1,8 millionar til fond som skal hjelpe framtidas gründerar
Alle oppstartsbedrifter er avhengige av tre grunnsteinar: ein god ide, flinke folk og pengar til å betale utviklinga.
Fylkeskommunen løyvde 1,8 millionar kroner til Tidligfasekapital Vestland Mngmt AS i møtet 1. oktober. Pengane skal gå til å utvikle eit tidlegfasefond, eit finansielt verktøy som skal støtte oppstartsbedrifter med tidleg kapital, når risikoen er høgast og behovet for finansiering er størst.
– Fondet vil vere ein katalysator for innovasjon og verdiskaping, og vil hjelpe oppstartsbedrifter i heile Vestland med å utvikle berekraftige forretningsmodellar. Slik skal vi vere med og skape nye arbeidsplassar for framtida, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Det er planlagt å føre vidare støtta til utvikling av fondet over fleire år. Fondet skal etter planen investere i sektorar som hav, helse, klima og teknologi.
Kva er eit tidlegfasefond?
Bedrifter i oppstartsfasen treng økonomisk støtte for å utvikle idear, bygge prototypar og etablere produkt eller tenester før dei kan byrja å tene pengar. Tradisjonelle investorar vegrar seg ofte for å investere i denne fasen på grunn av den høge risikoen.
– Vestland fylkeskommune ønskjer initiativet til eit tidlegfasefond velkommen. Slik støtta er avgjerande for gründerar som ofte står i ein kritisk fase der risikoen er stor, men moglegheitene for vekst er endå større. Gründerar som får støtte frå tidlegfasefond overlever oftare og skaper fleire arbeidsplassar, noko som er avgjerande for regional vekst, seier Askeland.
Fondet skal bidra til at gründerane får meir enn berre kapital. Dei vil også få tilgang til nettverk og kunnskap som er nødvendige for å lykkast i det lokale næringsmiljøet. Det betyr at investorar, gjennom å delta i fondet, kan bidra med rådgiving og styreplass, noko som styrkjer utviklinga til oppstartsselskapa og gir dei betre føresetnader for å lykkast.
Private investorar må på bana
Målet er å samle 40 millionar kroner gjennom både private og offentlege investorar, der fylkeskommunen altså løyver 1,8 millionar kroner til utvikling av fondet.
Den vidare utviklinga er avhengig av at private investorar også kjem på bana. Dette kan vere det som gjer forskjellen mellom at ein god idé blir realisert lokalt eller forsvinn til andre større nasjonale eller internasjonale marknader.