3,5 millionar kroner til lågterskel fysisk aktivitet for barn, unge og eldre

Kommunar, friluftsråd, lag og organisasjonar i heile fylket får støtte.

To vaksne med gul vest og ein unge med raud vest og spiderman-ansiktsmaling ved ei bålpanne.
TILSKOT TIL TURLAG: Bergen og Hordaland turlag er blant dei som får tilskot i denne tildelingsrunden. Dei får til saman 225 000 kr, 125 000 kr til turboklubbane og 100 000 kr til eit prosjekt om inkluderande friluftsliv. (Illustrasjonsfoto: Ingrid Opheim Grønfur)

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering fordelte i møtet 16. oktober 3,5 millionar kroner i tilskotsordninga som skal bidra til meir fysisk aktivitet for barn, unge, unge vaksne og eldre.

– Folkehelse, møteplassar og inkludering er stikkord her. Ved å leggje til rette for fysisk aktivitet med låg terskel for å delta, reduserer vi helseskilnadar mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. Det har stor verdi for individet, lokalsamfunnet og storsamfunnet, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutvalet.

450 000 kr til idrettskretsen

Tilskota er på mellom 50 000 kr og 200 000 kr. Utstyrslageret Frilager Bergen og omegn får den største enkeltløyvinga, 200 000 kr til eit prosjekt for lokal og lettvint tilgang på tur- og aktivitetsutstyr på deling.

Vestland idrettskrets får støtte til fleire prosjekt:

  • 100 000 kr til Aktiv ferie
  • 150 000 kr til Når barn utfordrar på trening
  • 100 000 kr til Inkluderingsfond
  • 100 000 kr til Idrettsglede for alle

Idrettskretsen er døme på ein regional organisasjon som søkjer tilskot på vegner av lokallaga sine og kan fordele støtta vidare til aktivitet i lokale idrettslag.

Mange kommunar får støtte

Hovudutvalet vedtok nye retningsliner for denne tilskotsordninga i juni i år, som opna for at også kommunar kan søkje tilskot. Gruppa det kan søkjast støtte til vart også utvida frå barn og unge til å også gjelde unge vaksne og eldre.

– Kunnskap og erfaring frå tidlegare år synte at vi ved å gjere desse endringane kunne nå fleire viktige målgrupper i fylket, og det trur eg vi gjer i denne tildelingsrunden, seier Nødseth.

Fleire av kommunane i fylket får dermed støtte til større og mindre prosjekt, med stor variasjon innan dei ulike prioriterte områda. Blant anna får Årdal kommune 50 000 kr til å markere Friluftslivets år 2025, som er eit prioritert område i 2024 og 2025. Fedje kommune får 100 000 kr til aktivitetstilbod langs tur/trimløype, og Austrheim får 50 000 kr til prosjektet Aktiv kvar dag, heile livet.

Fleire kommunar får også støtte til ulike inkluderings- og meistringstiltak.

Desse får tilskot

Her er oversikta over alle som får tilskot:

