Myklebustskipet kan kome på norsk «venteliste» for verdsarv

Vikingskipet på Nordfjordeid, Noregs kanskje største vikingskip, kan bli Vestland si neste oppføring på verdsarvlista til Unesco.

Arkeologiske utgravingar, blant anna med folk i vikingklede.
OPNA SJAKTA FRÅ 1874: Myklebusthaugen er no opna for første gong sidan 1874. Utgravingane følgde den opphavlege sjakta frå den gong, og det vil ikkje bli gravd ut meir i haugen. Målet var å finne ut kor stor del av haugen som er gravd ut, og å undersøkje om det framleis ligg restar etter vikingskip der. (Foto: Birgit Tansøy/Vestland fylkeskommune)

Førre veke vart det gjort arkeologiske undersøkingar på Myklebusthaugen. Undersøkinga er del av ei større kartlegging av norsk kulturarv frå vikingtida, og målet er ein plass på den norske «ventelista» for verdsarv. Myklebusthaugen på Nordfjordeid er ein av sju skipsgravhaugar som inngår i kartlegginga av kulturminne frå vikingtida.   

Torsdag 17. oktober var Riksantikvaren på plass på Nordfjordeid saman med arkeologar frå både Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger. Frå Vestland fylkeskommune deltok Kine Bratli Dale, som er nestleiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

– Overveldande

– At vi no får klarheit i kor stor del av gravhaugen som er intakt, og kor mykje som har vore grave ut tidlegare, sikrar ny kunnskap om dette heilt sentrale kulturminnet frå vikingtida. Fylkeskommunen har ansvar for å ta vare på den felles kulturarven vår. Det at vi no har ein gravhaug med vikingskipsrestar i den porteføljen er noko som vi skal vere stolte av og som er ganske overveldande. Vi ser fram til å følgje dette arbeidet vidare, både sjølve undersøkingane og prosessen inn mot Unesco, seier Dale.

Mann i utgravingssjakt forklarer ting for publikum.
Forskar Søren Diinhoff ved Universitetet i Bergen presenterte utgravinga for representantar frå Riksantikvaren, fylkeskommunen, Stad kommune, media og anna publikum. (Foto: Birgit Tansøy/Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommunen er regional kulturmiljømynde for kulturminne av nasjonal og regional verdi. Målet er å ta vare på kulturminna på best mogleg måte for ettertida, ved å sikre dei gjennom lokal og regional arealplanlegging, slik at dei kan vere grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling. 

Avgjerande med skipsrestar

Myklebusthaugen vart graven ut av arkeologen Anders Lorange i 1874 ved at han grov ei sjakt inn i haugen. Undersøkinga vart ikkje gjort etter dagens standard og metodikk, og det har difor vore uvisst nøyaktig kor brei sjakta var, og kor ho var i haugen.

– Det har vore avgjerande å få klarheit i dette før ein kan vurdere om Myklebusthaugen faktisk kunne verte ein kandidat til denne ventelista for verdsarven. For å vere kandidat til verdsarvlista er det viktig at gravhaugane faktisk inneheld skipsrestar, noko vi no veit at er tilfelle for Myklebusthaugen. Haugen er såleis ein verdig kandidat, seier Dale.

I undersøkinga vart det berre greve i massane som Lorange hadde deponert etter utgravinga i 1874. Her vart det funne ytterlegare 500 skipsnaglar, nokon av dei truleg med tre-restar.

Saman med dei rundt 600 skipsnaglane og 42 skjoldbulene som vart henta ut i 1874, stadfestar dette at Myklebustskipet var eit stort vikingskip. 

Menneske i vikingklede samla ved utgravingar.
Mange frå Myklebust rolag hadde kledd seg i vikingklede og var med då Myklebusthaugen vart opna. (Foto: Birgit Tansøy/Vestland fylkeskommune)

Flaskepost frå 1874

I tillegg vart det funne ein bronsering, fleire moglege skjoldbular og ein flaskepost Lorange hadde lagt att til ettertida.

– Det var veldig spesielt og utruleg stort å finne den flaskeposten. Eg har gjort mange fantastiske funn i karrieren min, men dette er nok den flottaste. Alle arkeologane her var oppglødde i mange timer etterpå. Det var ei fin oppleving å dele med gode kollegaer, fortel Morten Ramstad, seksjonssjef ved fornminneseksjonen ved Universitetet i Bergen.

Undersøkinga av Myklebusthaugen vart gjennomført stegvis. Først vart haugen og området rundt skanna med ein såkalla georadar, som syner forskjellar i undergrunnen. Skanninga gav ein indikasjon på ein forskjell i haugen som kunne vere sjakta frå utgravingane til Lorange. Då Universitetsmuseet i Bergen starta den fysiske undersøkinga, viste det seg at resultata frå georadaren stemnde. Dermed veit vi no at omtrent ein fjerdedel av haugen vart graven ut i 1874, noko som betyr at haugen då er 75 prosent intakt. 

Unikt skip

Myklebusthaugen er den mest unike av dei sju skipshaugane i prosjektet. Medan dei andre skipsgravene har ubrende skip i seg, så vart Myklebustskipet brend. Akkurat korleis det har gått føre seg veit vi ikkje, men det kan ha vore slik det er skildra i ei skriftleg kjelde frå omtrent same tid som Myklebustskipet vart brend:

Arabaren Ibn Fadlan på ei reiste gjennom dagens Russland i 921–22. Der møtte han norrøne handelsreisande som skulle gravleggje høvdingen, som nettopp hadde døyd. Gravleggingsritualet gjekk ut på å kle opp den døde og leggje han i eit rikt utsmykka skip, saman med både avliva dyr og ei trellkvinne, som vart drepen for å vere med herren sin i livet etter døden. Skipet vart så tent på, og det brende ifølgje Ibn Fadlan opp på berre ein time. Etter brannen vart det så reist ein stor haug til minne om høvdingen.

Ritualet med å markere det brende skipet i Myklebusthaugen må ha vore viktig på Nordfjordeid lenge etter vikingtida. Det har nemleg vore tradisjon for å brenne båtar på gravhaugane ved jonsok heilt fram til moderne tid.

Nærbilde av modell av vikingskip.
Den 30 meter lange modellen av Myklebustskipet er hovudattraksjonen i Sagastad. Skipet er også eit sjødyktig vikingskip med 24 årepar og er sertifisert for 90 personar om bord. (Foto: Birgit Tansøy/Vestland fylkeskommune)

Vidare prosess

Det er regjeringa som avgjer om vikingarven eventuelt skal oppførast på Norges tentative liste, og om Noreg skal gå vidare med forslaga der og starte ein nominasjonsprosess som grunnlag for behandling i Unesco. 

Dei andre skipsgravhaugane som no blir kartlagde er: Gjellestad i Østfold, Storhaug på Karmøy i Rogaland, Herlaugshaugen på Leka i Trøndelag, samt Oseberghaugen, Gokstadhaugen og Borrehaugene i Vestfold.

Vestland har i dag tre innskrivinga på verdsarvlista til Unesco: Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. Innskriving på verdsarvlista til Unesco er det høgaste internasjonale kvalitetsstempelet eit område kan få. Verdsarvlista har som mål å verne den uerstattelege kultur- og naturarven i verda. Noreg har totalt åtte stadar på verdsarvlista.