Blodig alvor

Rop om hjelp er det einaste som trenger igjennom den tjukke røyken som fyller tunnelen. I røykhavet er det ikkje lett å sjå at ein buss og ein lastebil har kræsja. Ulykka er alvorleg, og fleire er hardt skada.

Bildet viser ein brannbil og ein ambulanse med blålys i ein tunell. Ein brannmann bærer ein pasient over skuldra mot ambulansen. Foran i bildet står ein brannmann med ryggen til.
REALISTISK: Brannvesenet og ambulanse rykka ut til Løvstakktunnelen i Bergen etter melding om brann. Denne gangen var det øving, men naudetatane visste ikkje det på førehand. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Sidan mai har brannvernleiar på avdeling for infrastruktur og veg, Marie Svendal Hatlen, planlagt beredskapsøvinga. Naudetatane skal øve på tunnelbrann i Løvstakktunnelen i Bergen. Naudetatane sjølve veit ikkje om det, men tolv frivillige frå Raude kors har i timane før sminka seg blodige med opne sår. Nokon har brotskadar og indre blødningar.

Kveldens beredskapsøving er den største Marie har hatt. Ho har bakgrunn frå førebyggande arbeid i brannvesenet, og no har ho ansvar for rundt 80 tunnelar i fylket. Kvart fjerde år skal det vere ei fullskalaøving.

For Marie er det viktig å kjenne tunnelane for å vite korleis ei ulykke kan handterast på ein effektiv måte.

Hemmeleg

Scenarioet er at fleire køyretøy er involvert i ei ulykke 400 meter inn i tunnelen. Ein lastebil hamnar i motsatt køyrefelt og kræsjer med ein buss. På bussen er det sju passasjerar. Bak bussen er det fleire bilar som har køyrd i kvarandre.

— Alle køyretøya står i eitt felt. Skulle det skje noko uføresett under øvinga, har vi eitt felt utan bilar og kan opne tunnelen om det blir nødvendig, seier Marie.

Bildet viser brannvernleiar Marie Svendal Hatlen og ein brannmann. Dei står begge i tjukk røyk inne i ein tunnel. Marie har kvit hjelm og gul jakke på. Ho har to walkietalkier, ein i kvar hand. Brannmannen bak ho har raud hjelm og maske på.
ØVING: Brannvernleiar i Vestland fylkeskommune, Marie Svendal Hatlen, har planlagt øvinga i mange månadar. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Fleire frå Bergen brannvesen er med på det siste møtet før øvinga går i gang. Ein brannkonstabel lurer på om det står fysiske vakter utanfor tunnelen. Dei opplever dessverre for ofte at folk ignorer både raudt blinkande lys, «stengt»-skilt og i nokre tilfelle også bommen.

Det har vore mykje planlegging for to timar. Helse, brannvesen, ambulanse, Vegtrafikksentralen, 110-sentralen, AMK-sentralen, Raude Kors, Tide, Presis vegdrift, til saman rundt 60 menneske er involverte. Og det er utanom dei som rykker ut. Øvinga er hemmeleg for å vere så realistisk som mogeleg for naudetatane.

Erfaren «pasient»

Ivar Nilsen har eit djupt kutt i panna. Han veit allereie utfallet av kollisjonen han forårsakar som lastebilsjåfør. Bussjåføren han kræsjer med døyr.

— Eg lærer mykje av å vere med på øvingar. Med markørar blir hendinga meir realistisk sånn at dei som øver får best mogeleg utbytte, seier han.

Ivar har vore aktiv i hjelpekorpset i Raude kors i 22 år, og begynte som markør i 1986.

Bildet viser Ivar Nilsen som er markør for ei beredskapsøving. Han er sminka til å se skada ut og har eit kutt i panna.
SKADA: Ivar Nilsen har fått sminka eit kutt i panna. Han er frivillig frå Raude kors og er med på øvinga som skadd lastebilsjåfør. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

— At eg kan bidra er ein måte å gi noko tilbake på. Eg er ufør, men som frivillig kan eg velje sjølv kor tid eg kan vere med. No er eg stort sett sjåfør fordi lungekapasiteten min er dårleg, fortel han.

