Framtidas robotteknologi styrkjer lokalt næringsliv på Osterøy

Kompetansesenteret for robotteknologi ved Osterøy vidaregåande skule har vorte utpeika som ein nasjonal testarena for robotteknologi, og det betyr langt meir enn ei anerkjenning. Utvikling av ettertrakta ferdigheiter med høg teknologisk relevans, gjer at elevar får eit fortrinn i møte med arbeidslivet i framtida.

UNIKT: Med status som testarena får elevane grunnleggjande opplæring i robotteknologi, og for elevar i yrkesfaglege løp betyr det at dei får ei unik innføring i teknologi som allereie er integrert i industrien. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune

Gjennom Kompetansesenteret for robotteknologi (KORT) får elevar og lærarar på Osterøy vidaregåande skule tilgang til moderne utstyr og opplæring i robotteknologi.

Prosjektet er eit samarbeid mellom avdelingane næring, plan og innovasjon, og opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, som inkluderer fem lokale industribedrifter på Osterøy. Dette gir skulen eit utdanningstilbod som få andre skular har.

Unikt utdanningstilbod

– Gjennom katapultordninga tar Osterøy og KORT eit samfunnsansvar og bidrar til omstillinga av norsk næringsliv. Vi gir ungdommar relevant og framtidsretta utdanning og yrkesopplæring. Vi kjøper òg kurs av skulen, som igjen kan tilby kurs til andre lærarar i fylket og til næringslivet. Kursa har så høg kvalitet at folk frå industrien kjem hit for å få opplæring i robotteknologi, seier Vidar Tufteland, prosjektleiar for Kompetansesenteret for robottekonologi.

KORT vart etablert fordi næringslivet gav tilbakemeldingar på at ein hadde stagnert. Dei ynskte at elevane skulle få lære meir om bruk av robotteknologi og at dei tilsette skulle få ta del i kunnskapsutviklinga med å ta i bruk ny teknologi. Osterøy vidaregåande sitt tette samarbeid med dei største industribedriftene lokalt har vore avgjerande for å utvikle kompetansesenteret i nasjonal klasse.

– Skulen tilbyr, i tillegg til praktisk undervisning, arenaer for kunnskapsutveksling mellom skulen, næringslivet og fagmiljø. Det betyr at elevane får ei utdanning som er oppdatert og i tråd med industristandardar, seier Tufteland.

SAMFUNNSANSVAR: Vidar Tufteland tar gjennom Osterøy og KORT eit viktig samfunnsansvar; dei gir elevar ein gylden moglegheit i møte med arbeidslivet, og skapar ein grøn omstilling av norsk næringsliv. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune

Grønt næringsliv

KORT er no ein del av eit større nasjonalt nettverk, der Osterøy saman med Raufoss og Kongsberg utgjer sentrale knutepunkt for innovasjon innan robotteknologi. Det gir skulen og øya ein spesiell posisjon som eit senter for framtidig utvikling innan robotteknologi.

– Dette er eit viktig verkemiddel i det grøne industriløftet, om korleis ein skal auke produktiviteten til norsk landbasert industri. Målet vårt er å forvalte denne kompetansen, slik at andre kan ta lærdom av det, seier Tufteland.

Ved å gi ungdommane i regionen ei relevant og framtidsretta utdanning, tek Osterøy vgs og KORT ei aktiv rolle i den digitale omstillinga av norsk næringsliv.

Eit springbrett

Med status som testarena får elevane grunnleggjande opplæring i robotteknologi, og for elevar i yrkesfaglege løp betyr det at dei får ei unik innføring i teknologi som allereie er integrert i industrien, og kan vere eit steg mot læreplass eller direkte overgang til arbeid.  

VIKTIG KUNNSKAP: Kheireddine Basman og Simen Børtveit går i andre klasse på Osterøy videregåande skule. Dei synes robottane er kjekk å jobbe med, og ikkje minst nyttig. – Det er jo viktig at vi lærer om dette, det kjem jo berre fleire robotter ute i verden, seier dei. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune

– Dei får grunnopplæring og kan gå inn i kva yrke som helst. Dette gir ein ny kunnskap som er svært attraktiv i arbeidslivet og kan føre til både jobb og moglege læreplassar, seier Tufteland.

Prosjektet bidreg ikkje berre til den faglege utviklinga til elevane, men opnar også opp karrierevegar i eit felt med stor etterspurnad.

– Elevane blir fordelte på dei fem lokale bedriftene her på Osterøy, med to elevar i kvar bedrift. Det gjer at dei får ei spesialisert opplæring, får ei tett oppfølging og blir godt kjent med dei tilsette. Dei får også høvet til å prøve ulike delar av produksjonen dersom dei ikkje trivst med nokon av oppgåvene. Målet er tross alt at dei skal velje rett fag for seg sjølv, og bestå eksamen.

TETT OPPFØLGING: Elevane får spesialisert opplæring i robotteknologi. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune
TETT OPPFØLGING: Elevane får spesialisert opplæring i robotteknologi. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune

Auka interesse for faglærarar

Vestland manglar lærarar med yrkesfagleg bakgrunn, ettersom det vanlegvis er vanskeleg å tiltrekke kandidatar med riktig kompetanse. Skulen si teknologisatsing har vore ein nøkkelfaktor for å trekke til seg søkarar.

– Då skulen lyste ut etter fleire lærarar fekk dei 17 gode søkarar og valde å tilsette fem av dei. Det å rekruttere lærarar til teknologi og industrifag og elektrofaga er særs krevjande, så den teknologiske satsinga ved skulen lokka mange godt kvalifiserte søkjarar med tung erfaring frå næringslivet.

Øystein Lone er ein av yrkesfaglærarane som tok med seg verdifull kompetanse frå industrien og inn i klasserommet og verkstaden på skulen.

– Eg vart tipsa av ein kollega at dette kunne være ein god moglegheit. Eg har stått mykje med robotar før eg vart lærer, så no fekk eg høvet til å jobbe med dette parallelt til lærarjobben, seier Lone.

MANGE SØKJARAR: Øystein Lone tar med seg brei erfaring frå industrien inn i undervisninga. Skulen si satsing på teknologi og industri har lokka fleire kvalifiserte søkjarar til læraryrket. Foto: Andreas C. Kjærland / Vestland fylkeskommune