Fylkeskommunen overtar Sammen tannklinikk
Tannhelsetenesta i Vestland blir styrka og utvida med ein ekstra tannklinikk i Bergen sentrum. Fylkestinget vedtok 19. mars å overta verksemda til Sammen tannklinikk med tilhøyrande personell.

– Verksemdsovertakinga vil vere særleg føremålstenleg for pasientgruppa 21-24 år, som i stor grad allereie nyttar denne klinikken i dag, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Det var fleire aspekt som førte til initiativet om verksemdsovertakinga:
- den offentlege tannhelsetenesta fekk ansvar for gruppa 21-24 år
- mangel på kapasitet til å ta inn denne gruppa i bergensområdet på eksisterande offentlege tannklinikkar
- Sammen tannklinikk hadde ikkje lenger driftsgrunnlag etter at ansvaret for 21-24-åringane vart overført til fylkeskommunen.
Sammen tannklinikk ligg i Solheimsviken og er eit tannhelsetilbod for alle studentar som er medlem i Studentsamskipnaden i Bergen. Det er berre her Studentsamskipnaden har hatt eigen tannklinikk. Ved dei andre studiestadane viser Studentsamskipnaden til offentlege tannklinikkar sitt tilbod.