– Idrettsstipendet var avgjerande for OL-deltaking

Det seier Ole Martin Halvorsen, skyttar frå Øygarden og ein av dei som fekk utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune i fjor. Søknadsfrist for årets stipend er 1. oktober.

Skyttar som ligg på skytebane.
SKYTTAR: Ole Martin Halvorsen frå Øygarden deltok i OL i Paris i sommar, og seier utviklingsstipendet han fekk i fjor var avgjerande for satsinga fram mot OL. Bildet er frå eit tidlegare høve. (Foto: Privat)

Halvorsen var ein av ni unge utøvarar som fekk utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune i fjor. Stipendet brukte han til utstyr og samlingar, heilt konkret ei samling for å toppe formen til OL, ammunisjon og ny skytedress.  

– Skyting er ein idrett der ein avhengig av stipend for at det skal vere mogleg. Dette året har alt av økonomisk støtte hatt stor verdi for meg, og hadde ikkje eg fått stipend som dette, kunne eg ikkje delteke i OL, seier skyttaren.  

I tillegg til OL-deltakinga, har Halvorsen i år også teke sin første world cup-siger. 

Ti stipend på 40 000 kr kvar 

– Slike tilbakemeldingar gir jo «idrettsnerdar» som meg litt frysningar på ryggen, seier Rune Åland, seniorrådgjevar for idrett og friluftsliv i Vestland fylkeskommune.  

No oppmodar han unge idrettsutøvarar frå heile fylket om å merke seg fristen 1. oktober og søkje stipend. Fylkeskommunen deler ut ti utviklingsstipend på 40 000 kr kvar, der eitt av stipenda er øyremerka til parautøvarar.  

– Stipendet skal både bidra til vidareutvikling og stimulere til at utøvarane får høve til å satse vidare på idretten sin. Slik håpar vi fylkeskommunen kan vere med og hjelpe fram unge utøvarar, seier Åland.  

Får hjelp av Olympiatoppen 

Fylkeskommunen får fagleg bistand frå Olympiatoppen Vest i vurderinga av søknadane. I tildelinga legg fylkeskommunen vekt på blant anna prestasjonar, potensial og vidare planar.  

Utviklingsstipendet er for utøvarar mellom 16 og 25 år, medan utøvarar innan paraidrett kan søkje fram til dei er 35 år. Stipendet blir delt ut på ei tilstelling i Vestlandshuset i Bergen i desember.