Ny praktskule opna på Askøy
– Vi er glad, stolt og begeistra. Dette er ein fantastisk skule, seier fylkesordførar Jon Askeland. 29. august opna han den flunkande nye Askøy vidaregåande skule.
Etter ein byggeperiode på tre år står den nye praktskulen klar til bruk. Eit nybygg på 14 000 kvadratmeter og eit rehabilitert teoribygg i den gamle skulen på 4 500 kvadratmeter utgjer den nye skulen. Elevtalet aukar frå i underkant av 500 til 720. Men inntil 1020 elevar kan få plass. 775 millionar kroner har Vestland fylkeskommune brukt.
Rører oss
– Å innvie nye skulebygg er noko av det som rører oss mest. Dette er noko av det største vi får oppleve og vere del av. Det er det aller mest framtidsretta vi kan drive med. Og det har mykje å seie for Askøy og dei som bur her. No startar eit nytt kapittel for Askøy. Det er stort for meg å vere med her i dag, seier Askeland.
Skulen er bygd på Myrane der også kommunen er sterkt inne med både ungdomskule, barnehage og idrettsanlegg.
Sterkt og kompakt kunnskapsmiljø
– Det som finst her, er det sterkaste og mest kompakte kunnskapsmiljøet vi har i heile fylket. Det er ein gigantisk kunnskapsarena vi har skapt. Den nye skulen er det beste vi kan bygge i heile verda, og vi har råd til å bygge slike hus. Og den er verd kvar ein krone den kosta å bygge. Dette er det største fylkeskommunale løftet på Askøy sidan Askøybrua. No kan Askøy sjå trygt framover, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Kombinasjonsbruk
Den nye skulen er bygt i samarbeid med Askøy kommune, som har fått kultursal og lokale til vaksenopplæringa. I tillegg bygger kommunen ein stor idrettshall like ved, med to handballsalar, to symjehallar og ein klatrevegg. Den skal stå ferdig våren 2026.
– Vi er kjempenøgde med skulen og kultursalen. Kombinasjonsbruken er viktig for oss. Det er flotte læringsareal for ungdommane og flotte arbeidsforhold for dei som jobbar her. Eg trur det blir meir attraktivt for askøyungdommen å få utdanning her. Vi kan kanskje lokke ungdom frå byen til å gå her. Det er målet, seier ordførar Yngve Fosse på Askøy.
Asken Yggdrasil
Under opninga planta fylkesordføraren eit tre på skuletunet.
– Dette er ein ask. Den var heilt spesiell i norrøn mytologi. Greinene spreidde seg over heile himmelen og røtene vaks rundt heile jorda. Dette treet, Yggdrasil, skal ta vare på alle på skulen. Greinene skal strekke seg så langt at dei som er på skulen, skal nå draumane sine, seier Askeland.
Under opningsseremonien inne underheldt Berlyn Lux Kleppestø-Alfredsen med song. Ho er elev ved skulen og vann talentkonkurransen på Askøy. Ho vart akkompagnert på gitar av Andreas Hammersvik, som jobbar på skulen.
Eit anna musikalsk innslag var med Bjørn Tore Bystrøm som spela komposisjonen Kantslått på gitar. Han jobbar i Askøy kommune.
Heilt perfekt
Elevane er svært nøgde med den nye skulen.
– Det er ein fin skule. Den er betre enn før. Og miljøet er veldig bra. Vi er 15 elevar i klassen, og det er heilt perfekt, seier Joachim Thormundsen, Leon Mjøs, Nicholas Gundegjerde, Emeline Heggøy, Hedda Langsæter, og Jon Andre Sture. Dei går på vg2 industriteknologi og har framtidsplanane klare.
– Vi skal offshore, ut i Nordsjøen!
Ønskjer idrettslinje
Oddvar Skråmestø hadde siste dag som rektor denne opningsdagen.
