Heilevang-prosjektet vert utsett
Fylkeskommunen avlyser anbodskonkurransen om rassikring av fv. 609 mellom Hestvika og Heilevang. Det må gjerast fleire grunnundersøkingar.
– Vi har heile tida visst at dette var eit komplisert prosjekt, med ein kombinasjon av lausmasstunnel og vanleg tunnel. No viser det seg at det er utfordringar med stabiliteten i området der tunnelen skal gå inn ved Heilevang, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Utfordring for gjennomføringa
Skredsikringsprosjektet på fv. 609 mellom Heilevang og Hestvika vart lyst ut hausten 2023. Anskaffinga skulle gjennomførast som konkurranse med forhandlingar, ei konkurranseform som fremjar dialog og samspel mellom byggherre og entreprenør.
Tre entreprenørfirma vart kvalifiserte til å delta i vidare konkurranse. I innleiande samtalar var tilbakemeldinga at stabiliteten i området ved Heilevang kan bli ei utfordring for gjennomføring av prosjektet.
Anbodskonkurransen avlyst
Nye vurderingar av grunnlaget som reguleringsplanen og konkurranseutlysinga baserte seg på viser at det er usikkert om prosjektet kan gjennomførast slik det er planlagt. I følgje desse vurderingane kan risikoen ved å grave i området ved Heilevang vere større enn først antatt.
Dette endrar føresetnadane i konkurransegrunnlaget som vart lyst ut hausten 2023 så mykje at konkurransen blir avlyst.
Heilevang prioritert prosjekt
– Fylkeskommunen som ansvarleg byggherre må sjå på risikoen knytt til gjennomføring og økonomi i prosjektet på nytt, seier Dina Lefdal.
– Vi vil no gjere supplerande grunnundersøkingar som vil vere klare til hausten. Skredsikring av Heilevang er eit høgt prioritert prosjekt for fylkeskommunen, og vi vil jobbe med vidare framdrift for eit trygt og gjennomførbart skredsikringsprosjekt med dei nye undersøkingane som grunnlag.