Garanti skal sikre fleire elevar læreplass

– Vi har som mål at alle elevar på yrkesfag i Vestland skal få læreplass, seier nestleiar Siri Sandvik i hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune. Utvalet har løyvt 1,4 millionar kroner for å sikre dette.

Elevar som bygger innandørs.
TRENG LÆREPLASSAR: Byggteknikk er eitt av faga der det er størst utfordringar med å skaffe nok læreplassar. Illustrasjonsfoto frå Knarvik vgs. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Pengane er løyvde gjennom ordninga læreplassgaranti. Det er ei søkbar ordning som dei regionale kompetanseforuma i fylket har hatt ansvar for. No blir ordninga endra.

– Vi ønskjer i enno større grad å bidra til at fleire elevar får læreplass. Derfor skal alle aktørar kunne søke om pengar. Dessutan har vi som mål å redusere utanforskapen. Vi må få fleire på yrkesfag til å fullføre utdanninga, kome seg ut i lære og få seg jobb. Difor er ordninga no open for alle aktørar som vil teste ut tiltak for å nå dette målet, seier Sandvik.

Desse kan søke:

Etter den nye ordninga kan kommunar, opplæringskontor, kunnskapsmiljø, vidaregåande skuler, medlemsorganisasjonar, klynge- og bransjeorganisasjonar og andre utviklingsaktørar i Vestland søke.

Prosjekt som skal få støtte, må oppfylle minst eitt av desse tre føremåla:

  • Jobbe for læreplassgaranti i fylket eller ved ein eller fleire skular i fylket
  • Bruke eventuell eksisterande læreplassgaranti til å marknadsføre dei aktuelle skulane for å rekruttere fleire elevar og/eller lærlingar
  • Andre tiltak som kan vere med på å leggje til rette for at fleire elevar kan få læreplass.

Skal redusere utanforskap

Slik læreplassgarantien har vore utforma fram til no, har den vore avgrensa til såkalla kvalifiserte elevar. Her har det vore sett krav til karakterar, oppmøte og ikkje for mykje fråvær.

– Vi ser behov for at ordninga også omfattar prosjekt retta inn mot dei svakaste elevane. Dei som ikkje får læreplass, sjølv om det er tilgjengelege læreplassar, og som difor står i fare for å falle ut av utdannings- og arbeidslivet. Ordninga vil etter dette gjelde for alle som går på yrkesfag. Men dette kan føre til at fleire aktørar søkjer. Vi vil difor prioritere prosjekt som bidreg til å redusere utanforskap, seier Sandvik.

Fremje større mobilitet

Dette er fjerde året på rad Vestland fylkeskommune lyser ut pengar under ordninga læreplassgaranti.

– Det har variert i kor stor grad det har vore mangel på læreplassar i dei ulike kompetanseregionane i perioden. Tilgangen på læreplassar kan variere stort mellom lærefag og mellom regionar. Når det ikkje er samsvar mellom talet på søkjarar og talet på ledige læreplassar, er det viktig at det blir jobba aktivt for å fremje større mobilitet blant søkjarane, seier nestleiar i hovudutvalet, Siri Sandvik.

Dei 1,4 millionar kronene blir lyst ut i haust. Siste frist for innsending av søknad er 1. november.