Teaterrøyk, sjølv i store mengder, er ikkje farleg, men berre i tilfelle han treng det, har han med seg astmamedisin.

Alarmen går

Markørane forsvinn inn i rollene sine når tunnelen blir fylt med røyk. Det er ikkje mogeleg å sjå ein meter framfor seg. Snart høyrest sirener over skrika frå tunellen, og ikkje lenge etter kjem blålysa gjennom røyken.

Bildet viser tjukk røyk som delvis dekker fire brannmenn som står i ein tunell. Bak dei står ein brannbil med blålys på.
UTRYKKING: Brannvesenet er først til skadestaden då naudmeldinga kom. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Brannmannskapet enser ikkje dei mange observatørane som har fått beskjed om å stå bak den kvite linja for å ikkje forstyrre. Dei får oversikt og evakuerer dei som kan gå sjølve, og stabiliserer dei som treng meir hjelp til ambulansen kjem. Det går kjapt. Ein blir bært over skuldra, nokon er forvirra og blir geleida i tryggleik. Fleire blir frakta vekk på båre. Det heile ser ganske dramatisk og realistisk ut.

Sjølvberging

Når alle er redda og klarert blir det ein pause. Naudpersonell blir avløyst, mens resten skal øve på sjølvbergingsprinsippet.

Tunnelen blir fylt med røyk igjen. Plutseleg er det vanskeleg å sjå, og retningssansen forsvinn.

Bildet viser to brannmenn i tjukk røyk inne i ein tunell. Det er beredskapsøving og dei øver på tunell i brann. Foran dei er eit køyretøy.
RØYK: Brannvesenet er kjapp med å lokalisere køyretøya, og får oversikt over kor mange som er skada. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

— Skjer dette på ordentleg har du har ti minutt på deg frå hendinga skjer til å komme deg ut. I ein tunnelbrann er det blå og giftig røyk som riv deg i lungene. Det er vanskeleg å puste, du får sot i ansiktet og auga. Dette var ein leik, seier Ove Amundsen, brannvernleiar i Statens vegvesen.

— Vi har eit prinsipp som heiter sjølvberging. Det vil seie at du har ein plikt til å komme deg ut. Det same gjeld heime. Brenn det heime, gjer du ein innsats så du kjem du deg ut.

Brannvesenet fekk rett

Idet øvinga er i ferd med å ta slutt dukkar det opp ein kvit personbil ved innkøyringa til tunnelen. Ein bilist har køyrd forbi raude blinkande lys og to oransje skilt der det står at tunnelen er stengt. Bilen blir geleida over Puddefjordsbrua igjen.

— Folk veit tunnelen er stengt, men dei køyrer likevel. Tenk om det faktisk hadde vore brann, seier Morten Frantzen i Bergen brannvesen.

Øvinga gjekk nesten heilt etter planen, og Marie er fornøgd. 

— Det var naturleg trekk i tunnelen så vi måtte improvisere litt med ventilasjonsanlegget for å halde på røyken til naudetatane var framme på skadestaden. Eg fekk ikkje høyrd naudmeldingane til 110-sentralen og VTS, men tilbakemeldingane er at det gjekk etter planen. Eg er fornøgd med øvinga og veldig takknemleg for alle dei flinke folka som var med.

 


 

Sjølvbergingsprinsippet

Når det brenn i en tunnel, må du i utgangspunktet redde deg sjølv. Gå motsatt veg av røyken, med mindre det brenn der.

Dersom du hamnar i ei ulykke bør du gjere dette:

  • Ikkje køyr inn om tunnelen er stengt.
  • Er du i tunnelen må du komme deg raskt ut – ikkje vent på hjelp.
  • Bruk naudtelefon, ikkje mobil. Naudtelefonboksane har brannslokkingsapparat. Det er mellom 125 og 250 meter mellom kvar boks.
  • Fjernar du eit brannslokkingsapparat, varslar du automatisk Vegtrafikksentralen.
  • Lytt til radio. I mange tunnelar finst det eit skilt med «P1» på. Blinkar skiltet må du skru på radioen på P1. Vegtrafikksentralen kan lese opp meldingar som gjeld spesielt for den tunnelen du er i om noko har skjedd.