Korleis kan musikk vere ein helseressurs i kommunane?
Det skal konferansen om musikk og helse på Vestlandshuset i Bergen 19. januar svare på.
Forskarar, leiarar og andre fagfolk deler kunnskap og erfaringar om korleis musikk kan bidra som helseressurs, spesielt retta mot eldre.
Musikk som helsefremjande tiltak
– Vi får høyre litt om kva nytte musikken har i samfunnet vårt, mellom anna som førebyggjande, rehabiliterande og behandlande tiltak. Korleis kan vi leggje til rette, og kva moglegheiter og utfordringar det er knytt til dette, seier, Jacob Nødseth, hovudutvalsleiar for kultur, idrett og inkludering, som opnar konferansen.
Målgruppene for konferansen er alle som er interesserte i musikk og kultur som helsefremjande tiltak. Det kan vere til dømes tilsette og leiar i helse- og kultursektorane i kommunane, utdanningssektoren, helseinstitusjonar, politikarar, eldreråd og brukarorganisasjonar.
Demografiske utfordringar
Folkehelseoversikta i Vestland 2023–2027 peiker spesielt ut fire samfunnsutfordringar, ein av desse er demografiske utfordringar: Vi vert fleire eldre, og vi får færre hender i arbeid i helse.
– Vi skal bu lengre heime, og vi skal samtidig få oppleve både fellesskap og meistring i kvardagen. Fylkeskommunen kan vere med og bidra til å setje retning for korleis vi skal få dette til best mogleg, ikkje minst med kompetansen vår når det gjeld musikk og helse, seier Nødseth.
Konferansen er eitt av grepa Vestland fylkeskommune tek for å møte dei demografiske utfordringane som kjem.
Helsegevinst med kulturdeltaking
Både nasjonalt og internasjonalt er det kompetansemiljø som viser til helsegevinsten av det å delta i kultur, blant anna musikk, og det blir oppmoda til meir og betre samarbeid mellom kultur- og helsesektoren.
I Vestland fylkeskommune er dette arbeidet samla i fagområdet kultur og helse. Det er del av den samla innsatsen i fylkeskommunen for å følgje opp det lovfesta kulturansvaret, og for å løyse aktuelle samfunnsutfordringar med kultur som innsatsfaktor.