Kostnadsvekst gjev prisauke og rutekutt

Dei siste åra har fylkeskommunen sine utgifter til kollektivdrift auka kraftig. No foreslår fylkesdirektøren prisauke og kutt i tilbodet for å kome i balanse.

Utsikt frå ferjedekk ned mot bildekk og mot fjorden.
KUTTFORSLAG: Fylkesdirektøren føreslår prisauke og kutt i kollektivtilbodet for å få budsjettet for 2025 i balanse. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Fylkesdirektør Rune Haugsdal la i dag fram sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan for perioden 2025–2028. Driftsbudsjettet er førebels ikkje i balanse, noko som inneber at det må gjerast fleire tiltak for å redusere kostnadane og auke inntektene.

– Dei siste åra har utgiftene våre til kollektivdrift auka med ein halv milliard kroner. Statlege tilskot for å handtere kostnadene har auka langt mindre. Det seier seg sjølv at dette ikkje går i lengda. Når vi ikkje får hjelp til å handtere kostnadsutviklinga, må vi ta grep for å sikre eit berekraftig tenestetilbod, seier Rune Haugsdal.

Prisauke og endra sonestruktur

Fylkesdirektøren gjer framlegg om ei rekke tiltak for å betre den økonomiske situasjonen. Forslaga inneber mellom anna prisauke og bortfall av rabattar:

  • Prisen på månadskort aukar til 860 kroner,
  • Rabatten som gjer det billegare jo oftare du reiser, vert ikkje vidareført.
  • Studentrabatt på enkeltbillettar fell bort.
  • Sonestrukturen vert splitta opp slik at kvar kommune i bergensområdet vert i eiga sone og overgangstida for ein billett i sone A vert redusert til 60 minut.t

– Kostnadane i driftskontraktane våre på kollektivsida har auka vesentleg meir enn det staten har kompensert for. Veksten er på over 20 prosent berre dei siste to åra. I same periode har den kommunale deflatoren auka med knapt ni prosent. Sjølv om vi har styrka budsjetta for kollektivdrifta vesentleg, klarer vi likevel ikkje å halde tritt med kostnadsutviklinga, forklarar Rune Haugsdal.

Kjem ikkje utanom rutekutt

Utanfor bergensområdet er tiltaka meir retta inn mot ei prioritering av nødvendige kollektivtilbod. Det inneber mellom anna at typiske turistruter med båt og buss vert foreslått avvikla, tilsvarande for frakt av gods. Vidare foreslår fylkesdirektøren å fjerne reisetilbod som i liten grad vert nytta, og tilbod der det finst andre reisemåtar, til dømes omkøyringsveg som alternativ til båt og ferje. Dette er nokre av tiltaka som vert foreslått:

  • Ferjeruta mellom Kinsarvik og Utne vert innstilt.
  • Reduksjon frå to til ei ferje på sambanda Skjersholmane–Ranavik og Gjermundshamn–Årsnes.
  • Tilbodet for mindre båtruter vert redusert.
  • Tilbodet for ei rekke bussruter på kveldstid vert redusert.
  • Tilbodet om flybuss i Førde og i Sogndal fell bort.

– Det er relativt omfattande tiltak vi no foreslår. Tiltaka summerer seg til rundt 130 millionar kroner fordelt på kostnadskutt og takstauke. Eg opplever likevel at vi ikkje har noko val når vi ikkje får kompensert for auka kostnader. Vestland fylkeskommune er ikkje aleine om å slite med å få pengane til å strekke til. Mange norske kommunar og fylkeskommunar er i same situasjon og må foreta krevjande avvegingar, understrekar Rune Haugsdal.

Politisk handsaming fram mot endeleg vedtak i fylkestinget i desember

Fylkesdirektøren sitt forslag til budsjett skal drøftast 22. oktober i finansutvalet. I finansutvalet sit medlemmane i fylkesutvalet, alle hovudutvalsleiarane og gruppeleiarane for dei partia som ikkje er representerte i fylkesutvalet. Finansutvalet leverer sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan 2025–2028 etter møtet 13. november, før fylkesutvalet i sin tur innstiller til fylkestinget.

Endeleg politisk handsaming og vedtak av budsjett for 2025 og økonomiplan 2025–2028, vert gjort av fylkestinget i møtet 11. desember 2024.