Lafting endra kursen i Jean-Christophe sitt liv
Tradisjonshandverkar Jean-Christophe Scouarnec brukar kortreist materiale når han held på med ein nesten utdøydd teknikk. Nyleg fekk han utviklingsstipend på 50 000 kroner.
Franskmannen Jean-Christophe ønsker å auke kompetansen sin på Ein teknikk for å lage kompliserte 3D-konstruksjonar utan datahjelp, og for å bruke emne som ikkje er rette som dagens sagde material. og Ein teknikk for å gjere ein stokk firkanta med bruk av ein bile. av tømmer medBile er ein øks med breitt blad som blir brukt til å bearbeide tømmerstokker ved lafting..
Det vil seie at han skal bruke ein nesten utdøydd teknikk i Noreg for å lage tømmerstokkane firkanta.
— Å få stipend betyr at eg kan bruke tid til å fokusere på læring og vidareutvikling av kompetansen utan å måtte fakturere for tida eg brukar. Det tillèt at eg kan ta ein pust i bakken med spennande innhald, seier han.
Frå maskin til tre
Jean-Christophe er den fjerde som får utviklingsstipendet i tradisjonelt handverk. Vestland fylkeskommune deler ut stipendet kvart år. Dei som kan søke er profesjonelle handverkarar innan tradisjonelle handverksfag.
— Første gang eg prøvde lafting var på Røros i 2013. Då var eg på ei reise der eg ville forsøke ulike yrker og aktivitetar. Det endra kursen i livet mitt. Eg gjekk frå å vere maskiningeniør til å bli treingeniør, og tok fagbrev i Frankrike som tømrar i 2015, fortel Jean-Christophe.
Med fagbrev i handa reiste han nordover igjen med håp om å finne jobb. At han hamna på Voss er heilt tilfeldig, for eigentleg hadde han tenkt seg til Lillehammer eller Røros. Ein annan fransk handverkar hadde ein kjenning på Voss, og difor enda Jean-Christophe der.
Berekaftige løysingar
Handverkaren starta sitt eige firma i 2018 med mål om å ta vare på kulturverdige bygg og verdifulle materialar. Han brukar teknikkar som lafting, skifting og bygger grindbygg.
— Eg opplever innimellom at vi ikkje blir tatt så seriøst av andre i bransjen, fordi vi har valt å bruke gamle teknikkar og løysingar. Det vi brukar er utvikla over fleire hundre år og fram til industritida kom. Løysingane er laga for å vare. Eit skifertak har til dømes ei levetid på 100 år, fortel Jean-Christophe.
— Tradisjonshandverk er berekraftig, sjølv om prisen for å få utført oppdraget kanskje er høgare enn hos andre som brukar moderne hjelpemiddel. Fordi vi byggar som vi gjer, held det mykje lenger, og sånn sett er det billigare i eit lenger løp. Eg håpar vi kan vere ein del av det grøne skiftet, seier Jean-Christophe.
Frankrike og Hardanger
Jean-Christophe søkte på ordninga for nokre år sidan også, men fekk ikkje stipend den gongen. Han fekk tips om at ordninga framleis fantes, og søkte igjen.
No er han i ferd med å avslutte sesongen på byggeplassen, og då skal han lage ein plan for «stipendtida».
— Eg har tenkt å delta på kurs i skifting med ein handverkarekspert i Frankrike, så skal eg bruke tida på å øve i verkstaden min i vinter. Rastaheller håpar eg å få øvd på i lag med ein erfaren handverkar frå Hardanger.
Viktig stipend
Utviklingsstipendet på 50 000 kroner er viktig for Jean-Christophe som har fått frigjort tid til å øve på nye teknikkar.
— Tradisjonshandverkarar jobbar ofte i små, sårbare bedrifter, og må prioritere oppdrag. Ofte ender vi opp med å gjere mykje av det same, og spesialiserer oss innan nokre få teknikkar. No slepp eg å stresse med tida, som gjer at spekteret mitt blir større og eg kan ta andre typar oppdrag.
Han meiner stipendet er med å tar vare på handverksteknikkane, og at bygningane kan settast i stand på ein handverksmessig riktig måte.
Ordliste
Bile: Ein bile er ein øks smidd på ein spesiell måte sånn at en handverkaren kan bruke den til ulike formål. Ein laftebile er stor og har opp til 8 tommar langt egg eller ein snekkerbile som har rundt 5 tommar langt egg, i tillegg til andre biler. Eggen er den slipte delen av bladet som er skarp.
Skifting: Skifting er ein teknikk som nesten er forsvunne frå Noreg, sidan dataprogram har tatt over teikninga av takkonstruksjonar. Skifting er ein teknikk for å lage kompliserte 3D-konstruksjonar utan datahjelp, og for å bruke emne som ikkje er rette som dagens sagde material.
Teljing: Teljing eller skanting er ein teknikk for å gjere ein stokk firkanta med bruk av ein bile.
Lafting: Ein veggkonstruksjon av liggande tømmer, der stokkane blir lagt vekselvis til kvar side, og blir haldt på plass av samanføyingar i hushjørna.
Rastaheller: En tradisjonell tekketeknikk frå Hardanger. Namnet stammar sannsynlegvis frå tyske «rast» som betyr kvile. Sjølve teknikken skal vere lik ein tradisjonell tysk taktekkingsteknikk.