Statleg støtteordning må bli betre for viktige vegprosjekt

Bru for ferje er nyttig fleire stader i Vestland, men trass den statlege støtteordninga for ferjeavløysingsprosjekt er dei økonomisk usikre for fylkeskommunen. – Vi fortset å presse på for å betre ordninga, slik det er no får vi ikkje realisert viktige vegprosjekt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Frå ei holme på kysten ser vi ut mot ein holme litt lenger ut i havet. To arbeidarar i oransje verneklede står i forkant på næraste holmen, dei ser på eit kranskip som set på plass eit stort, rundt betongfundament til ei søyle til ei bru som skal byggast over til den andre holmen. Ei svart og kvit lasteferje og eit par småbåtar med fleire vernekledde arbeidarar hjelp til rundt brufundamentet i sjøen. Gråvèr med grå himmel og grått hav.
PRESSAR PÅ: Brufundamenta for Ytre Steinsund bru kom på plass i august, det einaste ferjeavløysingsprosjektet under bygging i Vestland i dag. Fylkeskommunen pressar på for å betre støtteordninga og kunne realisere fleire slike "bru for ferje"-prosjekt i fylket. Foto: Heidi Ravnestad/Vestland fylkeskommune

Fylkestinget i Vestland handsama saka "Finansiering av ferjeavløysingsprosjekt" i møte 2. oktober 2024, og vil jobbe vidare med forbetringar av støtteordninga. Ferjeavløysingsordninga frå 2016 seier at fylkeskommunane kan bruke pengar som i dag går til ferjedrift, til å finansiere fastlandssamband som erstattar ferjesambandet. 

Økonomisk risiko og usikkerheit blir eit problem

– Ny bru og fastlandsforbindelse kan gjere fleire område i Vestland meir attraktive å bu og arbeide i, og hjelpe næringslivet i nokre av landets fremste verdiskapingsregionar, seier Askeland.

Men det som høyrast ut som ein god og enkel løysing er langt frå risikofri.  

– Ferjeavløysingsordninga til staten er i utgangspunktet til god hjelp med slike vegprosjekt, men den gjer det ikkje gratis! Det er eit problem at fylkeskommunen ber heile den økonomiske risikoen i desse store prosjekta. Dei blir erfaringsmessig dyrare, det er mykje kostnadsauke vi ikkje får dekka, og det kan gå 40 år før vi får att byggekostnadane. Vår økonomiske belastning må reduserast for at vi skal kunne bygge fleire fastlandsprosjekt, og vi jobbar aktivt med forbetringar av ordninga på fleire frontar, seier Askeland.

Tilskotet frå staten tek utgangspunkt i det fylkeskommunen får for å drifte ferja. Kor mange år ein får tilskotet er påverka av korleis kostnadane var på tidspunktet søknad til ordninga vart sendt. Om kostnaden vert høgare når prosjektet skal byggast, er det fylkeskommunen som må dekke det, noko fylkeskommunen erfarer no med bygging av bru over Ytre Steinsund i Solund.

Ni fastlandssamband er godkjente

Vestland har ni "bru for ferje"-prosjekt som er godkjente av staten som ferjeavløysingsprosjekt: Ytre Steinsund bru, Ytre Nordfjord/Kystvegen, Atløysambandet, Masfjordsambandet, Bjelkarøysambandet, Huftarøy-Reksteren, Huglo-sambandet, Sunnfast og Fjellbergsambandet. Ytre Steinsund bru er det einaste som er påbyrja i 2024, med ei kostnadsramme på 1,26 milliardar i 2023-kroner. Godkjenningane kjem etter lang tid med mykje kamp og engasjement frå lokalsamfunn og fylke, men det kan enno vere vanskeleg å realisere fylkesvegprosjekta. Fylkestinget vil vurdere Atløysambandet og Masfjordsambandet i den samla prioriteringa i budsjett 2025/økonomiplan 2025-2036 i desember.

Ny modell synleggjer kostnadane

Fylkeskommunen har laga ein reknemodell for ferjeavløysingsprosjekt i samarbeid med SYSTRA, då behovet for å tolke ordninga på rett måte er stort. Den viser dei økonomiske konsekvensane og skilnadane frå å drifte ferjene som i dag, og å bygge fastlandssamband.

– Dette er til stor hjelp for å forstå kostnadsbildet, også langsiktig. Modellen gjev ikkje ei samfunnsanalyse, men synleggjer økonomien i dei komplekse prosjekta. Vi gler oss til å dele denne med kommunane i fylket og andre, seier Askeland. 

Nytt av året er også at fylkesordføraren har tatt initiativet til eit kontaktutval for ferjeavløysingskommunane i Vestland, ein arena for dialog om prosessane og ordninga.

Rentekompensasjonen må aukast og bli varig

Fylkestinget ber no departementet gjere rentekompensasjonsordninga i ferjeavløysingsprosjekt om til ei varig ordning utan krav om ferdigstilling innan 2027. Vidare ber dei om at den årlege ramma til rentekompensasjon blir auka  slik at fleire ferjeavløysingsprosjekt i Noreg kan nytte ordninga samstundes.

– Brevet til samferdsleministeren er allereie sendt. Det er fylkeskommunane som må lånefinansiere prosjekta, det er vi som bygger ut og vi som no må ta all økonomisk risiko over lang tid. Vi gir oss ikkje på at dette er gode prosjekt, men finansieringa må endrast, seier Askeland.