Ivrige eigarar redda freda rallarbrakke ved Finse
Kvart år deler Vestland fylkeskommune ut økonomisk støtte til bevaring av freda kulturminne. Midlane har blant anna gått til å redde Slirå rallarbrakke, sentral i historien til Bergensbanen.
I 2021 fekk Vestland fylkeskommune ei bekymringsmelding om at den freda Slirå rallarbrakke ved Finse i Ulvik kommune var i ferd med å forfalle grunna manglande vedlikehald over fleire år. Situasjonen var prekær, og det hasta med å komme i gang med både sikrings- og istandsettingsarbeid. Tøft klima og utfordrande tilkomst, særleg på vinterstid, gjorde dette til ei oppgåve som langt ifrå alle ville hatt pågangsmot til å ta tak i.
Hausten 2023 skifta Slirå rallarbrakke eigar. Dei nye eigarane er Ragna Os Eskeland og Sondre Gundersen. Dei har fått økonomisk tilskot frå ordninga Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, til sikring og istandsetting av brakka. Taket på den eldste delen er nå tekt om, og róteskadde takbjelkar er skifta ut. Bjørn Vike er engasjert til å utføre tømrararbeida. No skal vindauge, fundament, utvendig kledning, pipe og eldstad vølast, og interiøret skal restaurerast. Byggesesongen er svært kort på Finse, men eigarane er fulle av pågangsmot, dei har god bygningsteknisk innsikt og erfaring, og gler seg no til å få sett bygningen i stand.
Sentral i bygginga av Bergensbanen
Rallarbrakka vart bygd i 1901 i samband med bygginga av Bergensbanen, og vart vedtaksfreda i 2002, etter at NSB hadde avhenda fleire av bygningane sine langs Bergensbanen. Bakgrunnen for fredinga var at NSB hadde utarbeidd ein landsomfattande verneplan for eit representativt utval av bygg og anlegg knytt til historia til jernbanen, for å sikre dei jernbanehistoriske, arkitektoniske og kulturhistoriske verdiane som desse kulturminna omfattar. Eit utval av desse blei valt ut for freding, mellom andre Slirå rallarbrakke og Slirå vaktarbustad.
Slirå rallarbrakke er ein naudturftig bygning som er med på å fortelje ei historie om bygginga av Bergensbanen, og om arbeidsvilkåra for anleggsarbeidarane under krevjande vér i høgfjellet. Brakka er bygd etter ei typeteikning for «provisorisk arbeiderbarakke», og det vart bygd fleire slike arbeidsbrakker og stikningsbuer i samband med bygginga av Bergensbanen. I fredingsvedtaket skriv Riksantikvaren at «Slirå rallarbrakke er eit kulturminne det er av nasjonal interesse å bevare, både som kjelde til kunnskap og forsking og som opplevingsskapande element i miljøet». Brakka fekk to tilbygg på 1950-talet, som òg inngår i fredinga.
Søke om tilskot?
– Å gjennomføre ei restaurering av Slirå rallarbrakke er svært krevjande, med kort byggesesong og mykje eigeninnsats, og det å få økonomisk tilskot til eit slikt prosjekt har vore heilt avgjerande for oss, seier dei to eigarane.
Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap er ei tilskotsordning for private eigarar og forvaltarar av freda kulturminne og kulturmiljø frå etter 1537. Formålet med tilskotsordninga er å bevare, og å bidra til at dei vert sette i stand etter antikvariske retningslinjer. Tilskotsordninga skal sikre kulturminna og kulturmiljøa sin kjeldeverdi, ivareta føresetnadene for å gje opplevingar, og leggje til rette for berekraftig verdiskaping og bruk.
Søknadsfrist for neste runde er sett til 1. november 2024. Du finn meir informasjon og lenke til søknadsskjema på vlfk.no