Kommunane får tilskot til kultur for eldre og til breiddetilbod for e-sport
36 kommunar i fylket får til saman nesten 5 millionar kroner for å leggje til rette for formidling av profesjonell kunst og kultur til eldre.
Desse kommunane får så mykje i tilskot gjennom tilskotsordninga Den kulturelle spaserstokken:
- Alver kommune: 225 000 kr
- Askvoll kommune: 74 800 kr
- Askøy kommune: 191 000 kr
- Aurland kommune: 64 100 kr
- Austevoll kommune: 36 000 kr
- Bergen kommune: 1 437 100 kr
- Bjørnafjorden kommune: 191 000 kr
- Bremanger kommune: 80 000 kr
- Eidfjord kommune: 49 600 kr
- Etne kommune: 51 300 kr
- Fedje kommune: 23 600 kr
- Gloppen kommune: 101 200 kr
- Gulen kommune: 56 500 kr
- Hyllestad kommune: 47 400 kr
- Høyanger kommune: 75 000 kr
- Kinn kommune: 180 000 kr
- Kvam kommune: 103 100 kr
- Kvinnherad kommune: 141 700 kr
- Luster kommune: 107 800 kr
- Lærdal kommune: 40 000 kr
- Masfjorden kommune: 75 000 kr
- Modalen: 4000 kr
- Osterøy kommune: 99 200 kr
- Samnanger kommune: 50 000 kr
- Sogndal kommune: 145 700 kr
- Solund kommune: 55 000 kr
- Stad kommune: 132 600 kr
- Stord kommune: 130 000 kr
- Stryn kommune: 56 600 kr
- Sunnfjord kommune: 188 800 kr
- Tysnes kommune: 67 600 kr
- Ulvik herad: 40 000 kr
- Vaksdal kommune: 74 000 kr
- Voss herad: 207 400 kr
- Øygarden kommune: 243 400 kr
- Årdal kommune: 71 500 kr
Meir detaljar om korleis kommunane har tenkt å bruke desse tilskota, ligg i vedlegget «DKSS framlegg tildeling 2024» til sak PS 96/2024 på saklista til møtet i hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Tildelinga vart gjort av hovudutvalet i møtet 6. september.
250 000 kr til e-sport og gaming
Hovudutvalet fordelte også tilskot til modellar for lokale breiddetilbod for e-sport og gaming i same møte. Målet her er å løfte fram gode døme for å gje eit erfarings- og kompetansegrunnlag som andre kan dra nytte av, i og med at e-sport og gaming er eit nytt område for mange kommunar. Fylkeskommunen oppmodar kommunane om å sjå på høve for sambruk og fleirbruk for implementering av e-sport og gaming i arenaer for kultur og idrett.
Desse får 50 000 kr kvar:
- Osterøy kommune
- Fedje kommune
- Masfjorden kommune
- Arna vidaregåande skule
- Bergen kommune
Meir detaljar om dei ulike prosjekta som får støtte, ligg i vedlegget «Vedlegg for tildeling til PS» til sak 94/2024 på saklista til hovudutvalet.