Jasmin er vinnaren av Noregs einaste e-sport stipend

Sist veke fekk Jasmin «Jazz» Andersen Vestland fylkeskommune sitt e-sportstipend på 40 000 kroner. Med stipendet og satsinga på e-sport vil fylkeskommunen vere med og løfte e-sporten ut av jente- og guterommet og inn i sosiale fellesskap.

VERDIG VINNAR: Jasmin Andersen fekk e-sportstipendet til Vestland fylkeskommune på Aktive Gamere konferansen. Stian Davies delte det ut. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune
VERDIG VINNAR: Jasmin Andersen fekk e-sportstipendet til Vestland fylkeskommune på Aktive Gamere konferansen. Stian Davies delte det ut. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune

Stipendet er ein del av Vestland fylkeskommune sin strategi for e-sport og gaming, med mål om å blant anna bidra til deltaking og inkludering, og styrke barn og unge si fysiske og psykiske helse. Dette er fjerde gongen stipendet blir delt ut, og går til ein utøvar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan e-sport.

Vil konkurrere internasjonalt

Stipendet blei delt ut av fylkesvaraordførar Stian Davies, og det var ein glad og stolt idrettsutøvar med høge ambisjonar som fekk prisen.

– Det er ganske sjukt at eg no har fått sjansen til å bli ein endå større og betre spelar, seier Jasmin.

– Eg har i to år spelt på lånte maskiner frå Spillhuset i Bergen. No kan eg kjøpe eigen PC, og eg ønskjer å reise på turneringar rundt om i verda, og bli ein del av eit stort og kjent lag, legg ho til.

Jasmin speler for kvinnelaget Valkyries som ligg i 1. divisjon i Den Nasjonale Kvinneligaen i Valorant. Valorant er eit taktisk skytespel med om lag 20 millionar aktive spelarar, der to lag konkurrerer mot kvarandre ved å bruke ulike karakterar med unike evner.

Ein strategi som inkluderer og byggjer opp talent

Vestland fylke er blant dei fremste i Noreg på e-sport og har gjennom ulike tiltak skapt trygge møteplassar og lagt til rette for vidareutvikling for både breidda og topputøvarane innan gaming. Gjennom denne satsinga er fylket framleis det einaste som deler ut e-sportstipendet, og har likestilt stipendet med stipend frå andre idrettar.

– Vestland fylkeskommune har i fleire år hatt ein reell e-sport- og gaming-politikk. Vi har ein eigen e-sport strategi, der vi legg til rette for at unge kan delta i eit inkluderande fellesskap og utvikle seg i trygge rammer. Dette er mogleg takka vere godt samarbeid med Idrettsklynge Vest og Aktive Gamere, sa fylkesvaraordførarar Stian Davies under utdelinga.

Vestland fylkeskommunes e-sportstrategi handlar også om å motverke utanforskap og sikre sosial berekraft i regionen. Gjennom tiltak som e-sportstipendet bidreg fylket til at fleire får høvet til å utvikle seg innan gaming, ein aktivitet som stadig fleire unge engasjerer seg i.

STRATEGI: – Målet til Vestland fylkeskommune er å legitimere e-sport og gaming som aktivitetar for alle. Eg håpar fleire nominerer utøvarar dei kjenner i miljøet sitt eller i klubben sin til stipendet til neste år, seier Stian Davies. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune
STRATEGI: – Målet til Vestland fylkeskommune er å legitimere e-sport og gaming som aktivitetar for alle. Eg håpar fleire nominerer utøvarar dei kjenner i miljøet sitt eller i klubben sin til stipendet til neste år, seier Stian Davies. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune

Treng fleire møteplassar

Aktive Gamere er eit konsept som er utvikla av Idrettsklynge Vest der mellom anna Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Olympiatoppen Vest er med.

Konferansen hadde eit breitt program, med blant anna forskarar frå Universitetet i Agder, doktorgradsstipendiatar frå Sunnaas sjukehus, det prisvinnande studioet Hyper Games, og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Jaffery delte visjonen sin for e-sport som ein inkluderande arena for barn, ungdom og vaksne over heile landet. Betydninga av møteplassar for gamerar er viktig for å skape eit inkluderande og ope miljø.

– Vi treng fleire trygge rom og opne møteplassar for spel og e-sport for alle, over heile landet. Som for unge som elskar fotball eller dans har sine møteplassar, må vi skape det same for dei som trivst best med spel, sa Jaffery.

UT MED FORDOMMAR: – Som de seier så fint i Aktive Gamere: Saman kan vi meir. Inn med kunnskap, ut med fordommar. Det er eg så samd i, sa Jaffery under konferansen. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune
UT MED FORDOMMAR: – Som de seier så fint i Aktive Gamere: Saman kan vi meir. Inn med kunnskap, ut med fordommar. Det er eg så samd i, sa Jaffery under konferansen. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune