Kva har Stadlandet, Aurlandsdalen og Gulatinget felles?

Dei er alle del av Riksantikvaren sitt register over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) for tidlegare Sogn og Fjordane, saman med 18 andre kulturlandskap.

Astruptunet med Jølstravatnet i bakgrunnen.
ASTRUPTUNET OG JØLSTRAVATNET: Her knyter dei nasjonale interessene seg til landskapet som sentralt motiv i kunsten til Nikolai Astrup. Det å samanlikne det godt bevarte jordbrukslandskapet med bileta hans, bidreg til å auke opplevinga og forståinga av kunsten hans og korleis han vidareformidla opplevinga si av landskapet til oss. (Foto: Arlen Bidne/Vestland fylkeskommune)

I registeret er det i tillegg med område i Voss og Ulvik herad. Tidlegare har det blitt utarbeida ein tilsvarande rapport for kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Hordaland fylke.

Skal sikre kultur- og naturverdiar

Arbeidet med registeret er gjennomført i samarbeid med Vestland fylkeskommune.

– Her er det gjort eit grundig og svært viktig arbeid for å få oversikt over desse områda. KULA er ikkje formelt vern eller freding, men det er eit kunnskapsgrunnlag for å ta gode avgjersler. Her får vi oversikt over landskap det knyter seg nasjonale kulturminneinteresser til. Det skal vere eit godt verktøy for både kommunane og fylkeskommunen når vi skal vurdere konsekvensar ved større tiltak. Det skal hjelpe oss å sikre at store kultur- og naturverdiar ikkje går tapt, fortel David Aasen Sandved, seksjonssjef for kulturarv i Vestland fylkeskommune.

Havlandskap.
Dei nasjonale interessene i KULA-landskapet Den ytre skipsleia med fjelløyene i Askvoll og Kinn kommunar er knytt til øyene som seglingsmerke. Dei var avgjerande for at dei som ferdast langs kysten skulle kome seg trygt fram. I tillegg har fleire av øyene få moderne inngrep, og dei er særs gode kjelder til fiskarbondens bruk av landskapet. Dei mange gravrøysene i landskapet vitnar om den store tidsdjupa i bruken av landskapet. (Foto: Birgit Tansøy/Vestland fylkeskommune)

Mangfaldig landskap

I samband med fylkeskommunen si utarbeiding av grunnlagsmaterialet for registeret har vi fått gode innspel frå kommunane. Det har vore verdifullt for å få kartlagt dei kulturhistoriske verdiane på best mogleg måte.

Sogn og Fjordane har eit mangfaldig landskap som strekkjer seg frå kysten, innover fjordane og opp på høgfjellet. I dette landskapet har menneska livnært seg i svært lang tid og deira virke har igjen prega landskapet. I dei 21 områda som er omtala i KULA-rapporten for Sogn og Fjordane er det lagt vekt på å få fram dette mangfaldet. I tillegg til den geografiske spreiinga har det og vore viktig at registeret får fram tidsdjupna og mangfaldet av levemåtar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Tunet Sinjarheim i Aurlandsdalen.
Aurlandsdalen er særs godt bevart med den gamle ferdselsruta mellom aust og vest. Landskapet har tidlegare vore intensivt drive, og den tradisjonelle bruken av det er framleis lett lesbar. Bygningar og veganlegg viser spektakulære tilpassingar til eit krevjande landskap, noko det godt bevarte tunet på Sinjarheim er eit godt døme på. (Foto: Arlen Bidne/Vestland fylkeskommune)

Frå Stadlandet i vest til høgfjella i aust

Fylgjande 21 område er vurdert til å vere kulturlandskap av nasjonal interesse i tidlegare Sogn og Fjordane fylke:

  • Stadlandet i Stad kommune
  • Selja i Stad kommune
  • Nordfjord i Kinn og Bremanger kommunar
  • Strynefjellet vest i Stryn kommune
  • Midtre Bremanger i Bremanger kommune
  • Den ytre skipsleia med fjelløyene i Askvoll og Kinn kommunar
  • Jølstravatnet i Sunnfjord kommune
  • Tysselandet og Leite i Fjaler kommune
  • Lustrafjorden i Luster kommune
  • Hyllestad i Hyllestad kommune
  • Høyanger i Høyanger og Sogndal kommunar
  • Balestrand og Vangsnes i Sogndal og Vik kommunar
  • Grinde og Engjasete i Sogndal kommune
  • Strendene i Vik kommune
  • Hove og Hopperstad i Vik kommune
  • Gulatinget i Gulen kommune
  • Nærøyfjorden i Aurland, Lærdal, Vik og Voss kommunar
  • Filefjell vest i Lærdal kommune
  • Lærdal i Lærdal kommune
  • Aurlandsdalen frå Østerbø til Vassbygdi i Aurland kommune
  • Bergensbanen og Flåmsbana i Aurland og Ulvik kommunar
Fridtjof-statuen på Vangsnes.
Området rundt Fridtjof-statuen på Vangsnes i Sogn er eit av dei mest kjende klassiske turistmåla frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Dit kom både turistar og kunstnarar for å oppleve den storslegne vestlandsnaturen med fjorden og fjella. Området er framleis eit godt bevart jordbrukslandskap med fleire spor etter turistverksemda. Det ser vi særs tydeleg i bygningsmiljøet i Balestrand og i Fridtjof-statuen på Vangsnes. (Foto: Arlen Bidne/Vestland fylkeskommune)

God oversikt over heile fylket

– Med utarbeidinga av KULA-registeret for Sogn og Fjordane har vi no fått ei god oversikt over dei kulturhistoriske landskapa av nasjonal interesse i fylke, seier David Aasen Sandved.

Riksantikvaren etablerte KULA på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Landskapa i KULA-registeret fortel historia om Noreg og skal kunne utviklast vidare av dei som driv landbruk og næring i området. Samstundes gjev registeret forvaltninga og andre eit kunnskapsgrunnlag om kva omsyn vi må ta for å bevare dei kulturhistoriske verdiane i desse landskapa i samband med til dømes arealplansaker.

Stadlandet
Dei nasjonale interessene ved Stadlandet knyter seg til dei store områda med kystlunghei som har ei særstilling i europeisk samanheng. Spora etter fiskarbonden si bruk av landskapet er lett å lese og er godt bevart. Vidare er dei nasjonale interessene knytte til dei godt bevarte bygningsmiljøa og strukturar knytt til fiske og jordbruk, i tillegg til ferdsla på sjøen. Landskapet sin strategiske betyding under andre verdskrig med restar etter anlegga knytt til Atlanterhavsvollen, er òg viktige i ei nasjonal samanheng. (Foto: Arlen Bidne/Vestland fylkeskommune)

Frå 2023 inngår KULA i ei felles oversikt: Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. I denne oversikta vil også NB!-registeret (Kulturmiljø av nasjonalinteresse i byar og tettstadar) inngå saman med kulturmiljø som på bakgrunn av geografisk plassering, art eller storleik ikkje har vore med i KULA eller NB!-registeret.