To bibliotek i Vestland er nominerte til prisen Årets bibliotek

Skulebiblioteket ved Årstad vidaregåande skule i Bergen og Samnanger folkebibliotek er to av fem nominerte til Årets bibliotek 2023.

Elevar samla i skulebibliotek.
ÅRSTAD: Skulebiblioteket ved Årstad vidaregåande skule i Bergen er ein av fem kandidatar til å bli Årets bibliotek 2023 i den nasjonale kåringa i regi av Norsk Bibliotekforening. (Foto: Årstad vgs.)

Det er Norsk Bibliotekforening som står bak den årlege kåringa, og prisvinnaren blir offentleggjort på eit arrangement på Deichman Grünerløkka i Oslo 11. januar. 

Einaste skulebibliotek 

– At biblioteket på Årstad er nominert som einaste skulebibliotek er veldig kjekt. Skulen har bygd opp eit svært godt skulebibliotek. Dei tilsette gjer biblioteket til ein god plass å vere og set i gang spanande aktivitetar og formidlingsprosjekt. Arbeidet dei gjer er til stor inspirasjon for oss andre. Årstad er gode på samarbeid utanfor eigen skule òg, til dømes var dei aktive i samarbeidet om forfattarturneen vi har hatt i haust, seier Astrid Holmefjord, som er spesialbibliotekar ved Kvam vgs. og koordinator for skulebiblioteka i fylket.  

Vestland fylkeskommune har 43 skular, som er inndelte i fire område. I alle områda er ein av skulebibliotekarane frikjøpt i 10 prosent stilling til blant anna arbeid med bibliotekfagleg støtte, oppfølging av nytilsette og samarbeid på tvers av skulane. I tillegg har koordinator 40 prosent stilling.  

Biblioteka blir lagt merke til  

I tillegg til skulebiblioteket på Årstad vgs. er altså også Samnanger folkebibliotek blant dei fem nominerte.  

– Det er ei ære å vere kandidat til Årets bibliotek, og stor stas at eit folkebibliotek i Vestland er blant dei nominerte. Dei tilsette på folkebiblioteka gjer ein super innsats med både formidlings- og utviklingsarbeid, med søkjelys på gode tenester til innbyggjarar i alle aldrar. Vi i Vestland fylkeskommune er stolte over begge nominasjonane i vårt fylke, seier Elin Golten, leiar for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.  

Fylkeskommunen har tett kontakt og samarbeid med folkebiblioteka i alle kommunane i fylket for å vidareutvikle bibliotektenestene. Fylkeskommunen rettleier kommunane, og bidrar med infrastruktur og kompetanseheving av dei tilsette på biblioteka.  

Har samarbeidd om forfattarturné

Skulebiblioteka på dei offentlege, vidaregåande skulane i Vestland samarbeider tett. Dette har det siste året blant anna resultert i ein forfattarturné, etter at dei fekk 288 000 kr frå Kulturrådet. Fem forfattarar har turnert på mange av dei vidaregåande skulane. 

Forfattar Brynjulf Jung Tjønn framfor skjerm der det står tittel på boka hans "Kvit, norsk mann".
FORFATTARTURNÉ: Brynjulf Jung Tjønn frå Feios i Sogn har vore på turné på fleire skulebibliotek i Vestland i haust. Der har han blant anna snakka om den kritikarroste diktsamlinga "Kvit, norsk mann". (Foto: Vestland fylkeskommune)

– Vi hadde lyst å skape gode opplevingar for elevane og meir samarbeid mellom skulane. Skulane vart utfordra til å laga opplegg og dele med andre skular. Når ein skule gjorde avtale med ein forfattar, kunne fleire skular melde seg på, slik at det vart turnear. Vi tenkte og planla saman, og er godt nøgde med turneane vi har gjennomført. Det håpar vi elevane er òg, seier Holmefjord.  

Biletbøker, berekraft, friminutt og teikneseriar 

Prosjektet hadde søkjelys på fire tema: 

  • biletbøker og formidling for barne- og ungdomsarbeidarfag 
  • berekraft i ungdomslitteraturen 
  • analogt friminutt, opplev ein forfattar 
  • teikneseriar og teikneserieverkstad 

Forfattarane som har vore på turné er Vegard Markhus, John S. Jamtli, Anders Totland, Eira Einarsdatter Søyseth og Brynjulf Jung Tjønn. Sistnemnde held fram turneen sin i 2024. 

Du kan lese meir om kåringa av Årets bibliotek på nettsidene til Norsk Bibliotekforening.