Fem millionar til vidare utbygging av hurtigladarar

– Vi skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030, seier Oddmund Klakegg, leiar av hovudutval for næring. Utvalet har løyvt nær fem millionar kroner til vidare utbygging av hurtigladarar i Vestland.

Bilar som står på ladestasjon og ladar.
NYE HURTIGLADARAR: På seks stader i Vestland skal det kome nye hurtigladarar for elbil. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune

Pengane går til utbygging av totalt ni hurtigladarar på seks ladeplassar i fylket. På fem av ladeplassane skal Eviny Elektrifisering AS oppgradere og utvide eksisterande ladeplassar med åtte hurtigladarar: Spar Mongstad (Austrheim), to hurtigladarar, Knarvik (Alver), to hurtigladarar, Oppedal ferjekai (Gulen), ein hurtigladar, Ostereidet (Alver), to hurtigladarar og Svelgen (Bremanger), ein hurtigladar. I tillegg skal Bømlo kommune bygge ein ny hurtigladeplass i Langevåg sentrum.

– Denne utbygginga skal styrke det offentlege nettverket av hurtigladarar i Vestland. Vegtrafikken er ei av dei store kjeldene til klimautslepp. Med dette mogleggjer og bidrar vi til raskare omstilling og elektrifisering av bilparken, seier Klakegg.

Menneske som sit ved bord i stort rom
Eit samrøystes hovudutval for næring vedtok å bruke fem millionar kroner på nye hurtigladarar i distrikta i Vestland. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune

Er ikkje i mål

Sidan 2012 har fylkeskommunen engasjert seg i utbygging av offentlege hurtigladarar i fylket.

– Det er framleis behov for offentleg stønad til etablering av hurtigladarar i Vestland. Vi er ikkje i mål. Det skal vere praktisk å køyre elbil i heile fylket. Bygging av tilstrekkeleg infrastruktur, skal gjere det attraktivt å velje elektriske køyretøy og gje fortgang i omstillinga, seier utvalsleiaren.

Ved tildelinga er det lagt vekt på område med låg elbildel og lite trafikk med lågt kundegrunnlag. I tillegg er det lagt vekt på å løyse utfordringar for drosjenæringa.

Behov for drosjenæringa

– Vi har prøvd å møte behova som drosjenæringa har spelt inn, både i distriktskommunar og i meir urbane strok. Dette gjeld mellom anna i distriktsområda rundt Bergen, som til dømes nordlege delar av Nordhordland, Masfjorden/Masfjordnes, Osterøy, tidlegare Fusa/Eikelandsosen, i tillegg til Austevoll og Bremanger. For drosjenæringa er hurtigladarar, med høg effekt, gunstig då det gir kort ladetid. Likevel har vi ikkje har fått søknadar på alle dei plassane som drosjenæringa gjerne ønskjer å legge til rette for meir og betre lading, seier Klakegg.

Samfunnsnyttig

I tillegg til dei vedtekne tildelingane fekk fylkeskommunen 10 andre søknadar.

– Desse vurderer vi å vere samfunnsnyttige. Nokre av dei er også knytt til drosjenæringa. Men budsjettet gjer at mange gode søknadar ikkje kan få løyving. Vi har difor gjeve fullmalt til administrasjonen om tildeling av midlar til dei høgast rangerte av desse søknadene, dersom prosjekt fell frå eller ved eventuell justering av budsjettet, seier utvalsleiar Oddmund Klakegg.