Aukar takstane på buss, bane, båt og ferje

Fylkestinget har vedteke prisauke frå 1. august.

Bybanevogn med pride-flagg fremst.
KOLLEKTIVTRAFIKK: Det blir prisauke i kollektivtrafikken i Vestland frå 1. august. (Illustrasjonsfoto av bybanen i Bergen: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune)

Under fylkestinget i Ulvik 18. og 19. juni behandla fylkestinget blant anna rekneskapsprognosen per april i år (tertialrapport). Denne syner den økonomiske situasjonen for fylkeskommunen, målt mot budsjettet for 2024. 

Auka kostnadar krev meir inntekter 

Prognosen syner eit meirforbruk ved utgangen av året på 143,8 mill. kr. Hovudforklaringa er auke i kontraktskostnadane med store utslag for mobilitet og kollektiv, der prognosen er meirforbruk 127,0 mill. kr. 

– Dei økonomisk krevjande tidene slår inn med ein voldsom kostnadsauke på kollektivkontraktane. Desse gir oss eit stort underskot, som krev tiltak. Kollektivtrafikken veks vidare, så vi kan ikkje redusera tilbodet. Staten gir oss ikkje økonomisk hjelp, dermed står vi att med at vi må auke prisane. På buss og bane skjermar vi i størst mogleg grad dei faste reisande, og har berre ein liten auke på periodebillett. Her aukar vi enkeltbilletten med tre kroner. Vi vidarefører ordninga med reiserabatt. Dette gjev rabatt frå reise nummer to ved kjøp av enkeltbillett på appen, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

For dei andre sektorane i fylkeskommunen er det i stor grad balanse mellom rekneskap og budsjett per april. 

Fylkestinget har vedteke slike endringar frå 1. august: 

  • Takstane på enkeltbillett på buss og bane aukar med 3 kr i ei sone. 
  • Takstane på enkeltbillett på hurtigbåtar inkludert i sonesystem aukar med 3 kr i ei sone. 
  • Takstane på periodebillett aukar med 10 kr i ei sone. 
  • Alle ferjestrekningar med betaling aukar med ei takstsone. 

Detaljane kjem på skyss.no i pristabellar i veke 26.

Auke i ferjepris på elbil 

Fylkestinget behandla i same møte også sak om takstar for lette nullutsleppskøyretøy (elbilar) på ferje. Her har Samferdselsdepartementet endra regelverket, slik at rabatten for lette nullutsleppskøyretøy på riksvegferjer blei redusert til 30 prosent frå 1. mars i år. 

Fylkestinget følgjer staten og vedtok å redusere rabatten for slike køyretøy frå 50 til 30 prosent frå og med 1. september. Såleis blir det same rabatt for nullutsleppskøyretøy på fylkesveg- og riksvegferjesamband.