Ungdomar satsar på naturbruk
– Det vil bli fint å bli noko innan naturbruk, seier tre elevar på Natland skole i Bergen. Dei går i niande klasse og deltok på den store utdanningsmessa i Grieghallen denne veka.
Den årlege utdanningsmessa i Bergen hadde 100 stands og 8000 besøkande. Vestland fylkeskommune markerte seg sterkt på messa med eigen stand om naturbruk.
– Vi er interessert i naturbruk. Det er viktig med grøn omstilling og å ta vare på naturen. Men det er vanskeleg å vite kva du skal bli, seier Kristina Kvåle, Emilia Garvarhaugen og Synne Boga, alle elevar i 9. klasse ved Natland skole. Heile 9. klassetrinnet på 130 elevar var på utdanningsmessa. Om eitt år skal dei søke plass i den vidaregåande skulen.
Nest best
Vestland fylkeskommune var ein av mange som stod bak standen om naturbruk. Harald Otterstad i fylkeskommunen jobbar med natur og landbruk.
– Standen vår har vore kjempepopulær. Vi har hatt enormt besøk og trøkk heile tida, langt over det vi hadde rekna med. Og så var det veldig kjekt at vi vart kåra til den nest beste standen på messa av alle hundre, seier Otterstad.
«Dreamteam»
Standen om naturbruk var eit godt samarbeid mellom fylkeskommunen, Felleskjøpet, Vestland bondelag, statsforvaltaren og dei fire skulane som har naturbruk, Mo og Øyrane vgs som snart blir Førde vgs, Voss vgs, Stend vgs og Sogn jord- og hagebruksskule.
– Vi har samarbeidd godt. Vi er eit «dreamteam». Men det er vanskeleg å seie kva effekt arrangementet vårt får. Vi har trua på at elevar er klar over utdanningsvala innan naturbruk og at interesserte søker. Det fine er at dei både kan få studiekompetanse etter tre år på naturbruk, men dei kan også gå ut i lære. Dei må ikkje bli bonde. Det finst mange ulike type jobbar for dei, seier Otterstad.
Mange yrke
Aktuelle jobbar er assistent på dyreklinikk, medarbeidar i dyrebutikk, førar av tenestehundar, dyrepassar i dyrepark, fagarbeidar i forskning på dyr, turleiar og kajakkinstruktør, fagarbeidar i travnæring, rideverksemder og hesteturisme, anleggsgartnar, biolog, zoolog og veterinær med meir.
Skape blest om arbeidsplassane
Salssjef Kjell Arne Gjerde i Felleskjøpet var med på standen.
– Vi er her for å få litt blest om arbeidsplassane i jordbruket. Vi har 40 lærlingar i dag og skal ta inn 50 nye lærlingar i år. Lærlingar hos blir landbruksmekanikarar. Dei skrur for det meste på traktorar. Dei er svært ettertrakta. Det får ei meir allsidig utdanning enn andre mekanikarar. Dei er ettertrakta både innan bil og lastebil og får lett jobb overalt. Vi har også lærlingar i delefaget, seier Gjerde.
Smoothie miksa på trimsykkel
Marianne Skudal ved Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland deltok på standen.
– Vi er ein økologisk skule og har 50 elevar. Vi har tatt med økologiske smaksprøver som grønkålchips og smoothie som blir miksa på ein trimsykkel av banan, bær og eple. Skulen tilbyr vg2 innan landbruk- og gartnarnæring og vg3 som er utdanning til agronom. Vi har også fagskule i handverksysting. Den er nystarta og den første her i landet, seier Skudal.
Scorar høgt på trivsel
Mo og Øyrane vgs har 75 elevar på naturbruk vg1, vg2 og vg3, men har hatt litt nedgang i søkinga.
– Vi har hatt kampanje for å få fleire søkarar og har hatt elevar på besøk hos oss. Elevane våre trivst godt. Vi scorar høgt på trivsel i elevundersøkinga. Mange gjev oss høgaste score, seier Ingjerd Høgseth Vetti, som er avdelingsleiar ved skulen.
Frå Vestland bondelag deltok Birgitte Bjaanes.
– Eg var med på å sette i gang dette arrangementet. Dette er første gongen vi har ein slik stand. Det er viktig å få fram dei grøne næringane. Landbruket har ikkje vore synleg på dei tidlegare utdanningsmessene, seier Bjaanes.
Givande plass å vere
Stend vidaregåande skule, den tidlegare jordbruksskulen, markerte seg på standen.
– Stend er ein veldig kjekk skule. Det er utruleg mange flinke der og ein givande plass å vere. Vi vil tilrå andre å søke, seier dei to elevane Julie Kristine Aarvik og Samuel Dalland, begge elevar vg2. Aarvik vil studere vidare til veterinær, mens Dalland vil bli noko innan friluftsliv.
Ny fjøs med solcellar
Frå den private vidaregåande skulen, Framnes i Norheimsund, deltok også mange elevar som var interessert i naturbruk. Torbjørn Haugland er frå Uskedalen i Kvinnherad.
– Eg er oppvaksen på bondegard. Vi har 40 mjølkekyr og utvidar stadig. Vi har bygt ny fjøs med solcellar på taket. Eg skal truleg ikkje overta garden fordi eg har eldre sysken. Men eg kjem til å jobbe som bonde. Vi treng mykje folk i yrket, seier Haugland.