– Vi har eit ønskje. Det er å få idrettslinje. Det står høgt på ønskelista. Idrettsrådet på Askøy og det samordna idrettsmiljøet vil ha idrettslinje. Dette skal bli ei allidrettslinje som ikkje er spesialisert på fotball eller anna. Men dei som går på linja, kan vere aktive for idrettslaget sitt, slik at dei ikkje sluttar, men skal kunne halde fram. Ei slik linje kan trekke dei litt eldre elevane tilbake til barne- og ungdomsidretten, og befeste Askøy vidaregåande skule sin plass i sitt eiga lokalsamfunn, seier rektor Oddvar Skråmestø.
Tatt varmt imot
Ny rektor på Askøy vidaregåande skule er Geir Jakobsen. Han kjem frå Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule.
– Det er fantastisk å kome her og overta denne utruleg flotte skulen. Dette er ein mykje større og nyare skule enn den eg kjem frå. Eg er imponert over kor fint og flott det er her. Vi har veldig godt og fint personale. Eg er blitt varmt og godt mottatt og ser fram til å jobbe her. Ei utfordring blir å stoppe elevflukta til Bergen, seier rektor Geir Jakobsen.
Ny start
Direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, Bjørn Lyngedal, er stolt.
– Det er utruleg kjekt å få vere med her i dag. Det er ikkje kvar dag og ikkje kvart år vi opnar nye skular. Den gamle hadde sin tradisjon. Dette er noko heilt nytt. Det er ein ny start for skulen. Askøy har fått ein av dei finaste skulebygningane vi har, seier Bjørn Lyngedal.
Alle er greie
Leah Sørensen Villanger går vg1 på helse og oppvekstfag, mens Linnea Ådlandsvik Johnsen går vg1 på studiespesialisering.
– Vi likar oss her. Det er ein veldig grei og fin skule. Vi er veldig nøgde. Både elevar og lærarar er greie, seier Leah Sørensen Villanger og Linnea Ådlandsvik Johnsen.
Fine arbeidsplassar
På elektroavdelinga er Sarah Rottman i ferd med å montere eit elektroskap. Ho går på vg2
– Eg likar godt å vere på verkstaden. Det er det gøyaste på skulen. Vi har fått mykje nytt utstyr, fine arbeidsplassar og større skule. Eg likar meg her, seier Sarah Rottman.
På fysikkrommet underviser Tore Hovland.
– Det er kjempemoro å vere her. Alt er nytt. Det er enklare å få ting bra til når vi har mykje nytt verktøy. Det er blitt enklare å ha god undervising i nytt klasserom for fysikk og naturfag, seier fysikklærar Tore Hovland.
Dei fleste på Askøy vil gå her
I eit grupperom på helse- og oppvekst jobbar tre elevar saman.
– Dette er ein veldig bra skule. Vi har godt miljø og fine folk å vere med. Kantina er fin. Vi får god mat og panini-brød. Askøy har den beste skulen. Dei fleste unge her vil gå på Askøy vgs. Den ligg perfekt til. Det har mykje å seie at skulen er ny. Det er fint, men vi bryr oss mest om dei som er her, seier Ingrid Kilhus, Xiomara Gutlerrez og Mille Marie Helgesen Haugland.
Siste nye på marknaden
Avdelingsleiar Åse Stensland viser rundt på helse og oppvekstfag. Mellom anna har dei eige undervisingsrom for velferdsteknologi.
– Vi må ha oversikt over det siste, nye utstyret som er på marknaden innan velferdsteknologi, slik at vi kan informere brukarar og pårørande. Dei kan kome hit og få demonstrasjon av utstyret, seier Åse Stensland. Ho har og stilling på høgskulen og knyt dei to skulane saman
Meistringsverkstad
Petter Tønjum er avdelingsleiar for tilrettelagt opplæring.
– Vi har 16 elevar inndelt i to grupper. Dei får arbeidstrening på helse og oppvekst og på bygg og anlegg. Vi har mellom anna ein meistringsverkstad med tresløyd og trearbeid. Vi har og stort kjøken og vaskeri. Og for dei elevane som har behov for det, har vi eige rom for sansestimulering og avspenning. Det er heilt nytt, seier Petter Tønjum.
