17,5 mill til ny berekraftig verdiskaping

– Vi skal vere det leiande verdiskapingsfylket i landet på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Det seier leiar av hovudutval for næring, Oddmund Klakegg. Utvalet har løyvt 17,5 millionar kroner til 20 nye utviklingsprosjekt i Vestland.

Mange havvindturbinar til sjøs.
HAVVIND: Eit nytt prosjekt for havvind i Vestland har fått 1,35 millionar kroner i støtte. Illustrasjonsfoto: Shutterstock

I vår lyste fylkeskommunen ut ordninga «Tilskot til berekraftig verdiskaping 2024». Totalt kom det inn 71 søknader. Fem søknader vart avviste på formelt grunnlag, mens 66 søknader vart vurderte. Dei har ei samla søknadssum på 58,5 millionar kroner.

Nye idear

– Denne tilskotsordninga skal få fram nye idear, skape synergi og nye løysingar for berekraftig verdiskaping i fylket. Vi har lagt vekt på vedtekne kriterium ved tildeling av midlar. Alle 20 som får tildeling, oppfyller desse svært godt. Men avgrensa økonomisk ramme gjer at nokre svært gode prosjekt diverre ikkje får pengar, understrekar Klakegg.

Kommunar, næringsaktørar, kunnskapsmiljø og andre utviklingsaktørar i Vestland kan søke på ordninga. Bedrifter må ha ein samarbeidspartnar for å søkje.

Menneske i stort rom rundt bord.
– Vi fekk svært mange gode søknader. Med denne tilskotsordninga skal vi få fram nye idear, skape synergi og nye løysingar for berekraftig verdiskaping i fylket, seier leiar av hovudutval for næring, Oddmund Klakegg (t.h.).

Fire satsingsområde

– Vi har prioritert tildeling av midlar innan fire satsingsområde: Grøn næringsutvikling, areal til næringsutvikling, innovative og inkluderande samfunn, og kompetanseutvikling i arbeidslivet. Prosjekta som har fått pengar bidreg til å nå måla for minst ei av desse fire satsingane, seier Klakegg.

Netto nullutslepp er målet for satsing innan grøn næringsutvikling.

– Her har vi spesielt sett etter prosjekt som handlar om sirkulærøkonomi, energi, auka eksport frå fastlandsnæringar og heilårsarbeidsplassar i reiselivsnæringane, seier Klakegg.

Nok tilgang til næringsareal

Rett areal, til rett føremål, til rett tid er mål for satsinga innan areal til næringsutvikling.

– Her har vi sett på prosjekt som spesielt skal bidra til at Vestland har tilgang på nok eigna næringsareal som er basert på berekraftig bruk av naturressursar. Vi etterspør her samarbeid for å utvikle smartare og meir berekraftig bruk av areal i ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Det kan gjelde både på land og i sjø, seier utvalsleiaren.

Verdiskaping og grøne arbeidsplassar i heile fylket er målet for satsinga innan innovative og inkluderande samfunn.

– Her har vi opna for prosjekt knytt til berekraftige bu- og arbeidsmarknadsregionar med like moglegheiter til å delta i verdiskaping. Vi har spesielt sett på prosjekt som kan styrke kommunane sitt arbeid med verdiskaping og sysselsetting, og prosjekt som kan bidra til å inkludere fleire i arbeidslivet, seier Klakegg.

Kompetanseheving

Fleire arbeidstakarar med rett kompetanse er målet for satsinga innan kompetanseutvikling i arbeidslivet.

– Her har vi satsa på prosjekt som bidreg til utvikling av kompetansehevings- og utdanningstilbod etterspurt av arbeidslivet, mobilisering til auka bruk av slike tilbod, og ulike strategiske samarbeid knytt til rekruttering av rett arbeidskraft, seier utvalsleiaren.

Dei 17,5 millionar kronene går til desse 20 prosjekta:

  • TEKNOJENTER - Tverrsektorielt samarbeidsprosjekt for auka rekruttering av jenter til teknologifag, Vestlandsforsking – 626 500 kroner
  • HavbruksHorisont - vidareutvikling av høgare yrkesfagleg akvakulturutdanning, Fagskulen Vestland – 915 625 kroner
  • Regional reiselivsstrategi for Hardanger, Visit Hardangerfjord AS – 450 000 kroner
  • Symbiose Fjordane - Blått avfall, grøn ressurs, Hub for Ocean – 1 800 000 kroner
  • Økt regional verdiskapning fra forskning – Vestlandets Innovasjonsselskap AS – 1 000 000 kroner
  • Internship Sunnhordland, Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS – 387 400 kroner
  • Sirkulære verdikjeder for skip, Maritime CleanTech – 1 602 500 kroner
  • Bruk av overskuddsressurs fra industri for proteinproduksjon i en sirkulær industriell symbiose, Hardanger Hydrogen Hub – 475 000 kroner
  • Helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i Sogn og Fjordane, Sunnfjord Utvikling og Campus, Vie-prosjektet – 1 500 000 kroner
  • Karrierekatapult, Utdanning i Bergen ved Høgskulen på Vestlandet – 500 000 kroner
  • Kompetansesenter for teknologi og sirkulærindustri, Høyanger næringsutvikling as – 500 000 kroner
  • Erfaringsbasert masterprogram i fornybar energi, Universitetet i Bergen (UiB) – 1 800 000 kroner
  • Forprosjekt til Vestlandsk dataspillutviklernettverk, Norsk nettverk for dataspillbedrifter – NONEDA – 500 000 kroner
  • SAMvind - Samhandling for arealutvikling og markedsmuligheter for havvind i Vestland, GCE Ocean Technology SA – 1 350 000 kroner
  • Invest in Indre Vestland, Årdal Utvikling – 1 500 000 kroner
  • Hindrer salt sirkulære verdikjeder i havbruk?, The Seafood Innovation Cluster – 1 080 000 kroner
  • Rein kraftproduksjon på Bømlo - kunnskapsgrunnlag for tematisk revisjon av kommuneplanen sin arealdel, Bømlo kommune – 268 400 kroner
  • Trainee-program for medieteknologer, Medieklyngen AS – 300 000 kroner
  • Innovativ energiplan for Sunnfjord næringspark - ein ny vestlandsmodell for berekraft ved deling, Sunnfjord kommune – 500 000 kroner
  • PyroLYSE utsikter – etablering av verdikjedesamarbeid for biokolproduksjon på Kaupanger, SIMAS IKS – 479 500 kroner

Sterkare krav

– I år har vi stilt sterkare krav til samarbeidspartnarane i prosjekta om å delta aktivt i gjennomføringa av prosjekta og bidra med finansiering. Vi har krav om at minst 50 prosent av finansieringa i prosjekta kjem frå andre kjelder enn fylkeskommunen, anten i form av eigen innsats, eigne midlar eller midlar frå andre, understrekar Klakegg.

Mange gode søknader

–  Vi fekk svært mange gode søknader, og vi er opptekne av korleis vi brukar pengar og at dei kjem næringslivet i fylket til gode. På neste møte, i november, ønskjer vi å vurdere om det er ytterlegare midlar tilgjengeleg for å utvide den økonomiske ramma for tildelingar til prosjekt i denne saka, seier utvalsleiar Oddmund Klakegg.

Forslag om dette vart fremja av Hege Lothe, SV.