Fleire søker om tilskot til trafikktrygging

Refleksband til barnevogn, refleksjakt, valfag om trafikk og teater får i haust pengar til trafikktryggingsaktivitetar.

Reflekser i grått, svart og rosa ligger i ein haug.
TRAFIKKTRYGGING: Refleks er ein enkel og veldig god måte å vere synleg i trafikken på. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

To gangar i året deler Vestland fylkeskommune ut pengar til trafikktryggingsaktivitetar. 

I 2024 fekk fylkeskommunen 120 søknadar og talet på søkarar er aukande. Totalt er det sett av 2,7 millionar kroner til trafikktryggingsaktivitetar i 2024. Det var fleire søkarar i første tildeling då fylkeskommunen delte ut over 2,1 millionar kroner. I andre tildeling er 596 000 kroner er fordelt på 22 søknadar.

Desse får tilskot til trafikktryggingsaktivitetar:

Gloppen helsestasjon 10 000
 Kløvheim bygdelag   20 000
FAU Knarvik 9000
DeltaOlav Undeland 40 000
Hardanger og Voss væringshage 70 000
Stad helsestasjon 10 000
Måløy vgs. 40 000
Sogndal vgs.  10 000
Slåtthaug vgs.  35 000
FAU Davanger skule 10 000
Stryn vgs.  55 000
Meland FAU 10 000
Sædalen FAU 9000
FAU Minde 13 000 + 15 000
Nygård barnehage 20 000
Kaupanger skole 10 000
Sunnhordland sykkelklubb 15 000
TSU - Trafikkfagleg samarbeidsutval Nordhordland 100 000
FAU Ytrebygda skule 30 000
Kvinnherad kommune 40 000 + 25 000