Vestland fylkeskommune har ikkje lenger motsegn til Bybanen over Bryggen

Fylkeskommunen konkluderer med at reguleringsplanen for Bybanen mellom Bergen sentrum og Åsane no kan aksepterast.

Bryggen i Bergen
BRYGGEN: Vestland fylkeskommune legg vekk motsegna til Bybanen over Bryggen etter at Bergen kommune har lagt fram eit revidert planforslag. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Avgjerda kjem etter at Bergen kommune la fram eit revidert planforslag rett før påska 2023. 

– Vi meiner at uvissa og konsekvensane for både nasjonale og internasjonale kulturminneverdiar er reduserte så langt det er råd, og vurderer dei no som akseptable, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal. 

Det betyr at Bergen kommune kan godkjenne det reviderte planforslaget og gå vidare med planane om bybanetrasé gjennom mellomalderbyen og over Bryggen. Riksantikvaren har også vurdert det reviderte forslaget, og kome til at det ikkje lenger er grunnlag for motsegn.

Svarer motsegnspunkta tilfredsstillande ut

Fylkestinget vedtok 14. desember 2022 ei fråsegn til forslaget til reguleringsplan for Bybanen til Åsane. Det vart blant anna reist motsegn for å hindre konflikt mellom byggeprosjektet og verdsarven og mellomalderbyen Bergen. Fylkestinget vedtok at store konsekvensar av visuell og funksjonell art måtte reduserast, og risikobildet for grunnforhold, arkeologi og bygningar måtte greiast ut og handterast. 

– Vestland fylkeskommune vurderer det slik at det reviderte planforslaget frå kommunen svarer desse motsegnspunkta tilfredsstillande ut. Det er ikkje lenger grunnlag for motsegn. For Vestland fylkeskommune er Bybanen eit svært viktig kollektivtilbod og eit tiltak for berekraftig byutvikling, seier fylkesdirektøren.

Nasjonal og internasjonal verdi

Fylkeskommunen har vurdert saka om bybane over Bryggen i lys av kulturminnelova og Unesco-konvensjonen om verdsarv. Det har vore sentralt å vurdere konsekvensane som er peika på i verdsarvutgreiinga KUVA og å følgje opp innspela frå Unesco si rådgjevande synfaringa.

Mellomalderbyen Bergen og verdsarvstaden Bryggen er kulturmiljø av stor nasjonal- og internasjonal verdi. Bryggen i Bergen er ein av i alt åtte norske stadar på verdsarvlista til UNESCO. Kultur- og naturområda på lista reknast som umisselege for menneskeheita.