Enorme behov for flaumsikring
38 milliardar kroner kan det koste å ruste fylkesvegnettet i Vestland til å tole klimaendringane. Fylkesutvalet ber no regjeringa om auka midlar i vårens stortingsmeldingar om flaum og skred og i NTP.
– Kostnadane med eit våtare og villare vêr er enorme for fylkesvegnettet. Det handlar om tryggleik for folk langs kvardagsvegane, og det hastar, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Klar beskjed om finansiering
Premissane blir no lagde i ny stortingsmelding for flaum og skred og i Nasjonal transportplan 2025-2036, som begge blir lagt fram våren 2024. Og Vestland gir klar beskjed.
– Vi er svært uroa for den manglande finansieringa og tankar om korleis vil skal handtere klimaskapte skadar på fylkesvegane. Det er flaum og skred, vegar som blir vaska bort og bruer som blir øydelagde. Og det kjem på toppen av eit allereie alvorleg vedlikehaldsetterslep, seier Askeland.
For å synleggjere omfanget av klimatilpassinga har fylkeskommunen gjort ei kartlegging av fylkesvegar i aktsomheitsoner for flaum og stormflo. Det er første gong det er gjennomført ein analyse om kva det kostar å flaumsikre offentleg infrastruktur. Resultata viser at det vil koste svimlande 38 milliardar kroner å førebu fylkesvegnettet på framtida.
Uavklart og fragmentert ansvar
I fleire helgar allereie i det nye året vart mellom 20 og 40 fylkesvegar stengde grunna ekstremvêr og faregrad raudt for ras og skred. Vegstengingar fører til at bygder blir isolerte i periodar, og ekstremvêret skapar større behov for beredskap.
– Slike hendingar vil nok skje igjen og kven skal betale? Vi har søkt dialog med NVE, Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet med mål om å få endra den statlege tilskotsordninga for flaum- og skred til å også inkludere kommunal og fylkeskommunal infrastruktur. No er ansvaret uavklart og fragmentert, seier Askeland.
Berre for sikring av skredpunkt av høg og middels verdi på fylkesvegnettet i Vestland er kostnadane i overkant av 23 milliardar kroner, dette viser ei oppdatering frå Statens vegvesen. Dette kjem i tillegg til dei store utfordringane med sikring mot flaum.
– Vi forventar at regjeringa no tek opp finansiering av dei store behova for flaum- og skredsikringstiltak på fylkesvegane i stortingsmeldingane og i nasjonal transportplan, seier Askeland.