Jaktar sanninga i kampen mot desinformasjon

Den interaktive utstillinga «Jakta på sanninga» skal på fylkesturné. Ungdomar i heile fylket skal lære meir om utfordringar på nett og i sosiale medium.

Utstillinga Jakten på sannheten på Bergen Offentlige Bibliotek.
Tema for utstillinga Jakten på sannheten er demokratiske utfordringar knytt til nettet og sosiale medium. Publikum får sjølve erfare korleis informasjonslandskapet verkar. (Foto: tenk.faktisk.no)

Tysdag 10. desember kl.12.00 opnar den interaktive utstillinga «Jakta på sanninga» på Sunnfjord bibliotek, avdeling Førde. Elevar frå Førde vidaregåande skule skal prøve ut læringsopplegget, som tek føre seg demokratiske utfordringar knytt til nettet og sosiale medium.

Utstillinga reiser vidare til Gloppen folkebibliotek på Sandane i midten av januar. Vidare turnéliste er ikkje klar, men utstillinga skal innom fleire stadar i tidlegare Sogn og Fjordane.

Lærer å navigere i informasjonslandskapet

Utstillinga og læringsopplegget er utvikla av Bergen Offentlige Bibliotek og tenk.faktisk.no, som er skuleavdelinga til faktisk.no. Vestland fylkeskommune har laga sin eigen versjon, som skal turnere rundt i folkebibliotek i fylket.

Elevar på vidaregåande skular og 10. klassingar vert inviterte for å lære korleis informasjonslandskapet verkar gjennom algoritmar, appar, influenserar, kunstig intelligens og ikkje minst politiske aktørar med ein eigen agenda.

Ønskjer fleire fylke skal ta i bruk

Utstillinga kan takast i bruk ved alle folkebibliotek i fylket. Det endelege målet er at fleire fylke kan ta imot same utstillingsverktøyet som eit hjelpemiddel i kampen mot desinformasjon i eit stadig meir komplekst mediebilete.

Utstillinga som har fått mykje blest nasjonalt, er utvikla ved hjelp av utviklingsmidlar frå Nasjonalbiblioteket.