dato som er 1. mai. Det blir nattestengt frå kl. 20-08 dei første to vekene, og vinterdekk er anbefalt.
Stor interesse for opning
– Vi har hatt vêret med oss og stått på litt ekstra for å få opna til helga då det har vore stor interesse blant publikum for å nytte Sognefjellsvegen, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Det er 36 km. veg som no er brøyta ferdig etter vinterstenging, delt mellom Vestland og Innlandet fylke. Fylkesvegen opnar for store og spektakulære utfartsområde både på aust- og vestsida og er eit populært og alpint skiområde. Strekninga over fjellet frå Gaupne til Lom er også Nasjonal turistveg.
Hugs nattestenging
– Det er eit fantastisk turområde med tilgang til toppar som Fanaråken og Store Skagastølstind på 2405 m.o.h. Men folk må hugse at dette er høgfjell med skiftande vêr, og komme seg ned att før nattestenging kl. 20 dei første vekene! seier Lefdal.
Høgste punktet på vegen er 1428 m.o.h. og vêrforholda kan bli vanskelege, fjellovergangen kan bli stengt på kort varsel ved uvêr. Det kan komme noko snø og is i vegbana, og vinterdekk er tilrådd for trafikktryggleiken.

Normale snømengder
Det er strekninga frå Turtagrø i vest til Leireliet i Bøverdalen som no er ferdigbrøyta. Frå austsida vart vegen opna opp til Sognefjellshytta til påske, og no kan heile fjellet nyttast. Brøytekantane kan bli opp til 14 meter høge her, i år var dei 5 meter på det meste.
– Det har vore ein normalvinter på Sognefjellet med tanke på snømengde. Det vart eit lag med mykje laus snø etter kulden i januar med eit lag svært hard snø oppå som gav litt utfordringar med snøfresinga, men vi er glade for å kunne opne til 26. april, seier Lefdal.
Fv. 55 Sognefjellsvegen
- Opnar for trafikk fredag 26. april kl. 12.
- Nattestengt dei første to vekene kl. 20.00-08.00 mellom Huldehaug og Rustadsæter.
- Vinterdekk er tilrådd.
- Fylkesvegen kan bli stengt på kort varsel ved uvêr.
- For trafikkmeldingar sjå 175.no/Vegtrafikksentralen.