Fylkeskommunen foreslår tunellkompromiss for Bybanen til Åsane

Vestland fylkeskommune tilrår å byggje delar av Bybanen til Åsane i tunell gjennom Bergen sentrum basert på tunellutgreiinga frå 2021. Dersom bystyret i Bergen og fylkestinget sluttar seg til forslaget, kan dei krevjande diskusjonane om trasévalet gjennom sentrum avsluttast, slik at planlegginga av Bybanen til Åsane kan halde fram.  

foto av sju personar som står ved ein talarstol
PRESSEKONFERANSE: Det var stor interesse for Vestland fylkeskommune og Bergen kommune sin pressekonferanse om Bybanen. Den fann stad på Media City Bergen fredag morgon. (Foto: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune)

– For oss handlar det om å sikre ei robust og framtidsretta kollektivløysing til Åsane. Dette vil bidra til god flyt i trafikken og bety svært mykje for utviklinga av Åsane og områda langs banetraséen. Det er berre med bybane til Åsane at vi får auka frekvensen og kapasiteten på den sterkt belasta linja mellom sentrum og Flesland. Ei vidareføring av Bybanen vil gi større kapasitet til å handtere dei store reisestraumane som går mellom bydelane i nord og sør, seier fylkesordførar Jon Askeland.   

 Han framhevar at forslaget kjem fordi vedtaket i Nasjonal transportplan (NTP) gir stor usikkerheit for heile kollektivutviklinga i Bergen, med mindre kommunen og fylket finn snarlege løysingar. 

Forslag til kompromiss 

Kompromisset som fylkeskommunen no foreslår, tek utgangspunkt i tunellutgreiinga som vart gjennomført i 2021. Alternativet med innslag ved Heggebakken/Bergen katedralskole vert foreslått lagt til grunn.  

– I kompromiss må begge partar gi og ta for å finne gode løysingar. Vi oppfattar situasjonen i Bergen slik at ei mogleg kompromissløysing ligg i tunell. Ved å leggje utgreiinga frå 2021 til grunn for vidare planlegging, vil ein unngå nye utgreiingar og tidkrevjande diskusjonar. På den måten kan vi heller rette blikket framover og komme raskare til målet. Samstundes er det viktig for oss at vi saman med Bergen kommune kjem fram til avbøtande tiltak for å redusere utfordringane knytt til viktige kulturminne, grunnvatn og ikkje minst kostnadar, understrekar fylkesdirektør Rune Haugsdal.  

Tunell skal ikkje auke kostnadane 

Forslaget til fylkeskommunen inneber at Bybanen vil gå i trasé i dagen rundt Rådhus-kvartalet med sentral haldeplass i dette området og deretter via Nygaten inn i tunell ved Katedralskolen. I tunellutgreiinga frå 2021 er det foreslått eit underjordisk stopp under Øvregaten. Fylkeskommunen foreslår å ta dette stoppet ut av prosjektet og heller vurdere ein haldeplass i fjell i nærleiken av Sverresborg. Ein går vidare inn for bybanetrasé i dagen i Sjøgaten frå Slaktehustomten og vidare i Sandviksveien til Åsaneveien. Dermed vil også Bybanen bidra positivt til dei store utviklingsplanane i dette området.  

– For å kunne realisere denne løysinga er det avgjerande at prosjektet ikkje overstig kostnadsramma for utbygging av dagløysinga gjennom sentrum, slik det går fram av den eksterne kvalitetssikringa frå 2024 – såkalla KS2. Moglege kostnadsreduserande tiltak vil mellom anna vere å redusere talet på haldeplassar i fjell, poengterer Rune Haugsdal.   

Foto av person som står foran ein skjerm og snakkar
PRESENTERTE FORSLAGET: Fylkesdirektør Rune Haugsdal informerte om kompromisset som fylkeskommunen no foreslår. Det tek utgangspunkt i tunellutgreiinga som vart gjennomført i 2021. (Foto: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune)


Trur på felles semje  

I eit møte med Bergen kommune 26. juni tok Vestland fylkeskommune opp moglegheita for å drøfte eit kompromiss knytt til Bybanen. Det har vore dialog om dette gjennom sommaren.   

– Eg vil skryta av leiinga i Vestland fylke for god dialog og samarbeidsvilje. Dette er eit godt kompromiss som sørgjer for at vi får vidareutvikla kollektivsystemet i Bergen, samtidig som vi tek vare på verdsarven Bryggen, seier byrådsleiar i Bergen Christine Meyer.  

Bergen kommune har ansvaret for reguleringsplanen og Vestland fylkeskommune for å byggje og drifte Bybanen. Det inneber at det er kommunen som vedtek traséen for Bybanen.  

– Bybaneløysing til Åsane har vore ei langvarig, stor og vond sak i bergenspolitikken og for fylkeskommunen. Med NTP-vedtaket er realiteten at bybaneprosjektet har stoppa opp. Slik situasjonen er no, ligg den statlege finansieringa av prosjektet langt fram i tid. For bokstaveleg talt å få prosjektet på skinner igjen, tok vi dette initiativet, og har hatt god dialog med byrådet for å finne kompromiss gjennom sommaren. Vi håpar at bystyret i Bergen og fylkestinget sikrar at vi kan fortsetje den positive by- og kollektivutviklinga i Bergen, seier Jon Askeland.  

foto av pressefotografar og to personar som vert avbilda
DIALOG I SOMMAR: I eit møte med Bergen kommune 26. juni tok Vestland fylkeskommune opp moglegheita for å drøfte eit kompromiss knytt til Bybanen. I dag vart forslaget presentert på ein felles pressekonferanse. På biletet står byrådsleiar Christine Meyer og fylkesordførar Jon Askeland. (Foto: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune)

Vidare sakshandsaming 

Fylkesdirektøren sitt saksframlegg skal handsamast av hovudutval for samferdsel og mobilitet og av fylkesutvalet i ekstraordinære møte 14. august før fylkestinget gjer endeleg vedtak. Byrådet legg plan for vedtaksprosess i Bergen. Med det har ein oppnådd lokal semje om bybaneutbygginga til Åsane, slik premissen for statleg løyving er i NTP. Fylkeskommunen ventar då at Statens vegvesen snarast får midlar til å starte arbeidet med å utbetre og forlenge Fløyfjelltunnelen mellom Nygårdstangen og Eidsvåg.  

Illustrasjon som syner forslag til kompromiss for bybanetrase mellom Bergen sentrum og Åsane.
Fylkeskommunen sitt forslag til kompromiss for bybanetrasé til Åsane.

Til pressefoto frå pressekonferansen fredag 9. august 2024