Landslovjubileet i Vestland med program for dei yngste

Teikneserieskapar Therese G. Eide kjem til utvalde bibliotek i Vestland, og Litteraturbåten Epos har alt kasta loss med ei førestilling om hemngjerrige kongar, mordariske forbrytarar, krigerske riddarar og han som prøvde å få litt meir orden på det heile: Magnus Lagabøte.

teikna teikning
FOR DEI YNGSTE: Teikneserieskapar Therese G. Eide vil teikne og fortelje om lova, kongen og tida han levde i. Teikninga er frå stemmerettsjubileet i 2014, og vi ser Magnus Lagabøte og ein som skriv ned Landslova. (Illustrasjon: Therese G. Eide)

I haust vert landslovjubileet markert i mange av biblioteka i Vestland
Både fag- og folkebibliotek har fått midlar frå fylkeskommunen til å lage program for fleire målgrupper.
Blant mykje spennande vil teikneserieskapar Therese G. Eide reise rundt med formidlingsprogrammet «Er det lov?», der ho vil teikne og fortelje om lova, kongen og tida han levde i. Eide er mest kjend frå teikneseriestripa «Intet nytt fra hjemmefronten», som er på trykk i fleire aviser. I «Er det lov?» vil ho trekkje linjene fram til tida vår i samtalar med barn om kva dei synest bør vere lov, eller ikkje. Hovudmålgruppe er barn frå seks til ni år, og programmet skal på turné både nord og sør i fylket, nærare bestemt til Øygarden, Sunnfjord (Sande og Naustdal), Stryn, Stord, Stad, Florø og Sveio. Tidspunkt finn du i kalenderen til landslovjubileet i Vestland

foto av kvinne
PÅ TURNÉ: Therese G. Eide reiser i haust på turné med "Er det lov?" til utvalde bibliotek i Vestland. Hovudmålgruppe er barn frå seks til ni år. (Foto: Heidi Furre)

Litteraturbåten Epos har kasta loss

Eit anna forteljarprogram, som og har fått namnet «Er det lov?», er laga av Adele Duus, med Lina Taule Fjørtoft på scena. Det skal spelast på Litteraturbåten Epos og på Bergen Offentlige Bibliotek. 
Litteraturbåten kasta loss måndag 14. oktober og skal innom 13 stader i Vestland  med framsyninga. Dette er ei leiken og heilt nyskriven framsyning for småtrinna eller heile familien, der ein utfordrar born si sans for rettferd og dykkar ned i ei frisk og frodig middelalderverd.
Du møter hemngjerrige kongar, mordariske forbrytarar, staute tingmenn, krigerske riddarar, tiggarmunkar, og han som prøvde å få litt meir orden på det heile: Magnus Lagabøte. Førestillinga vert vist for fleire skuleklassar i samarbeid med kommunen, og arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. 

FLYTANDE LITTERATURHUS: Epos har ein 60 år lang tradisjon som bokbåt på Vestlandet. No legg han ut på Lagabøte-turné. (Foto: Vestland fylkeskommune)
FLYTANDE LITTERATURHUS: Epos har ein 60 år lang tradisjon som bokbåt på Vestlandet. No legg han ut på Lagabøte-turné. (Foto: Vestland fylkeskommune)
teikning
FORNØYELEG: Litteraturbåten reiser rundt med ei leiken og heilt nyskriven framsyning for småtrinna eller heile familien, der ein utfordrar born si sans for rettferd og dykkar ned i ei frisk og frodig middelalderverd. (Foto/illustrasjon: Signe Duus)

Historia formidla på fleire måtar

Andre spennande program i biblioteka er "Landslova 750 år – kva så?" med Pål Berg Svenungsen, førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet. Det kan du blant anna få med deg på Årdal bibliotek og Hop stasjon i Bergen. Lego-figurar er ein del av formidlinga, og i samlinga hans finn ein eit tablå med Magnus Lagabøte og Håkonshallen

Landslova har kome ut i fleire utgåver frå Nasjonalbiblioteket, både på bokmål, engelsk praktutgåve på norrønt og nynorsk. Ansvarleg for teksten på bokmål er Jo Rune Ugulen Kristiansen. Han er utdanna historikar og arbeider i Arkivverket. I haust har han vore på turné til utvalde folkebibliotek, der han har snakka spesielt om jakt, fiske og anna naturbruk i høve til Landslova og andre kjelder. 23. oktober går siste føredrag av stabelen på Voss bibliotek.

Digital jubileumsutstilling kjem

På folkebiblioteket i Bergen har ein i løpet av hausten hatt fleire program for vaksne, medan Universitetsbiblioteket i Bergen vil formidle historia om Landslova gjennom ein digital versjon av Jubileumsutstillinga Magnus Lagabøtes Landslov 750 år. Meir informasjon om den digitale utstillinga kjem snart. 

Skular kan sette Landslova på timeplanen

Høgskulen på Vestlandet har i samarbeid med Bymuseet i Bergen utvikla eit undervisningsopplegg om Landslova for grunnskulen. Alle skular i Vestland fylke får og tilbod om gratis omvising i landslovutstillinga på Bryggens Museum. Les meir om dette på landslovjubileet i Vestland sine sider. Her kan du og laste ned ressursar til bruk i undervisninga.

Landslovjubileet i Vestland er eit samarbeid mellom: Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitetet i Bergen, Bymuseet, Statsforvaltaren i Vestland, Den norske kyrkja, Høgskolen på Vestlandet og 1000-årsjubiléet til Moster. 

Les artiklar, og sjå oversikt over arrangementa på Landslovjubileet – Vestland fylkeskommune