Ber reisande følgje med på både veg- og vêrvarsling

– Vi jobbar førebyggande, følgjer med vêrsituasjonen og vurderer konsekvensane av ekstremvêret som er meldt, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal.

oversiktsbilde frå lufta, fjell møter fjord, veg går langs fjorden, elv kjem ned over vegen og har ført med seg stein- og jordmassar som dekker vegen. Haust, skogen har mista lauv. Gråvêr.
STENGDE VEGAR: Store nedbørsmengder treff Vestland og med det kjem fare for sørpeskred og flaum, som her på fv. 55 i Lånefjorden hausten 2023. Fylkeskommunen stenger fleire vegar allereie onsdag 30. oktober av omsyn til tryggleiken for trafikantane, sjå trafikkmeldingar på 175.no. Foto: Vestland fylkeskommune

– Vi oppmodar alle til å følge med på lokale vegmeldingar og trafikkmeldingar på 175.no, og vise varsemd om dei skal ut i trafikken når uvêret treff fylket. Dei som skal nytte kollektivtransport, må sjekke skyss.no eller Skyss-appen om ruter og tilbod kan vere innstilte eller endra, seier Haugsdal vidare. 

Førebuing på fylkesvegane 

På fylkesvegane er vi i gang med førebuande tiltak. Fleire fylkesvegar blir stengde allereie onsdag grunna fare for skred og flaum, av omsyn til tryggleiken for trafikantane. Ny vurdering her blir gjort fredag 1. november. Det blir jobba med tiltak som rydding av stikkrenner og grøfter og sikring av kumlokk.  

Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde er allereie stengt. Vestland fylkeskommune følger nøye med på situasjonen på fylkesvegane, og gjer vidare tiltak dersom dette blir naudsynt. Fleire vegar kan bli stengde preventivt og på kort varsel, og det er såleis viktig at alle som skal ut og køyre sjekkar 175.no før dei set seg i bilen.  

Skyss følgjer situasjonen tett 

Kollektivtrafikk og skuleskyss går som normalt med mindre lokale forhold fører til stengde vegar. Skyss følger situasjonen tett, og ber dei reisande følgje med på skyss.no eller i Skyss-appen, i tillegg til 175.no for veginformasjon. 

– Alle må følgje med på vegane «sine» 

Rektorane på dei vidaregåande skulane til fylkeskommunen følger med på det som skjer av tiltak på veg og kollektiv, og vil halde seg til retningslinjer i dei enkelte kommunane. Det er i forkant av varselet ikkje planlagd for heimeskule på dei vidaregåande skulane.  

– Det er viktig at alle følgjer med på dei lokale forholda på vegane der dei held til, både skuleelevar, pasientar i tannhelsetenesta og alle andre reisande. Når dette vêret slår til, veit vi ikkje kva som ventar rundt neste sving, og ting kan endre seg raskt. Eg rår alle til å halde seg oppdaterte på 175.no, både på nettsida og i appen, seier fylkesdirektøren. 

Sjå trafikkmeldingar/175.no