258 millionar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
Årets spelemidlar er fordelte til kommunar, lag og organisasjonar i fylket.
– Spelemidlane er avgjerande for å få bygd gode både små og store anlegg, som kjem innbyggjarane i fylket til gode. Her snakkar vi store idrettsanlegg som symjehallar og idrettshallar, men også dei viktige nærmiljøanlegga. Det kan vere ballbingar, sykkelløyper og diskgolfanlegg, mindre anlegg som er svært viktige for blant anna fysisk aktivitet, integrering og folkehelse, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Hovudutvalet fordelte spelemidlane i møtet 28. mai. Spelemidlane er del av overskotet til Norsk Tipping og går til både ordinære anlegg og nærmiljøanlegg, altså anlegg som legg til rette for eigenorganisert aktivitet nær der folk bur.
Størst får mest til ordinære anlegg
Vestland fylkeskommune fekk i år 238 699 000 kr i spelemidlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Medrekna nesten 13 millionar i renter og 6,7 millionar i inndregne midlar frå i fjor, vert den samla spelemiddelpotten i Vestland i år 258 millionar kroner.
Bergen kommune får den største enkeltløyvinga, med 22 millionar kroner til basseng ved Ortun skole. Det er også løyvd 7,9 millionar kroner til opplæringsbasseng ved same skule. Bergen kommune får til saman 68 millionar kroner til ordinære anlegg i år.
Kvinnherad kommune får 9,6 millionar kroner til handballhall, og Øygarden kommune får 10,8 millionar til Spildahallen ved Spildepollen idrettsanlegg og skule.
Sunnfjord får mest til nærmiljøanlegg
Når det gjeld løyving til nærmiljøanlegg så er Sunnfjord kommunen som får den samla største løyvinga i år. Kommunen får til saman 3,5 millionar. Av det går 1,8 millionar til den nye folkeparken i Førde, og i tillegg får ulike anlegg på både Skei og Vassenden støtte.
Kommunen som får nest mest er Kvam, som får til saman 3 millionar kroner. Det går blant anna til ballbingar, aktivitetsområde og parkouranlegg.
Ventetida går ned
Den samla søknadssummen til årets spelemiddeltildeling i Vestland var 721 973 000 kroner. Med 258 millionar til fordeling, er ventetida framleis lang. Men ho går ned. Gjennomsnittleg ventetid var 4,63 år i 2019, og i 2024 er ventetida nede på 3,03 år.
– Dei fleste søkjarane må framleis bu seg på å vente før dei får spelemiddeltildeling, men utviklinga er positiv. Fylkeskommunen jobbar kontinuerleg med å få auka løyvingar frå departementet, og jobbar også grundig med andre tiltak å få ned ventetida. Dette arbeidet skal vi halde fram med, for målet er alltid fleire gode anlegg i Vestland – så raskt som mogleg, seier Nødseth.