Fann 3500 år gamal holkøks

Eirik Ulvatne har gjort mange funn med metalldetektoren sin, men aldri har han funne noko frå bronsealderen.

Ein 3500 år gamal øks frå bronsealderen. Øksen ligg på kvitt papir og er ca. 12 centimeter lang. Den har jord og små røter på seg etter å ha lagt i jord lenge.
BRONSEALDER: Holkøksa er frå 1100 før vår tidsrekning. Foto: Silje Christine Alvsaker/Vestland fylkeskommune

I ein syltetøyplastboks ligg den 3500 år gamle holkøksa i bronse pakka inn i jord. Eirik Ulvatne sørga for at øksa raskt blei lagt tilbake i jord og oppbevart kjøleg, slik arkeolog Jostein Aksdal i Vestland fylkeskommune har lært han.

— Det er draumen å gjere eit slikt funn, seier Ulvatne.
Øksa låg nesten på overflata, seier han og viser med hendene kor lite jord den var dekka med, kanskje 20-30 centimeter.
Ei holkøks er eit universalreiskap som vart brukt til ulike typar grovarbeid i jord og med tre. 

Eirik Ulvatne har funne ei 3500 år gamal øks. Den har han levert til Vestland fylkeskommune.
RINGER JOSTEIN: Eirik Ulvatne fann den 3500 år gamle øksa. Han ringer arkeolog Jostein Aksdal når han gjer interessante funn. Foto: Silje Christine Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Godt bevart

— Ho var ikkje mange minuttane i friluft. Bronse og messing forvitrar gjerne, så det er om å gjere å stanse forvitringa, seier Ulvatne som passa godt på at øksa ikkje tørkar ut.

— Det har nok vore lite luft, og er jorda våt og kompakt helde det seg bra. Eit døgn i friluft så hadde det begynt å bli grønt, seier Aksdal.

— No kan eg puste letta ut, no er det Jostein sitt ansvar, seier Ulvatne.

Det er langt i frå første gang at Ulvatne har gjort funn, men som oftast er det skrot som bruskorkar og aluminium. Når han finn noko av interesse, ringer han alltid til Aksdal. Fylkeskommunen har tidlegare fått inn viktige og spennande funn frå førhistorisk tid gjennom metallsøking, og det er fylkeskommunen du ringer for å få råd og hjelp når du har gjort funn.

— Vi har lært litt etter kvart, men er ikkje ekspertar, seier Ulvatne.

Med «vi» meiner han seg sjølv og kona, som også har ein metalldetektor. Innimellom er broren med.

Eit offer

Etter at Aksdal har sett på øksa meiner han at den er frå overgangen mellom eldre bronsealder og yngre bronsealder, 1700 før vår tidsrekning (fvt.) til 500 fvt. Skiljet mellom dei to er rundt 1100 fvt. Seinare viste det seg at øksa er frå tredje periode som er mellom 1300 og 1100 fvt., så Aksdal og Ulvatne har treft ganske bra.

– Øksa er nok lagt der, det kan ha vore eit offer. Ho er ikkje hogd ved med og har ikkje vore i bruk, seier Aksdal.

Arkeolog Jostein Aksdal held ein 3500 år gamal øks i handa si. Øksa er dekka med jord frå plastbøtta den er oppbevart i.
FUNN: Arkeolog Jostein Aksdal undersøker holkøksen før den skal vidare til Univeristet i Bergen for røntgenfotografering. Foto: Silje Christine Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Han fortel at det er blitt laga bronseøkser, men at det ikkje er bronse her. Øksa kan difor ha komme langvegs frå før ho enda på Fitjar.

Reisa vidare for holkøksa er til Universitet i Bergen (UiB) der den skal bli røntgenfotografert. I samlinga på UiB finst det eit par andre liknande økser i mindre storleik.

Grensa for innleveringsplikt går ved reformasjonen i 1537.

– Vi kan vere heldige å finne sølvmyntar som ikkje er innleveringspliktige, men det vi finn gir vi alltid til grunneigar, seier Ulvatne.