NordicNeuroLab får prisen Årets villsau 2024
Internasjonaliseringsprisen Villsauen går i år til helsetek-selskapet Nordic NeuroLab. – Dette er stort, og det motiverer oss til vidare innsats. Tusen takk, sa CEO Thomas Lie Omdahl, som tok imot prisen på vegner av selskapet.
Villsauen er sterk, uthaldande og nøysam. Difor er han vald som symbol for internasjonaliseringsprisen, som blir delt ut av Bergen Næringsråd og Vestland fylkeskommune.
Juryen vektlegg for 22. året på rad at bedrifter som får prisen skal ha dei same eigenskapane som villsauen. Det er definitivt tilfellet for vinnaren i år.
Ei føregangsbedrift
– Villsauen 2024 utmerker seg som ei føregangsbedrift innan norsk helseteknologi, gjennom sitt imponerande internasjonale gjennombrot og innovative bidrag til medisinsk utstyr for bruk i MR-rommet, seier fylkesordførar Jon Askeland, som var med og delte ut prisen.
Med sterk forankring i forskingsmiljøet, og tett samarbeid med aktørar som Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus, har selskapet utvikla og kommersialisert avansert teknologi på verdsmarknaden. I dag leverer verksemda til kundar på tvers av tre kontinent, med installasjonar ved nesten 1900 sjukehus og universitet i over 70 land.
Leiande aktør i bransjen
Juryen vektlegg det beundringsverdige i at norsk helseteknologi, sjølv om det her i Noreg er ein marknad med lite kommersielt fokus, har klart å oppnå stor suksess internasjonalt.
Med ein eksportdel på heile 98 prosent og eit vedvarande nærvær i sentrale internasjonale marknader, særleg gjennom samarbeid med dei globale produsentane som Siemens og Philips, har selskapet styrkt posisjonen sin som ein leiande aktør i bransjen.
– Slik viser dei at norske aktørar kan hevde seg i den internasjonale helseteknologimarknaden – ein marknad som globalt sett er større enn olje og gass. Juryen applauderer også dei sterke samarbeida deira med akademia og helsevesenet, som gir eit solid fundament for vidare vekst og innovasjon innan helseteknologi frå Vestlandet, seier Monica Mæland, jurymedlem og administrerande direktør i Bergen Næringsråd.