  • 4H Hordaland: Friluftslivets år 2025, Alle brenner bål: 50 000 kr
  • Alver kommune: Born i organisert aktivitet: 50 000 kr
  • Askøy kommune: Trygg voksen ved vann: 50 000 kr
  • Askøy kommune, Origo - livsmestring, psykisk helse og rus: Sjø- og friluftsgruppe for personer med psykisk helse eller rusutfordringer: 50 000 kr
  • Austrheim kommune: Aktiv kvar dag, heile livet: 50 000 kr
  • Autismeforeningen i Norge, Hordaland lokallag: Trygg i vann, tilrettelagt aktivitet for barn og unge med funksjonsnedsettelse: 50 000 kr
  • Autismeforeningen i Norge, Hordaland lokallag: Tilrettelagt aktivitet og fri-lek i ulike gymsaler: 50 000 kr
  • Bergen kommune, fysak Bergen: Aktivitetsmentor, Fysak Bergen: 125 000 kr
  • Bergen og Hordaland turlag: Turboklubber i Hordaland: 125 000 kr
  • Bergen og Hordaland turlag: Inkluderande friluftsliv i Bergen og Hordaland Turlag: 100 000 kr
  • Bergen og omegn innebandyklubb: 3vs3 Challenge - Lavterskel innebandy for vaksne: 50 000 kr
  • Bergen og Omland Friluftsråd: Midler til undringsløyper, arrangement og friluftsaktiviteter på Arboretet på Milde: 150 000 kr
  • Ergo og fysioterapiavdelinga i Voss herad: Utvikling av kommunale frisklivs, lærings- og meistringstilbod retta mot tilsette og elevar i grunnskulen: 50 000 kr
  • Fedje kommune: Aktivitetstilbod langs med tur/trimløype: 100 000 kr
  • Fjaler kommune: Transport til symjing: 50 000 kr
  • Fjordane friluftsråd: FLÅ25: Nasjonale arrangement: 100 000 kr
  • Fjordane friluftsråd: Friluftsskule: Hyllestad kommune: 50 000 kr
  • Fjordane friluftsråd (ko): Stikk UT!: 75 000 kr
  • Frilager Bergen og omegn: Lokal tilgang til tur- og aktivitetsutstyr på deling: 200 000 kr
  • Friluftsrådet vest: Kartbrosjyre for Friluftslivets år 2025: 50 000 kr
  • Frisklivssentralen Askøy, Askøy kommune: Aktiv på skole: trivsel og trening for alle: 50 000 kr
  • Gloppen kommune: Aktivitet for alle!: 50 000 kr
  • Hordaland røde kors: Inkludering i fysisk aktivitet: Tilrettelegging for varig og bærekraftig deltakelse i friluftsliv og fysisk aktivitet: 50 000 kr
  • Hordaland skikrets: Tiltak for skiidretten for barn, unge og vaksne i samarbeid med skular og idrettslag: 50 000 kr
  • Idrett Bergen sør: Utrustet: 75 000 kr
  • Idrett Bergen sør: Idrettslek: 75 000 kr
  • Idrett Bergen sør: Team Sterk: 50 000 kr
  • Idrett Bergen sør: Lavterskel Utetrening for alle: 50 000 kr
  • Kinn kommune: Fysisk aktivitet i skule og fritid som helse og trivselstiltak: 50 000 kr
  • Samnanger kommune: Tur for alle: 50 000 kr
  • Sogn friluftsråd, kommunalt oppgåvefellesskap: StikkUT! Sogn 2025: 75 000 kr
  • Sogn og Fjordane skikrins: Skiaktivitet i skulen: 50 000 kr
  • Sogndal kommune: Sterk og stødig for minoritetsspråklege: 50 000 kr
  • Springbrett for ungdom: Springbrett til idrett: 75 000 kr
  • Stad kommune: Fysisk aktivitet for born og ung i Stad: 100 000 kr
  • Stryn kommune: Aktive barn og pensjonister: 100 000 kr
  • Sunnfjord kommune: Friluft for alle: 100 000 kr
  • Sveio kommune: Alle fysisk aktive kvar dag: 100 000 kr
  • Vestland brytekrets: Positiv aktivitet i regionen: 50 000 kr
  • Vestland idrettskrets: Aktiv ferie: 100 000 kr
  • Vestland idrettskrets: Når barn utfordrar på trening: 150 000 kr
  • Vestland idrettskrets: Inkluderingsfond: 100 000 kr
  • Vestland idrettskrets: Idrettsglede for alle: 100 000 kr
  • Voss frivilligsentral: Aktivitetsprogram for godt vaksne 2025, 2026 og 2027: 50 000 kr
  • Voss herad: Gryto aktivitetsklubb: 75 000 kr
  • Voss herad: Kvardagstrim på Voss: 50 000 kr
  • Årdal kommune: Friluftslivets år 2025 - Friluftsliv for alle! - Årdal kommune: 50 000 kr