Nesten 8,5 millionar kroner til kunst- og kulturfeltet i fylket

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering har fordelt 6 650 000 millionar kroner i årets tildeling i kulturelt utviklingsprogram. I tillegg fordelte hovudutvalet over 1,8 millionar til prosjekt og tiltak i både det frivillige og profesjonelle kunst- og kulturlivet.

Gruppe menneske på Bryggen i Bergen.
HOVUDUTVALET: Hovudutval for kultur, idrett og inkludering var på fleire synfaringar og besøk hjå ulike aktørar på Bryggen då dei hadde møte i Bergen 18. november. (Foto: David Sandved/Vestland fylkeskommune)

– Kulturelt utviklingsprogram er eit svært viktig verktøy for Vestland fylkeskommune. Gjennom denne ordninga kan vi støtte nyskapande og målretta prosjekt som er initierte av kulturlivet sjølv, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

– Oppfyller viktige kultursatsingar i fylket

Til saman 21 prosjekt får støtte gjennom kulturelt utviklingsprogram i år. Storleiken på tilskota varierer frå 100 000 kr til 700 000 kr.

– Det er både fagleg og kunstnarleg breidde i dei prosjekta som no får støtte, og dei bidreg på ulikt vis til å oppfylle viktige kultursatsingar i fylket. Dei byggjer alle opp under hovudmålet i den regionale kulturplanen om at alle skal kunne delta, oppleve og skape, seier Nødseth.

Desse får tilskot gjennom kulturelt utviklingsprogram i år

Søkjar Prosjektnamn Tilskotssum
Bergen Spectrum Orchestra Bergen Spectrum Orchestra - regional hub for frilansmusikere 100 000 kr
Fossestiftinga Prosjektleiar til Fossestiftinga 500 000 kr
Hardingpuls Strategisk utvikling for kunstnarorganisasjonen Harding Puls 100 000 kr
Kioskenstudio Kiosken - Hardanger 2025–2026 400 000 kr
Makalaus Produksjonar Tilrettelagt scenekunst for barn 150 000 kr
Northing AS Northing utviklingsplan 2025 150 000 kr
Nynorskhuset AS Utvikling av Nynorshuset i Førde 425 000 kr
Pamflett Vestland / Art Book Fair (V/ABF) 150 000 kr
Preform AS Fjaler - der kunsten møte bygda 150 000 kr
Region Nordhordland IKS Forprosjektet UNESCO-ruta i
Vestland
150 000 kr
Robin Everett NIMBLE WEAVERS 400 000 kr
Stiftelsen Bergen internasjonale teater Tilgjengelighetsløftet: Regionalt Samarbeid og Utvikling 550 000 kr
Stiftelsen Bymuseet i Bergen Forretningsmodell og aktivitetsinnhold for bygningsvernssenter i Gamle Bergen Museum 150 000 kr
Stiftelsen Svanøy Hus Kulturarena Svanøy 600 000 kr
Stiftinga Hardanger og Voss museum Vidareføring av prosjekt "Nasjonalt frukt- og sidersenter" i Hardanger, 2024–2025 200 000 kr
Sunnfjord kulturråd Jølstrahuset - rom for skapande arbeid 150 000 kr
Sykehuset i Vestfold HF Generasjon - mer enn en festival 700 000 kr
Syv mil AS SHIFTIT - Sirkulær kulturproduksjon på
Vestlandet
400 000 kr
Teater Vestland AS  Nynorsk scenespråksenter 625 000 kr
Tekstallmenningen AS Forprosjekt - Redaksjonsmøtet for unge
stemmer i Fjaler og Odda
150 000 kr
Ulvik herad Kunsten å gå, kunsten å sjå – Catharine Hermine Kølle, ei eineståande kvinne som våga sin eigen veg 450 000 kr
Sum   6 650 000 kr


Prosjekt og tiltak i kulturlivet

Hovudutvalet fordelte i same møte også tilskot til prosjekt og tiltak i det frivillige og det profesjonelle kunst- og kulturlivet. Desse tilskota blir delte ut to gonger i året, haust og vår. I denne runden gjekk 584 000 kr til det frivillige kulturlivet og 1 265 500 kr til det profesjonelle. Summane varierer frå 10 000 kr til 80 000 kr.

