Eit lite stykke Noreg i Wales
Det er klart norske elevar i utlandet også skal feire nasjonaldagen vår.
Elevar som tar eit skuleår i Cardiff i Wales fekk vere med då Welsh Norwegian Society arrangerte 17. mai-feiring i den norske sjømannskyrkjas kunst og kultursenter. I ekte norsk ånd feira dei med 17. mai-tog, norske flagg, bunadar, vaflar, kransekake og talar.
Leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse, Åsmund Berthelsen, tok med seg bunaden og reiste til den walisiske hovudstaden for å feire dagen saman med elevane og andre nordmenn i Wales.
I år er det ekstra kjekt å feire dagen i Cardiff. Elevar frå Åsane vidaregåande skule har laga utstillinga «Destination Vestland» som presenterer Vestland som det fantastiske reisemålet det er. Utstillinga viser fram alt Vestland har å by på av vakker natur, spennande aktivitetar og kulturarven vår.
Alle elevar på vg1 studiespesialisering kan søkje om utveksling til vår samarbeidsskule i Cardiff på vg2. Elevane bur hos ein vertsfamilie eller på internat gjennom eit heilt skuleår. Vestland fylkeskommune tilbyr utveksling i Frankrike, Tyskland, USA og Wales. Les meir om tilbodet her.