Fleirtal i fylkestinget for bybaneutbygging til Åsane

Fylkestinget slår fast at Bybanen til Åsane skal byggast uansett. Det er klart etter vedtak i fylkestinget 2. oktober. Fylkestinget legg i vedtaket fleire føresetnader til grunn for kompromisset mellom Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.

foto av sal med politikarar
HISTORISK VEDTAK: Med vedtaket i fylkestinget 2. oktober har eit breitt fleirtal forplikta seg til å bygge Bybanen til Åsane og fortsette arbeidet med planlegginga. Vedtaket fekk 53 mot 10 stemmer (to representantar hadde fått permisjon frå tingsetet på tidpunktet for voteringa). (Foto: Per Byrknes)

I dag har både bystyret i Bergen og fylkestinget vedteke å forplikte seg til å bygge Bybanen til Åsane. Dermed kan ein fortsette med å planlegge og prosjektere parallelt med arbeidet med ny reguleringsplan knytt til kompromissforslaget for traseen til Åsane. 

Fylkestinget slår fast at Bybanen til Åsane skal byggast uansett, også dersom det viser seg at tunellalternativet presentert 9. august ikkje er gjennomførbart, anten av praktiske, tekniske, eller økonomiske grunnar. 

– Det er ingen tvil om at det har vore spenning i denne saka til siste slutt. Det har vore ein krevjande prosess, men no er vi endeleg i mål og vidare planlegging kan halde fram. Det er godt at både Bergen kommune og fylket no har eit solid fleirtal for å realisere Bybanen til Åsane uansett, slik at vi kan halde fram med den positive by- og kollektivutviklinga i Bergen, seier fylkesordførar Jon Askeland om vedtaket.

Han legg til at han er takksam for alt arbeidet som har vore lagd ned i saken både av politikarar i fylket og i Bergen samt fylkesdirektør. 

Betre trafikkavvikling, auka frekvens og klimakutt

Bybaneprosjektet er viktig for å redusere klimagassutslepp gjennom å overføre reisestraumar frå bil til bybane. Tiltaket er i tråd med nullvekstmålet og satsinga Vestland har på grøn omstilling. 

– Vidare utbygging av bybanen er eit viktig klimatiltak og vil gje betre trafikkavvikling i transportkorridoren mellom Åsane og Bergen sentrum, seier Askeland.

Ein gjennomgåande bane vil og kunne auke frekvensen på både linje1 og 2. Ferdig utbygd bybane til Åsane vil og bidra til utjamning av sosiale skilnader og betre mobilitet for nye område.

– Fylkeskommunen skal sikre gode kollektivløysingar for innbyggarane og ein skinnegåande bane til Åsane vil gje dei reisande eit forutsigbart og universelt utforma kollektivtilbod, seier fylkesordføraren.

Finansiering 

Det er styringsgruppa i Miljøløftet bypakke Bergen som skal gjere ein vurdering på finansiering av prosjektet. Dei vil deretter legge fram sak til politiske organ i Bergen kommune og fylkeskommunen. 

Fekk utbygginga på skinner igjen

Då Stortinget vedtok Nasjonal transportplan 2025-2036 i juni 2024, vart det klart at det er prioritert midlar til Bybanen mellom sentrum og Åsane, men at dei ikkje vert tilgjengelege før det er politisk einigheit om trasé gjennom sentrum. 
Vedtaket i Nasjonal transportplan gav difor stor usikkerheit for heile kollektivutviklinga i Bergen. Utan statlege midlar ville bygginga av Bybanen stoppe opp.
For å bokstaveleg talt å få prosjektet på skinner igjen, la Vestland fylkeskommune den 9. august fram eit kompromissforlag med ei tilråding om å byggje delar av Bybanen til Åsane i tunell gjennom Bergen sentrum, basert på tunellutgreiinga frå 2021. 

Vedtak i  fylkestinget 2. oktober
 

Dette forslaget vart sett fram av Stian Davies (Ap) og fekk fleirtal (53 mot 10 stemmer):

1). Vestland fylkeskommune anbefaler at tunnelalternativ 2C1 fra tunnelutredningen i 2021 blir lagt til grunn for videre planlegging, men med krav om nødvendige justeringer for å redusere utfordringer knyttet til kulturminner, grunnvann og kostnader. Følgende forutsetninger legges til grunn for et kompromiss mellom Bergen kommune og Vestland fylkeskommune:
a) Fylkestinget slår fast at bybanen til Åsane skal bygges uansett, også dersom det viser seg at tunnelalternativet ikke er gjennomførbart enten av praktiske, tekniske, eller økonomiske grunner.
b) Gjeldende reguleringsplaner skal opprettholdes inntil det foreligger gyldig reguleringsplan og statlig investeringsbeslutning for et tunnelalternativ. Gjenstående klagebehandling i Bergen kommune gjennomføres så snart som mulig.
c) Bybanen skal følge trasé i samsvar med reguleringsplaner vedtatt i Bergen Bystyre den 31.5.23 og 27.9.23, men justert ved at strekningen Kaigaten – Christiesgate –Allehelgens Gate – Nygaten - tunnelalternativ 2C1- Sjøgaten - Sandviksveien til Vågsbotn reguleres. Det skal være holdeplass og vendespor i sentrum og et underjordisk stopp i området rundt Sverresborg som skal betjene Sandviken og Fjellsiden.
d) Skulle det foreslåtte tunnelalternativ vise seg å ikke være gjennomførbart av tekniske, økonomiske eller kollektivfaglige årsaker forplikter partene seg til å bygge Bybanen langs Bryggen (DS1) og se på muligheten for å erstatte vedtatt trasé i Sandviken (DS2) med nytt traséalternativ i Sjøgaten, og sykkelløsning i Amalie Skrams vei.
e) Fylkestinget legg til grunn at det i styringsgruppen i Bypakke Bergen avtales justering av bompenger i tråd med finansieringsbehovet for Bypakke Bergen.
f) Prosjektet (Kaigaten – Vågsbotn) skal ikke overstige kostnadsrammen for utbygging av dagløsningen gjennom sentrum (Indeksregulert KS2 – 2024).
g) Den lokale enigheten forutsetter at Statens vegvesen snarest får midler til å starte arbeidet med å utbedre og forlenge Fløyfjellstunnelen mellom Nygårdstangen og Eidsvåg.
 
2. Etter vedtak om trasé i Vestland fylkesting og Bergen bystyre, kan arbeid med planlegging, prosjektering og grunnerverv videreføres med bruk av bompenger basert på Prp 11 S (2017-2018), gitt at premissene i punktene 1 a, b, c, d og f er oppfylt, og premissene i punktene 1 e og g blir oppfylt.