Desse får årets idrettsstipend

Ti unge idrettsutøvarar får utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune.

Rekke med menneske.
STIPEND: Ti unge idrettsutøvarar fekk 40 000 kr kvar i utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune under tilstellinga i Vestlandshuset 17. desember. (Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune)

– Det er kjekt å sjå at det er så mange unge talent i mange ulike idrettar rundt om i fylket! Dette er resultat av ein solid eigeninnsats, men også av langsiktig og grundig arbeid av frivillige, trenarar og støtteapparat. Med utviklingsstipendet ønskjer fylkeskommunen å motivere og støtte til vidare satsing, slik at dei kan vidareutvikle seg i idretten sin, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Idrettsstipenda er på 40 000 kr og vart delte ut på ei tilstelling på Vestlandshuset i Bergen 17. desember.

107 søknadar

Utviklingsstipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan idretten sin, og desse får årets utviklingsstipend:

  • Sebastian Menze, klatring i Bergen klatreklubb (parastipend)
  • Marte Skodvin Mjaatvedt, karate i Bjørgvin Karateklubb
  • Tomine Svendheim, fotball i Sportsklubben Brann
  • Madeleine Sylvester-Davik, alpint i Tertnes Alpin
  • Embla Matilde Njerve, friidrett stav i Bergens turnforening
  • Adrian Mol, sandvolleyball i Strandvik sandvolleyballklubb
  • Isak Børslien, stuping i Bergen Stupeklubb
  • Felix Kraavik Svanberg, padling i Fana kajakklubb
  • Marte Hovland, friidrett løp i Vik idrettslag
  • Mikal Grimstad Uglehus, landevegssykling i Bergen Cykleklubb

Det kom inn 107 søknadar om utviklingsstipend i år, frå 61 gutar og 46 jenter. 21 kommunar og 34 idrettar var representerte blant søkjarane.

Heider til OL- og VM-medaljørar

Idrettsutøvarar frå Vestland som har fått medaljar i VM eller OL i året som har gått, fekk også heider på møtet. Dei får òg kvart sitt kunstverk frå Vestland fylkeskommune. Dette er utøvarane:

  • Tommy Urhaug, bordtennis, Stord BTK (paraidrett)
  • Vegard Sverd, friidrett, IL Norna-Salhus (paraidrett)
  • Salum Kashafali, friidrett, IL Norna-Salhus (paraidrett)
  • Tarjei Bø, skiskyting, skiskyting, Markane IL
  • Johannes Thingnes Bø, , skiskyting, Markane IL
  • Sverre Lunde Pedersen, skøyter, Fana IL
  • Håvard Holmefjord Lorentzen, skøyter, Fana IL
  • Anders Mol, sandvolleyball, Beachvolley Vikings/Strandvik IL