I år startar bygginga av nye Langhaugen vidaregåande skule
Flaggskipet innan musikk og dans skal utvidast, og med signert kontrakt for gjennomføringsfasen har Vestland fylkeskommune god tru på byggjestart i juni 2024.

Kva har Erna Solberg, Sondre Lerche, Caroline Wettergreen og Frank Aarebrot til felles? Dei har alle vore elevar ved Langhaugen vidaregåande skule på Landås.
No skal den populære 64-åringen utvidast og pussast opp. Etter ein samspelsfase i 2022/23 signerte Vestland fylkeskommune og Peab K. Nordang sist veke kontrakt for gjennomføringsfasen for prosjektet.
Torgunn Eide Svendsen, prosjektleiar utbygging i Eigedomsavdelinga til Vestland fylkeskommune, opplyser at første spadetak for nye Langhaugen er venta medio 2024.
– Vi er no i sluttfasen i reguleringsarbeidet, og er ferdig med utvikling og optimalisering av prosjektet gjennom Samspel. Vi håpar difor på byggestart i juni, seier Eide Svendsen.

Ny flott konsertsal
Utbygginga omfattar nytt undervisningsbygg for musikk, dans, idrett og realfag, uteareal og samband mellom nybygget og eksisterande bygg, og det kjem solceller på taket til nybygget. Ein idrettshall vert etablert under bakkenivå, og taket på hallen skal fungere som utvida skuleplass for elevane.
Ein viktig del av nybygget er konsertsalen på 250 kvadratmeter. Denne har fått ein framskoten plass med ei vertikal inndelt form, der glas- og platekledde felt bryt opp volumet.
– Konsertsalen kjem med amfi og galleri, har høg kvalitet og med stort fokus på akustikken i salen, opplyser Eide Svendsen.

90 fleire elevplassar
Med utbygging vert elevtalet auka med om lag 90 elevplassar til totalt 720 elevar. Det blir rom for ein ekstra klasse i musikk, slik at skulen kan få to parallellklassar i dette faget på kvart trinn. I tillegg har skulen ein klasse på dans på kvart trinn. Med det auka arealet kan Langhaugen ha inntil 270 elevar på musikk og dans. På studiespesialisering blir det 450 elevar fordelt på 15. klassar.
Under byggeperioden vil elevane halde fram med å gå på skulen i eksisterande bygg.
Det eksisterande hovudbygget skal også rehabiliterast, men det blir organisert i eit eige prosjekt og er difor ikkje ein del av kontrakten med K. Nordang AS.

Eit løft for nærmiljøet
Skuleplassen får seg eit skikkeleg løft, frå asfaltkledd til frodig og organisk, med ulike dekkemateriale i god kvalitet. Det er og satsa på gjenbruk der det er mogleg. Ein del av skuleområdet har fått tilnamnet Solplassen, og blir eit offentleg ope rom.
– Utbygginga vert eit stort løft for heile nærmiljøet, med utandørs aktivitetspark og stor idrettshall med gode kvalitetar og fasilitetar som kan nyttast på kveldstid for frivilligheita, seier Eide Svendsen.
Godt samarbeid
Prosjektet er kostnadsrekna til 410 millionar kroner og vert gjennomført som ein totalentreprise. For Peab. K. Nordang vil utbygginga av Langhaugen vidaregåande skule vere det største oppdraget dei har utført i Bergen.
– Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med Peab K. Nordang og deira samarbeidspartnar. Dei har med seg eit skikkeleg godt team, og vi ser fram til vidare samarbeid i dette flotte prosjektet. Det er heilt fantastisk å få vere med og ivareta ungdomen på denne måten, seier Eide Svendsen.
