Tek over drifta på fylkesvegane i Nordfjord
Vestland fylkeskommune er vegeigar, men fram til no har Statens vegvesen drifta vegane. Det blir det endring på no.
Frå Vassenden i Sunnfjord til ytst på Stadlandet testar fylkeskommunen no ut konseptet byggherrestyrt driftskontrakt. Det er heilt nytt for Vestland fylkeskommune, og inneber at fylkeskommunen sjølv tek ansvar for drift av fylkesvegnettet, framfor ein hovudentreprenør. Det fører til at 28 mindre driftskontraktar blir tildelte fleire entreprenørar. Fylkeskommunen tek ansvar for å skaffe arbeidskraft og følgjer opp arbeidet.
Målet er å få betre oversikt over vegnettet og kontrollere korleis midlane kan nyttast best mogleg. Slik vil fylkeskommunen få eit betre grunnlag for budsjettsøknadar innan tilleggsbehov.
Styrkjer samarbeid
– No er vi klare til å ta utfordringa i eigne hender. Med dette får vi større fridom til å styre ressursane, noko som gjer at vi kan fordele midlane der det er størst behov for dei, seier Jon Roger Falkevik Nygård, byggjeleiar for den nye nordfjordkontrakten i avdeling infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
I tillegg til betre utnytting av midlane dei har til rådigheit, er også samarbeid eit stikkord.
– Vi ynskjer å styrke samarbeidet med kommunane og å auke deltaking frå små og mellomstore entreprenørar, i tillegg til dei større. Etter kvart håpar vi å finne gode løysingar vi kan nytte i dei framtidige driftskontraktane våre, seier Nygård
Har tilsett eigne vegvaktarar
Det nye konseptet inneber blant anna at fylkeskommunen har tilsett eigne vegvaktarar, som skal inspisere og overvake fylkesvegnettet, i tillegg til å varsle og retta opp avvik. Tidlegare har rolla som vegvaktar vore utført av entreprenør.
Rune Sverre Sande, einingsleiar i avdeling for infrastruktur og veg er både svært positiv og takksam for å ha dei med på laget framover.
– Trass i at vegvaktarrolla er ny for Vestland fylkeskommune, så viser dei nytilsette vegvaktarane våre stort engasjement og høg kvalitet i arbeidet dei utfører på vegnettet, seier Sande
I tillegg skal dyktige entreprenørar hjelpe med drift av kontraktar innan vinter, grønt og reinhald.
Miljøbevisst framtid
Berekraftsmåla til FN er sentrale i ein byggherrestyrt driftskontrakt og ligg til grunn for alt Vestland fylkeskommune gjer. Det skal innførast miljøbevisste tiltak som vil hjelpe å ta vare på miljøet. Det handlar om å redusere klimagassutslepp gjennom krav til køyretøy, brøytestikker i anna materiale enn plast, redusere saltforbruk og å bruke kortast moglege transportetappar til sand- og saltlager. I tillegg er det ein del av konseptet å vere open for alternative løysingar med omsyn til miljø.
– Dette er berre nokre av tiltaka vi vil introdusere med omsyn til miljøet, og vi jobbar stadig med å finne nye berekraftige løysingar til fordel for ei grønare framtid, avsluttar Jon Roger Falkevik Nygård.