Markane IL og Nore Neset IL er årets idrettslag i Vestland
Prisane for årets idrettslag topp og breidde er delte ut for første gong.

– Med desse prisane ønskjer vi å stimulere til vidare satsing og til vidareutvikling av tilbod som finst i idrettslag rundt om i fylket. Og for nokre verdige prisvinnarar! Markane idrettslag i Stryn har fått fram fleire gode skiskyttarar som har utmerka seg på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Nore Neset idrettslag i Bjørnafjorden har jobba særleg med folkehelse og inkludering gjennom fleire spennande prosjekt. Gratulerer så mykje, begge to, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Markane IL får prisen årets idrettslag – topp, og Nore Neset IL får prisen årets idrettslag – breidde. Begge tok imot prisen frå fylkesordføraren under ei tilstelling på Vestlandshuset i Bergen 17. desember. Idrettslaga får 50 000 kr kvar.
Har skapt prestasjonsmiljø
Markane IL har gjennom systematisk arbeid gjennom fleire år, i samarbeid med andre aktørar, klart å skape eit prestasjonsmiljø som har fått fram fleire gode skiskyttarar. To av dei er skiskyttarbrørne Johannes og Tarjei Bø, som til saman har teke 78 OL- og VM-medaljar.
Men juryen for prisen legg særleg vekt på at idrettslaget i tillegg har 21-åringen Maren Hjelmeset Kirkeeide. Ho har utmerkt seg dei siste åra og er no ein del av elitelandslaget i skiskyting. I tillegg er det mange andre unge, lovande utøvarar som gjer det godt på nasjonalt nivå i noregscup og NM.
– Det syner at Markane ikkje kviler på verken laurbæra eller Bø-brørne, men framleis jobbar godt for å få fram nye skiskyttarar, vi håpar prisen kan vere til inspirasjon for vidare satsing, seier Askeland.
Folkehelse og inkludering
Nore Neset IL profilerer seg som eit breiddeidrettslag, som har som visjon å tilby idrettsglede og utfordringar for alle. Dei har også ein misjon som underbyggjer dette, nemleg Plass til alle.
Laget set folkehelse og inkludering i sentrum og har blant anna sett i gang prosjekta «Frå 0 til 100 i Nore Neset idrettslag», «Varig tilrettelagt arbeid i ordinær bedrift» og «Open folkehelsepark».
– Dette er eit svært aktivt idrettslag, som er eit godt førebilde for andre lag og organisasjonar i heile fylket, seier fylkesordføraren.