Drift av kollektivtilbod har aldri vore dyrare

Fylkesutvalet vart tysdag orienterte om bruken av statlege belønningsmidlar knytt til drift av kollektivtransport i storbyområda. Pengane frå staten skal gå til utvikling av kollektivtilbodet, men den høge prisveksten gjer det utfordrande berre å oppretthalde dagens ruteproduksjon og urealistisk å auke produksjonen.

foto av buss og bybane i Bergen sentrum
VESENTLEG KOSTNADSAUKE: Kostnadsauken er så krevjande at det er utfordrande berre å oppretthalde dagens ruteproduksjon. (Foto: Sandor Dahl / Åsane Tidende)

– Det er eit paradoks at den gode veksten i kollektivreiser vi har sett i Bergensområdet har ein så høg kostnad at vi ikkje klarer å følgje opp etterspurnaden frå dei reisande, seier fylkesordførar Jon Askeland. 
 
Belønningsmidlane er ei statleg ordning for å styrke kollektivtransport i storbyområda. Dei byområda som kan vise til eit stigande tal på kollektivreiser, samtidig som bilbruken går ned, vert belønna med ein større del statlege midlar. 

Gjennom Byvekstavtalen er eit samarbeid om vidare utbygging av kollektivtrafikk, gang- og sykkelvegar, innfartsparkering og miljøvenleg teknologi. Den skal gjelde for 11 år, frå 2019 til og med 2029. I avtalen har staten plikta seg til å bidra med 13,271 milliardar kroner for heile perioden.mottek Vestland fylkeskommune belønningsmidlar frå staten til drift av kollektiv. I gjeldande avtale (2019-2029) ligg potten til drift av kollektiv på 280 millionar (2020) kroner årleg. Midlane har blitt nytta til ei rekke tiltak, mellom anna: 

  • Styrking og omlegging av stamlinjenettet i Bergen
  • Styrking av kollektivtilbodet på Nygårdshøyden og Nordnes/Nøstet
  • Styrking av kollektivtilbodet til Bergen Sør/Fyllingsdalen og Bjørnafjorden
  • Ulike kommunikasjonstiltak og samkøyringsordninga i Bergen Vest

Må få auka statleg støtte 

Fylkesordføraren er uroa for at vi enno ikkje ser slutten på ein periode med uvanleg høg prisvekst.
 
– Vi har nytta belønningsmidlane på best mogleg måte, og ei rekke tiltak er iverksette takka vere dei. Men ufordringa er at desse tiltaka  dreg med seg kostnader framover i tid. Den uvanleg høge kostnadsveksten vi har sett dei siste åra, svekkar handlingsrommet vårt. Den einaste måten å halde fram den gode utviklinga med vekst i kollektivsektoren er å få auka dei statlege tilskota. Her må staten erkjenna at nullvekstmålet har ein kostnad, og setja fylkeskommunane i stand til å nå dette målet, understrekar Askeland. 

Kostnadsvekst hindrar utvikling fylkeskommunen har finansiert

Dei tiltaka som tidlegare har vore iverksett kostar vesentleg meir no, og denne tilleggskostnaden har fylkeskommunen i stor grad finansiert over eigne budsjett, ettersom belønningsmidlane allereie er avsett til planlagde tiltak.

Den generelle prisveksten vert påverka av internasjonale forhold, straum- og oljepris, lønsauke, vedlikehald, miljøkrav, med meir. Drift av kollektivtransport innanfor avtaleområdet er styrt gjennom langsiktige kontraktar. Den generelle  prisveksten har gjort at kontraktane har fått ein stor kostnadsvekst utan at tilbodet har vorte styrka.   
Fylkeskommunen har dei siste åra opplevd ein kostnadsvekst på fleire hundre millionar kroner utover Kommunal deflator er den teoretiske løns- og prisveksten staten bereknar for å kompensere kommunar og fylkeskommunar med. Når reell kostnadsvekst overstig kommunal deflator må vi dekka mellomlegget sjølv.
 
– Drivarane i kontraktane er løn, energi, rentekostnader og valuta. Her peiker pilane berre oppover og i ein stram fylkesøkonomi klarar vi ikkje å tette holet mellom dei reelle kostnadene og det vi får i belønningsmidlar, seier Askeland.

Kostnadsauken er så krevjande at det er utfordrande berre å oppretthalde dagens ruteproduksjon, og urealistisk å styrka kollektivtilbodet.  

Prioriterer nokre nye prosjekt

Vestland fylkeskommune har likevel prioritert oppstart av nokre få nye prosjekt finansiert av dei statlege midlane:  

  • Frå og med neste år vert det nytta 11 millionar kroner ekstra til årleg ruteendring i byvekstavtaleområdet
  • 35 millionar kroner til styrka rutetilbod og nytt båtsamband til Askøy  
  • Frå 2027 (når det nye Sotrasambandet opnar) vert det avsett 10 millionar årleg til styrka rutetilbod i Øygarden
     

    Saka har tidlegare vore oppe i Miljøløftet si styringsgruppe. Sidan fylkeskommunen er mottakar av midlane og ansvarleg for kollektivsystemet, vart saka også lagt fram for fylkesutvalet.

    Til sak 261/24 Bruk av belønningsmidlar til drift av kollektiv i Bergensområdet