Vil auke beredskap og sjølvforsyning
Vestland fylkeskommune vil ha auka beredskap og vere mest mogeleg sjølvforsynt med mat det er ressursgrunnlag for å produsere.

Det går fram i eit innspel til jordbruksforhandlingane som fylkesutvalet vedtok 9. februar. Matsikkerheit i Noreg er sterkt avhengig av matproduksjon i andre land.
– Både klimaendringane og situasjonen elles i verda, mellom anna med krig i Europa, påverkar den globale matsikkerheita. Verda er no i ein situasjon der det samla sett er produsert mindre mat enn det er behov for. Norsk landbruk og norsk matproduksjon vert endå viktigare både i eit beredskapsperspektiv og for å lukkast med ei berekraftig utvikling, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Minst 50 prosent sjølvforsynte
Fylkesutvalet meiner at vi framover må ta større ansvar for vår eiga matsikkerheit gjennom å nytte og utvikle dei ressursane vi har for matproduksjon og auke vår eiga sjølvforsyning.
– For Vestland betyr det å legge til rette for ein framleis variert bruksstruktur med grovfôrbasert husdyrhald og frukt og bær som dei største produksjonane. Sjølvforsyningsgraden bør vere på minst 50 prosent gjennom eit landbruk som er berekraftig, både økonomisk, sosialt og når det gjeld klima og miljø, seier Askeland.
Mjølkeproduksjon er ryggrada
Innan 2034 er det krav om at gardsbruk med storfe skal ha lausdriftsfjøs. Utfordringa for mjølkeproduksjonen i Vestland, er at kyr framleis står på bås i om lag 70 prosent av mjølkefjøsa.
– For Vestland er mjølkeproduksjon ryggrada i landbruket. Vi må styrke økonomien i mjølkeproduksjonen og jobbe målretta med å ivareta mindre og mellomstore gardsbruk. Inntektsgapet mellom bonden og andre grupper må tettast i løpet av få år for at vi skal nå måla om auka sjølvforsyning og beredskap, seier Askeland.
Jordbruksforhandlingane er årlege forhandlingar mellom Staten og organisasjonane i landbruket, Norges Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag.
Vil du vite meir om Vestland fylkeskommune sitt innspel? Då kan du følge denne lenka og lese saksdokumenta under sak PS 20/2023. Merk at det blei gjort endringar i saksframlegget i den politiske behandlinga. Innspelet som blei endelege vedtatt, blir først klart når protokollen frå møtet blir lagt ut.