Opplæringstilbodet for skuleåret 2025/2026

Hovudutval for opplæring og kompetanse har bestemt kva opplæringstilbod som skal lysast ut ved dei vidaregåande skulane skuleåret 2025/2026.

Elevar i arbeidskle ved dreiebenk.
OPPLÆRING: Etter møtet i hovudutval for opplæring og kompetanse 20. november er det no klart kva fag og kor mange klassar som skal lysast ut ved dei ulike fylkeskommunale skulane for skuleåret 2025/2026. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Dette er ei stor og viktig sak som alltid skaper stort engasjement. Vi har hatt ein omfattande dialog med skular, opplæringskontor og representantar frå arbeids- og næringslivet. Etter ei grundig vurdering har vi landa eit godt og variert tilbod som tek omsyn til både elevane og den opplæringa dei har rett på, seier Åsmund Berthelsen, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.

Vedtaket onsdag 20. november dannar grunnlaget for opplæringstilbodet som blir lyst ut i januar. Det endelege klassetalet for dei ulike tilboda på dei ulike skulane blir avgjort til våren, når søkjartala er klare.

Endringar i opplæringstilbodet

Direktør for opplæring og kompetanse la fram eit forslag som hovudutvalet vedtok med nokre justeringar. Tilboda for skuleåret 2025/2026 er justert i tråd med elevgrunnlag og lokale behov, og omfattar både nye tilbod og reduksjonar ved fleire vidaregåande skular i fylket. Hovudutvalet presiserer at det er søkjartala som avgjer kva tilbod som vert sette i gang, og at tal grupper som vert sette i gang i justeringssaka til våren, skal vere innanfor den økonomiske ramma.

Hovudutvalet vedtok forslaget frå direktøren, men med desse endringane:

  • Voss vidaregåande: + 1 gruppe vg3 studieførebuande naturbruk. Plasstalet skal vere i tråd med vedtaket i heilskapleg plan for tilbodsstruktur . 
  • Dale vgs : Det vert sett av 5 plassar til vg4 påbygg, i staden for 3. 
  • Høyanger vidaregåande: Vg1 studiespesialisering og vg3 påbygging til studiekompetanse vert lyste ut som søkbare tilbod i tråd med vedtak i saka om heilskapleg tilbodsstuktur og samarbeidsavtalen mellom Førde vgs og Høyanger vgs. Utvalet ber om at det blir utarbeidd ein modell for samarbeid om vg1 studiespesialisering og vg3/4 påbygg mellom skulane. 
  • Flora vgs: + 1 gruppe Vg2 sal og service 
  • Førde vgs: + 0,5 gruppe vg1 Naturbruk + 0,5 gruppe vg 1 Naturbruk med hest 
  • Stryn vgs: + 1 gruppe vg1 helse- og oppvekstfag + 1 gruppe vg1 teknologi- og industrifag 
  • Eid vgs: + 1 gruppe vg1 teknologi- og industrifag.

– Det har vore krevjande prioriteringar, men vi meiner at vi har landa eit balansert tilbod som speglar behova til elevane, arbeidslivet og skulane. Samstundes har vi hatt ein god dialog med både opplæringskontor, skular og representantar frå næringslivet. Tilboda bygger på heilskapleg plan for tilbodsstruktur som fylkestinget vedtok i oktober, og målet har vore å sikre eit framtidsretta opplæringstilbod som gir elevane gode moglegheiter til å lukkast, seier Berthelsen.

Her er liste over klassar og plasstal for opplæringstilbodet 2025/2026(PDF).

Auke i elevtal

Det er forventa 55 fleire avgangselevar frå grunnskulen i Vestland neste skuleår samanlikna med inneverande år. Totalt er det venta at 8125 avgangselevar frå grunnskole, og 7850 elevar vil starte på ein av dei offentlege vidaregåande skulene i vg1 hausten 2025.

Det blir lyst ut til saman 984,4 klassar fordelt på vg1, vg2, vg3 og vg4 for skuleåret 2025/2026. Det betyr at om lag 20 401 elevar vil få skuleplass ved dei fylkeskommunale vidaregåande skulane.

Søknadsfristar i februar og mars  

Søknadsportalen for å søkje vidaregåande opplæring opnar i januar, og 1. mars er søknadsfristen for ordinære søkjarar til skule og/eller lærebedrift. 1. februar er fristen for søkjarar med fortrinn, individuell behandling, minoritetsspråklege og lærekandidatar.