Askøybrua får naudsynt vedlikehald

Fylkestinget løyvde 149 millionar kroner til viktig vedlikehald av Askøybrua i møte 19. mars 2024. Utbetring av hovudkabel og øvre hengestagsfeste på brua startar etter planen allereie i mai.

Nærblide av kablar og hengestagsfeste på Askøybrua i forkant, vi ser vegen på brua under med ein kvit bil i retning mot oss, og to bilar lenger borte på brua på veg vekk frå oss, grøn vegetasjon på Askøy i bakgrunnen og blå himmel.
NAUDSYNT VEDLIKEHALD: Arbeidet med Askøybrua som tek til i mai i år skjer i høgden og vil få små konsekvensar for trafikken. Vedlikehaldet må til for å sikre den sterkt trafikerte hengebrua, som skal ha ei levetid på 100 år. Foto: Vestland fylkeskommune

– Askøybrua er einaste vegsambandet mellom Askøy og fastlandet og trafikken er stor. Brua representerer dessutan store verdiar som må vedlikehaldast for å sikra brua ei levetid på 100 år. Derfor prioriterer vi no naudsynt og kritisk vedlikehald for at den skal tole påkjenningane som vèr, vind og trafikk utsett den for, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Hengestagsfeste må byttast ut

Det er hovudkabelen og dei øvre hengestagsfesta som treng kritisk vedlikehald. Hengestengene er festa til hovudkabelen på Askøybrua med forbindingar som tidlegare ikkje var nytta på hengebruer da brua vart bygd i 1992.

I etterkant er det påvist at denne typen forbindingar er utsett for utmattingsbrot over tid. Om dei øvre hengstagsfesta på Askøybrua ikkje vert skifta ut i nær framtid aukar moglegheiten for utmattingsbrot før eller seinare, og ombygging og utskifting er sterkt tilrådd.

To prosjekt under eitt

Forutan hengestagsfesta er hovudkablane den mest kritiske delen av brukonstruksjonen. Hovudkablane kan ikkje skiftast ut, og treng jamleg overflatevedlikehald.

– No kan vi slå saman desse to naudsynte vedlikehaldsprosjekta, noko som er meir effektivt og gjev mindre kostnadar enn to einskilde prosjekt, seier Askeland.

Askøybrua var Skandinavias lengste hengebru med 1057 meter då den vart bygd, og har eit hovudspenn på 850 meter.

Nærbilde av hengestagsfeste med skruer og boltar av grått metall og ein tjukk metallkabel høgt oppe i lufta i konstruksjonen av Askøybrua. Sjø under og grøn vegetasjon på land på Askøysida.
HENGESTAGSFESTE MÅ BYTTAST: Hovudkabelen og hengestagsfestene er dei mest kritiske delane av konstruksjonen til Askøybrua. No skal dei øvre hengestagsfestene skiftast ut og heile hovudkabelen skal beskyttast med nytt overflatesystem. Foto: Vestland fylkeskommune

Minimale konsekvensar for trafikken

Fylkeskommunen legg no opp til å signere kontrakt for arbeidet i løpet av mars i år slik at  arbeidet kan ta til i mai. Arbeidet vil skje i høgda og ikkje i køyrebana, men nokre arbeidsoperasjonar vil kreve innsnevra vegbane og kortare stengingar på nattestid.

Askøybrua har høg trafikkmengd, i snitt passerer om lag 21 000 køyretøy brua kvar dag, og alle arbeidsoperasjonar vil bli tilpassa trafikken for å gje minst mogleg konsekvensar.