Fekk inn om lag 700 høyringsinnspel til framtidig skuletilbod

Medan mange er opptekne av årets inntak til dei vidaregåande skulane i fylket, og elevar og lærarar førebur seg til eit nytt skuleår, ser fylkespolitikarane lenger inn i framtida. I haust skal dei vedta korleis det framtidige skuletilbodet i fylket skal vere.

Oversiktsbilde frå skulebibliotek, der det sit ein del elevar ved bord og jobbar.
TILBODSSTRUKTUR: Den nye tilbodsstrukturplanen skal seie noko om kva opplæringstilbod som skal vere ved dei ulike vidaregåande skulane i Vestland. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Då utkastet til heilskapleg plan for tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring var ute til offentleg høyring i vår, kom det inn om lag 700 høyringsinnspel frå heile fylket. Alle desse er tilgjengelege på nettsida til fylkeskommunen.

Les alle høyringsinnspela

Høyringsinnspela er samla i eit dokument, og dette er lagt ut på denne sida. Her finn du også eit dokument som heiter «Oppsummering av høyringsinnspel».

I prosessen med tilbodsstrukturen hadde politikarane i fylkestinget høve til å stille spørsmål gjennom verktøyet Framsikt. Både spørsmål og svar blei lagde ut og gjorde tilgjengelege for alle. Her kan du lese alle spørsmål og svar.

Vidare prosess

Administrasjonen i fylkeskommunen har gjennom sommaren gått gjennom høyringsinnspela og lagar no eit nytt forslag til tilbodsstruktur. Hovudutval for opplæring og kompetanse og yrkesopplæringsnemnda skal behandle dette 28. august, før det går vidare til ulike utval og endar opp i fylkestinget, som skal gjere endeleg vedtak i møtet i oktober.

Det er lagt opp til slik politisk behandling av planen:

  • Yrkesopplæringsnemda og hovudutval for opplæring og kompetanse 28. august (fellesmøte)
  • Yrkesopplæringsnemnda 3. september
  • Vestland ungdomsråd 6. september
  • Hovudutval for opplæring og kompetanse 11. september
  • Fylkesutvalet 19. september
  • Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 27. september
  • Fylkestinget skal endeleg vedta tilbodsstruktursaka 1. og 2. oktober

Les meir om prosessen med tilbodsstrukturplanen på denne sida.