Avlyser konkurranse om hurtigbåtar med nullutsleppsteknologi  

Manglande medfinansiering frå staten gjer at Vestland fylkeskommune for andre gong avlyser konkurranse om nye hurtigbåtar mellom Bergen og Nordfjord og Bergen og Sogn/Flåm. – Det var ikkje anna råd. Utan økonomisk drahjelp frå staten, ville vi måtta kutta i kollektivtilbodet dersom vi ikkje avlyste tilbodet no, seier fylkesordførar Jon Askeland.

foto av hurtigbåt i Sogndal
KLIMAVERSTING: I dag er hurtigbåtane ein av klimaverstingane. Berre i Vestland fylke slepper desse ut meir CO2 enn ferjene og bussane til saman. (Ilustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Dette er eit tap for innovasjonen i det grøne skiftet. Det er mogleg å få til langdistansehurtigbåtar med nullutsleppsteknologi no, men det er svært kostbart. Staten har bedt fylkeskommunane om å redusere klimagassutsleppa frå kollektivsektoren. Vestland har lenge gått i tet i dette arbeidet. Hurtigbåtane er ein av klimaverstingane, berre i Vestland fylke slepper desse ut meir CO2 enn ferjene og bussane til saman. Nullutsleppsteknologien er likevel særs kostbar, og ville påført fylkeskommunen kring 100 millionar kroner i årlege meirkostnader. Vi har jobba lenge med staten i å få til ei kompensasjonsordning for dette, og hadde gode signal om at dette kom på plass i juni i år, men det låg ikkje inne i revidert nasjonalbudsjett. Dermed måtte vi avlyse kontrakten. Vi er fortvila over situasjonen, men vi har ikkje gitt opp, seier fylkesordførar Jon Askeland etter vedtaket på fylkestinget i dag.

Skal leite etter løysingar

No har fylkesdirektøren fått i oppdrag å utgreie kva moglegheiter det er for snarast råd finna løysingar som sikrar nullutsleppsteknologi, låge kostnader, og godt tilbod til dei reisande.

– Vi leitar no etter om det er mogleg å løysa utfordringa i fleire steg, og vi vil arbeide vidare med desse spørsmåla over sommaren, seier Askeland.

Då saka var oppe til handsaming, vedtok politikarane å jobbe vidare mot eit nullutsleppsmål, sjølv om statlege midlar let vente på seg.
 
– Vestland fylkeskommune har med eit samla fylkesting i ryggen hatt ein klar intensjon om å gå fremst i det grøne skiftet og syte for at båtrutene mellom Bergen og Nordfjord og Bergen og Sogn/Flåm vert drifta med nullutsleppsteknologi. Dette har vore eit prosjekt fylkeskommunen har jobba hardt med i fleire år, med oppstart i gamle Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2019. No er vi nøydde til å tenke nytt, og ser fram til at vi til hausten får sak om kva alternative løysingar som finst på kort og lang sikt. Tida jobbar for oss, slår fylkesordførar Jon Askeland fast.

Avlyst for andre gong

I dag er båtrutene mellom Bergen og Nordfjord og Bergen og Sogn/Flåm dei mest energikrevjande hurtigbåtsambanda i landet. Årleg reiser rundt 300 000 passasjerar med dei fire hurtigbåtane på sambanda. Dei har anløp i 22 hamner. Totalt køyrer båtane om lag 600 000 kilometer årleg.

I dei nye kontraktane skulle utsleppa kuttast med 70 til 95 prosent årleg. Det utgjer 17 000 tonn co2. 

– Skal vi nå målsettingane om mindre utslepp, er vi nøydde til å få meir miljøvennlege hurtigbåtar, har fylkesordførar Jon Askeland tidlegare uttalt.

Kravet om nullutsleppsteknologi for båtrutene mellom Bergen og Nordfjord og Bergen og Sogn/Flåm frå 2026 vart vedteke på fylkestinget i februar 2023. Fristen for anbod vart den gongen sett til januar 2024. I desember 2023 vart konkurransen avlyst, og konkurransen kunngjort på nytt med eit atterhald om statleg medfinansiering. Tilbodsfristen vart med dette endra til våren 2024. Med vedtaket i fylkestinget 19. juni vart konkurransen avlyst for andre gong. 

Legg fram ny sak

Det skal no leggast fram ny sak til fylkesutvalet med tilråding for innretning av konkurransen for båtrutene. På fylkestinget 19. juni vart det vedteke fleire tilleggspunkt til saka, blant anna at tilbodet i ny kontrakt skal baserast på dagens ruteproduksjon og regularitet, og at brukarperspektivet skal vektleggast tungt.
 
Fylkestinget vedtok også at størst mogleg reduksjon av klimagassutslepp er viktig, og er eit sentralt mål etter Regional plan for klima: «Målet til fylkestinget er at ein får ein kontrakt som har store klimaambisjonar, samstundes som ein held seg innanfor ei økonomisk berekraftig ramme og sikrar eit godt, føreseieleg og effektivt tilbod til dei reisande. Fylkestinget ber fylkesdirektør kome tilbake med forslag til nytt konkurransegrunnlag for framtidig anbod basert på desse premissa». 
Vidare vedtok fylkestinget at følgjande moment vert drøfta i samband med nytt konkurransegrunnlag:

  • Korleis ENOVA og andre verkemidlar kan bidra til høgast mogleg utsleppskutt.
  • Tilpassing av rutestruktur og opning for ei viss fleksibilitet for liggetid ved kai for mellom anna lading, batteribytte eller andre tiltak som kan sikre nullutslepp eller høgast mogleg grad av utsleppskutt. Dette skal vegast opp mot tilbodet til dei reisande.
  • Om kontrakten ikkje endar med nullutslepp er det viktig å synleggjera og kvantifisera konsekvensar for økonomi og forventa klimakutt. Dette må også sjåast i samanheng med vedtekne klimamål og ambisjonar fram mot 2030 og vidare.
  • Korleis anbodet kan rettast inn slik at utsleppskutt vektast høgt, og slik at anbodet potensielt kan vinnast av eit nullutsleppsanbod innanfor økonomisk rimelege grensar.
  • Om ein kan ha eit kortast mogleg anbod for å sikre drift, og så snarast råd utlyse eit lengre anbod med nullutsleppskrav etter at krav og kompensasjonsordning er innført i 2025.
  • Korleis kvotepris på klimagassutslepp vil utvikle seg i anbodsperioden, og om dette vil påverke kostnadane for fylkeskommunen i framtida. Det bør og antakast at heile eller delar av auka kvotepris/kostnadar for Co2-utslepp ikkje kompenserast heilt eller delvis i framtida.
     
    Til saka PS/ 55 2024 Konkurranse om båtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm - manglande finansiering og avlysing av konkurranse