Underviste i garasje
Heidi Willesvik er avdelingsleiar på TIF og Bygg og anlegg.
– Eg er storfornøgd. Vi har fått ein veldig fin skule. Dette er noko heilt anna enn den gamle. VI har større vindusflater, høgt under taket og mykje luft og mykje lys. For 20 år sidan underviste eg i ein garasje. Dette er noko heilt anna.
Før kom elevane på traktor
Willesvik var lærar i 20 år og vart avdelingsleiar i fjor. Ho har merka endringane i skulen.
– Då eg byrja som lærar i Os, kom elevane på skulen på traktor og var vane med å skru og bygge ting heime med foreldra. I dag har dei ikkje den erfaringa. No må vi starte heilt frå starten. Mange er litt skeptisk til ting dei ikkje har jobba med før. Men ungdommen her er veldig fin. Dei som ikkje likar ungdommar må komme her, seier Heidi Willesvik.
Starta i tyskarbrakkar i Bakarvågen
To tidlegare rektorar på Askøy vidaregåande skule deltok på opninga.
– Det er ein fantastisk ny skule. Det er nesten ikkje til å tru. Eg byrja på skulen i 1968 med tyskarbrakkar i Bakarvågen, med fem lærarar og 60 elevar. Det har vore ei enorm utvikling frå den tida: Frå 60 til 720 elevar og frå tyskarbrakkar til dette. Det er lett å bli imponert, seier John Ivar Solvik som var rektor frå 1987 til 2005. Han hadde vore nesten 40 år ved skulen då han gjekk av.
Men starten på skulen var alt i 1965 i Bakarvågen. Det var ei avdeling av Norheimsund yrkesskule. Denne filialen starta med 28 elevar på yrkesfag. I 1977 kom studiespesialisering på Myrane og på 1990-talet vart heile skulen samla der.
Overveldande
Sigrid Hiller var rektor i sju år frå 2010 til 2017.
– Skulen er fantastisk og overveldande. Det er ikkje anna å seie. Men det eg synest er aller mest flott og set pris på, er at gamlebygget er rehabilitert. Vi har fått eit nytt bygg, samstundes som det gamle er ivaretatt, seier tidlegare rektor Sigrid Hiller.
Den beste i regionen
Kultursjef på Askøy, Marius Fevang Thorstensen, er glad for sambruket mellom skule og kultursal.
– Vi har fått eit fantastisk hus og ein utruleg bra skule. Denne typen kultursal er den beste i sitt slag i regionen. Vi starta planlegginga i 2016 i samarbeid med fylkeskommunen, først auditorium, så vart det kultursal. Dette er den einaste i sitt slag her på øya. Vi håpar at salen blir brukt veldig mykje, seier kultursjef Marius Fevang Thorstensen.
Vi har venta lenge
Geir Storrø er leiar av Amatørkulturrådet Askøy og også Vestland kulturråd. Han er stolt over kor populær kultursalen er blitt.
– Vi opna 10. mars. Fram til midten av juni har vi hatt 70 arrangement i salen, med eit publikum på 10 000 og 500 på scena, seier Storrø som jobbar for at det frivillige kulturlivet skal få gode vilkår.
– Vi har venta lenge på dette. Vi hadde første møte med Askøy kommune i 1997. Vi er svært nøgde med kultursalen, at vi har fått eit Steinway flygel, modell C, det nest største, til 1,8 millionar kroner, eige temperert romt til det og rom til stor slagverksrigg for musikkorpsa. Men vi skal framleis jobbe for å få på plass eit kulturhus.
Må erstatte parkering med kulturhus
Geir Storrø meiner kulturhuset må byggast på Kleppestø.
– Eg plar seie at vi har ein stor parkeringsplass sentralt på Kleppestø der bilane har flott utsikt. Denne store parkeringsplassen må bli brukt til noko fornuftig. Bilane må bli flytte inn i fjellet, slik at vi får utvikle Kleppestø både for næring, bustad og kultur, seier Geir Storrø, leiar av Amatørkulturrådet Askøy.