Fylkesutvalet ber om innspel til tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring
No kan du seie meininga di om korleis tilbodet om vidaregåande opplæring i Vestland skal vere i framtida.
Fylkesutvalet vedtok 4. april å sende høyringsforslaget for heilskapleg plan tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring på offentleg høyring med svarfrist 20. mai.
Ein slik plan skal syne kva utdanningstilbod dei vidaregåande skulane i fylket skal ha.
Ønskjer innspel
Dersom ikkje tilbodsstrukturen blir endra vil det vere ein overkapasitet på 5000 elevplassar i 2034 på dei vidaregåande skulane i Vestland.
– Dei seksåringane som i dag går i første klasse rundt omkring i Vestland, utgjer om ti år 2500 færre avgangselevar i vidaregåande skule enn tilfellet er i år. Dette gjev oss svært vanskelege problemstillingar, og tvingar oss til planlagde justeringar i utdanningstilbodet. Alternativet er at tilbod vil falla ut utan plan, og det er det verste alternativet, for vi ønskjer jo å tilby eit planlagt, godt utdanningstilbod i heile fylket også med færre elevar enn i dag. Dei to tidlegare skulebruksplanane i Hordaland og Sogn og Fjordane har også bomma på utviklinga, elevtalet er lågare enn dei la til grunn. Samstundes arbeider vi aktivt for ei positiv utvikling i heile fylket, og derfor inviterer vi til samarbeid i korleis dimensjonera utdanningstilbodet for den komande tiårsperioden. Difor inviterer vi til høyring, og no håper vi å høyre frå innbyggjarane og ser fram til å få mange gode innspel frå heile fylket til det vidare arbeidet, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Både privatpersonar og organisasjonar kan svare på høyringa. Høyringa er offentleg, og alle innspela vert lagt med i saka. Innspela kan ikkje vere anonyme. Fristen for høyringa er måndag 20. mai.
Fysiske høyringsmøte i alle regionar
I tida fram til svarfristen for høyringa vil det bli arrangert fysiske høyringsmøte i alle regionar i Vestland fylke. Her blir det mogleg å kome med sine innspel og ha dialog om høyringsforslaget.
Her er tid og stad for alle høyringsmøta.
- Måndag 15. april kl. 18.00: Sunnhordland, Stord vgs.
- Tysdag 16. april kl. 18.00: Nordhordland, Knarvik vgs.
- Onsdag 17. april kl. 18.00: Stor-Bergen, Amalie Skram vgs.
- Måndag 22. april kl. 18.00: Indre Sogn, Sogndal vgs.
- Torsdag 25. april kl. 18.00: Hardanger og Voss, Voss vgs.
- Måndag 29. april kl. 18.00: HAFS, Sunnfjord og Sogn, Førde vgs.
- Tysdag 30. april kl. 18.00: Nordfjord, Eid vgs.
Kvifor skal det lagast ein ny tilbodsstruktur?
Hordaland og Sogn og Fjordane gjekk inn i Vestland med kvar sine skulebruksplanar. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013–2024 og skulebruksplan 2012–25 Hordaland fylkeskommune, med rullering av skulebruksplanen 2017–2030.
Sidan desse planane vart utarbeidde, har det skjedd mykje og fleire endringar kjem i åra framover. Blant anna har elevtalsutviklinga vore lågare enn forventa, det kjem ny opplæringslov frå 1. august 2024 og ein ser endringar i kompetansebehov, den demografiske utviklinga og det grøne skiftet.
Det er difor ønskeleg med ein samla plan for Vestland, og fylkesutvalet gav 4. januar i år fylkesdirektøren mandat til å lage ein ny heilskapleg plan for tilbodsstruktur i Vestland. Sidan då har ei arbeidsgruppe jobba med eit utkast til slik plan, og det er dette som no blir lagt ut til offentleg høyring.
– Vi ønskjer å tilby ungdomane i fylket vårt eit best mogleg tilbod når dei skal velje vidaregåande opplæring, eit tilbod som også treff næringslivet i fylket. Vidaregåande opplæring er noko av det viktigaste vi som fylkeskommune driv med, både for den enkelte og for å sikre fylket rett arbeidskraft for framtida, seier Askeland.
Til saka PS 82/2024: Open høyring - Heilskapleg plan for tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune.