Forpliktar seg til å jobbe for ei inkluderande fritid for barn og unge
Tretten aktørar i Vestland har signert Fritidserklæringa Vestland. Og med det er Vestland første fylket i landet med ei slik erklæring.
"Alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet i lag med andre".
Det er visjonen i Fritidserklæringa Vestland.
– Det betyr noko når så mange går saman og forpliktar seg. Vi står til ansvar for kvarandre, og vi skal dra i same retning. Saman er vi mykje sterkare enn kvar for oss. Fritidserklæringa kan vere eit godt verktøy for å setje søkjelys på deltaking i fritidsaktivitetar. Det gir oss også høve til å samle samfunnsaktørar til å jobbe saman om dette viktige temaet, seier fylkesvaraordførar Stian Davies, som signerte erklæringa på vegner av Vestland fylkeskommune.
Håpar fleire følgjer etter
Fritidserklæringa byggjer på barnekonvensjonen til FN, artikkel 31, som seier at barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv. Tretten offentlege og frivillige organisasjonar signerte fritidserklæringa under frivilligkonferansen i Bergen 28. september.
Der deltok også kultur- og likestillingsminister, Lubna Jaffery, som håpar fleire fylke følgjer Vestland.
– Vi vil at alle barn og unge i hele landet skal ha høve til å vere med i kultur- og idrettsaktivitetar. Difor har eg lyst til å skryte av Vestland fylkeskommune som no går føre som landets første fylke med ei eiga fritidserklæring. Vi veit at avtalar om korleis ulike aktørar kan jobbe saman, med klare mål, bidreg til betre samarbeid for å få fleire med. Dette teiknar godt for barna og ungdomane i fylket her, og eg håpar fleire følgjer etter, seier Jaffery.
Viktig for frivilligheita
Vestland Idrettskrets er blant dei som har signert Fritiderklæringa Vestland. Leiar i ungdomsutvalet og styremedlem i idrettskretsen, Magnus Hesjedal Hartwig, er oppteken av at erklæringa skal styrke deltaking og engasjement.
– Fritidserklæringa fremjar barn og unge sin rett til fritid og aktivitet i trygge og sosiale miljø, og bidreg til at alle kan delta, uavhengig av bakgrunn. Erklæringa er viktig for frivilligheita gjennom å styrke deltaking og engasjement i lokale og regionale aktivitetar og organisasjonar, seier han.
Gjennom fritidserklæringa har organisasjonane blant anna forplikta seg til å jobbe for at fritidsaktivitetar skal vere opne, trygge og inkluderande, og at fleire arenaer skal vere universelt utforma.
No startar jobben
Andre mål i erklæringa er å fjerne både fysiske og psykiske barrierar for deltaking, og sikre at barn og unge får seie meininga si i utviklinga av fritidsfeltet.