Desse prosjekta og tiltaka i det frivillige kulturlivet får støtte i denne runden

  • AKKS Bergen får 35 000 kr til UFLAKKS 2025
  • AKKS Bergen får 40 000 kr til Eggstockfestivalen 2025
  • Bergen filharmoniske ungdomsorkester får 40 000 kr til konsert i Gloppen
  • Bergen ungdomslag Ervingen får 50 000 kr til fordjuping i folkemusikk og folkedans, ungdom
  • Fiolinakademiet får 20 000 kr til fiolinfest og vårseminar
  • Gestapomuseets forening får 35 000 kr til Livet som ung soldat
  • Grendahuset Ljosheim får 25 000 kr til historisk utstilling og digitalt museum i eitt av Noregs eldste ungdomshus
  • Hordaland ungdomslag får 50 000 kr til Folkepedia Hordaland
  • LEVEN - Nordhordland rockeklubb får 20 000 kr til Leven Ung- og Ungdoms arrangørgruppe Nordhordland
  • Nordhordland spel- og dansarlag får 25 000 kr til juniorsaming 2024
  • Orkesteret Fossegrimen får 34 000 kr til vårkonsert med Fossegrimen og Sofork orkestrene og solistar
  • Røldalsspelet får 50 000 kr til Røldalsspelet
  • Sogn og Fjordane folkemusikklag får 20 000 kr til TØFT 2025
  • Sogn og Fjordane folkemusikklag får 30 000 kr til UngLåt 2025
  • Unikultur får 40 000 kr til Unikultur - eit digitalt fellesskap for kreativ ungdom
  • Vestland innvandrerråd får 40 000 kr til Migrasjonskonferansen 2024
  • Vestland kulturråd får 30 000 kr til Oppstart av Vestland kulturråd

Desse prosjekta og tiltaka i det profesjonlle kunst- og kulturlivet får støtte i denne runden

  • Antikk Musikk får 10 000 kr til Antikk Musikk våren 2025
  • Balmusette ans får 20 000 kr til Musikk som lever i hjertet
  • Bergen Big Band får 40 000 kr til samarbeidsprosjekt Bergen Big Band & Florø Storband
  • Bergen internasjonale filmfestival as får 60 000 kr til regionalt kompetansesenter: Distribusjon av dokumentarfilm til kinoar på Vestlandet
  • Bergen jazzforum får 25 000 til Bajazzfestivalen 2024
  • Borealis får 50 000 kr til Borealis Ung Komponist turné
  • Brak får 25 000 kr til Fjaler Sogns 2025
  • Canta får 40 000 kr til CANTA, haustne 2024
  • Dag Øivind rebnord får 20 000 kr til Enigmatic Forest - Gåtefull Skog - konsertforestillingar 24/25
  • Dans uten grenser as får 50 000 kr til Ein dansedraum
  • Eventyr i parken får 50 000 kr til Skogsprinsessa
  • Festival danserom as 70 000 kr til Festival DanseRom 2025
  • Folkemusikklubben Columbi Egg får 50 000 kr til Folkemusikkklubben Columbi Egg 2025
  • Førde internasjonale folkemusikkfestival får 80 000 kr til VestaFolk 2025
  • Gitarekspressen får 15 000 kr til Klassisk gitar i verdensklasse
  • Grafiker Jan Henning Larsen får 30 000 kr til Katalog
  • Historikarverksemda sa får 20 000 kr til Grindbygg - ei kulturhistorisk oppdagingsferd
  • Jungelen as får 40 000 kr til Jungelfest 2025
  • Kjetil Høidal får 20 000 kr til Min(e)d the Fjord
  • Kunstnarhuset messen får 30 000 kr til Messen Kunstpark - mellom fjell, fjord og draumar
  • Luttprisen får 50 000 kr til Luttprisen 2025
  • Marit Loe Bjørnstad får 40 000 kr til Føniks
  • Ose kammerspel får 25 000 kr til Ose Kammerspel 2025
  • Piksel produksjoner ltd får 50 000 kr til Piksel Festival 2024
  • Piksel produksjoner ltd får 18 500 kr til Piksel24 - MEDIA()MESS
  • Piksel produksjoner ltd får 17 000 kr til Piksel24 - Ohanda.one
  • Sensemble får 60 000 kr til "Frå Paus til Strauss", prosjekt med SENsemble/Bergen Kammerorkester
  • Sonorom får 30 000 kr til Debutturné SONOROM
  • Stiftelsen Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur får 30 000 kr til Litfest Ung: Kritikk- og samtaleleiingskurs for skuleelevar
  • Stiftelsen Vestnorsk jazzsenter får 50 000 kr til BIG BAND BASH
  • Stiftinga Musikkbransjetreffet 100 dagar får 60 000 kr til 100 Dagar 2025
  • Sunde kyst- og litteratursenter får 50 000 kr til offisiell opning av Sunde kyst- og litteratursenter
  • Vokalensemblet tabula rasa får 40 000 kr til Snøroser - en ny kapitel